Hopp til innhald

Knut Olav Daasvatn: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Oppdatert med bokutgjeving 2020
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Oppdatert etter diktbok nr. 2
 
Line 3: Line 3:
Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.
Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.

Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. [[23. mars 2014]] hadde dei poesikonsert i [[Hornnes kyrkje]], i Knut Olav si heimbygd. I 2020 kom han ut med nokre av dikta sine i [[Alle sorger, alle gleder – dikt]].
Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. [[23. mars 2014]] hadde dei poesikonsert i [[Hornnes kyrkje]], i Knut Olav si heimbygd. I 2020 kom han ut med nokre av dikta sine i [[Alle sorger, alle gleder – dikt]]. I april 2022 kom diktbok nr. 2, [[Hòlene ved Montignac]].  

Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I [[Jol i Setesdal 2011|2011]] og [[Jol i Setesdal 2012|2012]] hadde han fleire dikt i [[Jol i Setesdal]].

Siste versjonen frå 26. april 2022 kl. 08:38

Knut Olav Daasvatn
Knut Olav 2012.
Født: 6. november 1969 (56 år)

Knut Olav Daasvatn (fødd 6. november 1969) er seniorkonsulent ved Molekylærbiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han er utdanna biokjemikar. Han vaks opp i Hornnes, og er son til Arne Daasvatn og Gerd Herborg Mæsel Daasvatn.

Sidan 1998 har han hatt ulike administrative stillingar ved Universitetet. Før han gjekk over i administrativt arbeid, dreiv han med forsking. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar.

Knut Olav hadde lenge hatt skrivetrong. I godt vaksen alder, i 2007, skreiv han sitt første dikt. Frå 2009 har han vore fast bidragsytar til tidsskriftet Kraftverk, som Bergen kommune gjev ut. Han er med i Kammerpoetane, eit ensamble av poetar og musikarar, som nokre gonger i året møtast for å halde konsert med eigen musikk og eigen poesi. 23. mars 2014 hadde dei poesikonsert i Hornnes kyrkje, i Knut Olav si heimbygd. I 2020 kom han ut med nokre av dikta sine i Alle sorger, alle gleder – dikt. I april 2022 kom diktbok nr. 2, Hòlene ved Montignac.

Knut Olav har også nytta Dagbladet sitt Diktkammer som verkstad og møtestad med andre poetar. I april 2012 og mai 2013 var han «Månadens diktar» i Dagbladet. I 2011 og 2012 hadde han fleire dikt i Jol i Setesdal.

Ved sida av diktskrivinga er Knut Olav ein habil gitarspelar, og han bygger sine eigne gitarar.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker