{"id":9975409,"date":"2010-11-14T22:11:43","date_gmt":"2010-11-14T22:11:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/11\/reiarsfossen-med-lys-9975409\/"},"modified":"2010-11-14T22:11:43","modified_gmt":"2010-11-14T22:11:43","slug":"reiarsfossen-med-lys-9975409","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reiarsfossen-med-lys-9975409\/","title":{"rendered":"Rei\u00e5rsfossen med lys"},"content":{"rendered":"<p>Sist sundag stoppa eg p\u00e5 Rei\u00e5rsfossen kro og hadde middag der. Eg hadde k\u00f8yrt Reidun p\u00e5 bussen, ho har vore b\u00e5ngj\u00f8le i Nittedal denne veka og kjem ikkje heim att f\u00f8r tirsdag.<\/p>\n<p>Middagen var god, s\u00e6rleg vil eg framheve f\u00e5rik\u00e5l som ein rett ein kunne forsyne seg av mange gonger. Desserten var heller ikkje \u00e5 forakte, eg kom meg ikkje over heile fj\u00f8la p\u00e5 dessertbordet i vindauga, det heldt med tilsl\u00f8rte bondepiker og moltekrem for min del. Eg skj\u00f8nar godt Knut William Bygland som meinte han m\u00e5tte teste kvaliteten p\u00e5 desserten og difor tok seg minst ein ekstra runde, eg trur det var moltekremen som m\u00e5tte testast nokre gonger.<\/p>\n<p>Etter middag og dessert var det r\u00e5d \u00e5 g\u00e5 inn i salongen og f\u00e5 kake og kaffe. Vi s\u00e5g bilete fr\u00e5 salongen i Setesd\u00f8len d\u00e5 dei hadde reportasje fr\u00e5 Rei\u00e5rsfossen kro. Den dagen eg var der, stod TV p\u00e5, s\u00e5 kunne ein f\u00e5 med seg litt derifr\u00e5 f\u00f8r ein tok siste etappe.<\/p>\n<p>Denne sundagen var eg for sein til \u00e5 stoppe p\u00e5 Rei\u00e5rsfossen. Eg var til og med for sein til \u00e5 f\u00e5 middag p\u00e5 Pernille, men kinarestauranten p\u00e5 Evje har ope til klokka 21, s\u00e5 der kunne eg f\u00e5 meg middag, og n\u00e5r eg g\u00e5r p\u00e5 kinarestaurant, landar eg som oftast p\u00e5 svinekj\u00f8t i surs\u00f8t saus. Denne gongen var det innbaka, men ikkje mindre velsmakande. Menyen der er blitt sv\u00e6rt norsk, dei kinesiske rettane har bare norske namn, truleg har dei funne ut at salet g\u00e5r best d\u00e5, men Kina-preget p\u00e5 menyen er borte.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det bare \u00e5 ta siste delen av turen. D\u00e5 eg kom oppover mot Rei\u00e5rsfossen, la eg merke til lyskjegla som stod fr\u00e5 kroa og over mot fossen. Det glitra litt i drysset som kom ned. Eg m\u00e5tte stoppe p\u00e5 rasteplassen og sj\u00e5 ein gong til, eg skrudde av radioen, rulla ned vinduet og h\u00f8yrde fosseduren i det gr\u00e5kvite lyset fr\u00e5 vatnet som dundrar ned fjellsida. D\u00e5 eg sette billysa p\u00e5 parkering og kupelysa var av, var det eit flott syn, sj\u00f8lv utan \u00e5 g\u00e5 ut av bilen.<\/p>\n<p>I byen har dei starta litt med lys som vi helst vil forbinde med jola. Det er tidleg, synest eg. D\u00e5 heller den lysande Rei\u00e5rsfossen i novembernatta.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sist sundag stoppa eg p\u00e5 Rei\u00e5rsfossen kro og hadde middag der. Eg hadde k\u00f8yrt Reidun p\u00e5 bussen, ho har vore b\u00e5ngj\u00f8le i Nittedal denne veka og kjem ikkje heim att f\u00f8r tirsdag. Middagen var god, s\u00e6rleg vil eg framheve f\u00e5rik\u00e5l som ein rett ein kunne forsyne seg av mange gonger. Desserten var heller ikkje \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/reiarsfossen-med-lys-9975409\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rei\u00e5rsfossen med lys<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9975409","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9975409"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9975409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9975409\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9975409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9975409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9975409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}