{"id":9970054,"date":"2010-11-13T23:57:13","date_gmt":"2010-11-13T23:57:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/11\/gps-9970054\/"},"modified":"2010-11-13T23:57:13","modified_gmt":"2010-11-13T23:57:13","slug":"gps-9970054","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gps-9970054\/","title":{"rendered":"GPS og litt til"},"content":{"rendered":"<p>Onsdagskvelden hadde Valle Radio konkurranse fr\u00e5 Valle jakt- og fiskelag, som arrangerte GPS-kurs i kommunestyresalen. D\u00e5 det var ferdig, opplevde eg noko som ikkje skjer s\u00e5 ofte: min kollega \u00d8ystein kom innom p\u00e5 skulen der eg sat. Dermed fekk eg ikkje med meg Opi sending med Jorunn og K\u00e5re.<\/p>\n<p>\u00c5 kunne bruke GPS n\u00e5r ein g\u00e5r i heia, det var temaet for kurset. Deltakarane hadde veldig ulikt niv\u00e5, og d\u00e5 er det nok ikkje s\u00e5 lett \u00e5 vere l\u00e6rar, fekk eg h\u00f8yre. \u00d8ystein likar godt \u00e5 g\u00e5 i heia, i haust har han leita etter sauer heilt til sn\u00f8en la seg. Hans forteljing om siste turen, der han skulle f\u00e5 heim nokre sauer som tilh\u00f8yrte ein bonde p\u00e5 J\u00e6ren, er b\u00e5de spennande og kosteleg. N\u00e5r han fortel om korleis den eine sauen etter kvart skj\u00f8na at han kunne f\u00e5 kraftfor fr\u00e5 b\u00f8tta om han fylgde, d\u00e5 h\u00f8ver ikkje uttrykket &#8220;dum som ein sau&#8221; s\u00e6rleg godt.<\/p>\n<p>Medan eg skriv om dette, kling songen <em>Langt inn p\u00e5 ville heii<\/em> i hugen. Vi har brukt den fleire gonger, og det er klart at hyrdingen hadde hatt god bruk for GPS n\u00e5r skodda la seg og ein ikkje fann noko kjent, sj\u00f8lv i omr\u00e5de der ein har g\u00e5tt eit langt liv.<em> \u00c5 vaddre <\/em>seier dei i Valle om dette fenomenet.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv nyttar eg bare GPS i bilen, og det er godt \u00e5 ha, sj\u00f8lv om \u00e5 ha kona som kartlesar og NAF si veibok er vel s\u00e5 interessant, for d\u00e5 f\u00e5r eg h\u00f8yre stikkord om stadene vi passerer. Og hittil har vi funne vegen, men GPS er god \u00e5 ha om ein skal til ein bestemt adresse. Computeren i bilen har ei rekke andre funksjonar og, mellom anna syner den bensinforbruket n\u00e5r eg speedar opp. Eg trur k\u00f8yrestilen har blitt litt endra etter at eg tok til \u00e5 fylgje med p\u00e5 den m\u00e5linga, det er jo betre \u00e5 kj\u00f8re med ein halv liter p\u00e5 mila enn med 2,5 liters forbruk.<\/p>\n<p>Fredag hadde eg med meg elevar til Evje. Dei skulle vidare til Tvedestrand og m\u00f8te karenske vener. Dagen i dag var jo ein merkedag for folk i Burma d\u00e5 den demokratisk valde leiaren Aung San Suu Kyi slapp ut fr\u00e5 husarresten. I 15 av dei siste 20 \u00e5ra, sidan ho vann valet i 1990, har ho sete i husarrest eller fengsel medan ein junta har styrt landet. Dei som har flykta, skulle gjerne hatt henne i posisjonen dei valde henne til. Ogs\u00e5 karenarane som bur i Valle ville gjerne hatt henne til \u00e5 stake ut kursen for heimlandet i \u00e5ra som kjem. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdagskvelden hadde Valle Radio konkurranse fr\u00e5 Valle jakt- og fiskelag, som arrangerte GPS-kurs i kommunestyresalen. D\u00e5 det var ferdig, opplevde eg noko som ikkje skjer s\u00e5 ofte: min kollega \u00d8ystein kom innom p\u00e5 skulen der eg sat. Dermed fekk eg ikkje med meg Opi sending med Jorunn og K\u00e5re. \u00c5 kunne bruke GPS n\u00e5r ein &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gps-9970054\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">GPS og litt til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-9970054","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9970054"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9970054"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9970054\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9970054"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9970054"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9970054"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}