Hopp til innhald

Vikstølvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. mai 2020 kl. 23:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Vikstølvegen forbi Prestøygardsvatnet.

Vikstølvegen er ein om lag 2,4 kilometer lang privat grusveg frå Suva ved Prestøygardsvatnet forbi Storøygardsvatnet inn til garden Vikstøl ved Vikstølvatnet nord-aust i Evje og Hornnes kommune.

Vegen stod ferdig i 1937. Ei stund tenkte ein seg at vegen kanskje kunne bli ein gjennomgangsveg om Håtveit inn på Arendalsvegen. Men desse planane blei det aldri noko meir av.

På 1970-talet blei vegen nedklassifisert frå kommunal til privat veg då det ikkje lenger var fast busetnad på Vikstøl-garden. Vegen er likevel mykje i bruk, då det er mange fritidsbustader i området rundt Prestøygardsvatn og Storøygardvatn.

Kjelder