{"id":9902646,"date":"2010-11-03T21:32:39","date_gmt":"2010-11-03T21:32:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/11\/sprekleik-og-politikk-pensjonistar-og-pensjon-9902646\/"},"modified":"2010-11-03T21:32:39","modified_gmt":"2010-11-03T21:32:39","slug":"sprekleik-og-politikk-pensjonistar-og-pensjon-9902646","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sprekleik-og-politikk-pensjonistar-og-pensjon-9902646\/","title":{"rendered":"Sprekleik og politikk, pensjonistar og pensjon"},"content":{"rendered":"<p>Den aktuelle timen i kveld hadde overskrifter som dei du ser i overskrifta. F\u00f8rst var det Tarald Myrum som fortalde om Sprekleiken, som vart arrangert siste laurdagen i oktober, 30. oktober. Kjendistrekkplasteret i \u00e5r var sjukjemparen Ida Marcussen, som deltok b\u00e5de i klassen for menn og kvinner, men som m\u00e5tte sj\u00e5 seg sl\u00e5tt av nokre menn. Ho skreiv autografar like smilande. Vinnaren Henry Viki var h\u00f8gt oppe etter \u00e5 ha sl\u00e5tt ut alle andre.<\/p>\n<p>Vi snakka litt om omlegginga, og Tarald trudde nok dei kom til \u00e5 satse p\u00e5 \u00e5 ha arrangementet inne. D\u00e5 kan dei ikkje kaste stokkar, men andre \u00f8vingar kan tilpassast, og sj\u00f8lv h\u00f8yballar kan ein rulle inne. I tillegg til \u00e5 krype under eit gjerde og balansere, m\u00e5tte dei b\u00e6re fire sekker \u00f8verst opp p\u00e5 tribunen. Han fortalde og om andre \u00f8vingar som eg ikkje hugsar i detalj, men alt i alt var det publikumsvennleg \u00e5 kunne gjennomf\u00f8re det inne og det kom 150 publikummarar i tillegg til dei 25 til 30 deltakarane.<\/p>\n<p>Etter han var det Toralf Andersen som kom i studio. Han fortalde fr\u00e5 m\u00f8tet i Valle Ap m\u00e5ndag 1. november, der dei oppnemnde programkomite og nominasjonskomite. 1. mars skal arbeidet vere ferdig. Styret skulle vere programkomite, og han gav oss ogs\u00e5 namna p\u00e5 nominasjonskomiteen. Eg noterte dei ikkje opp, s\u00e5 eg f\u00e5r kome tilbake til namna seinare, men eg merka meg at nyinnvald medlem Steinar Kyrvestad ikkje var med i desse gruppene.<\/p>\n<p>Tredje tema var Pensjonistforbundet sitt manifest. Gro Lande, som har vore skulesjef i Valle for ein del \u00e5r sidan, og som sidan var skulesjef i Tokke, har no vore leiar i Aust-Agder Pensjonistforbund i fire \u00e5r. Ho er blitt synleg i media og er aktiv ogs\u00e5 i sentralstyret i Pensjonistforbundet. I sendinga gjekk ho gjennom Manifestet. Eitt av dei punkta eg merka meg handla om \u00e5 ha oversikt over kor mange sjukeheimsplassar det er i kommunane. Det finst ikkje noko sentral oversikt over dette, ho meinte dette m\u00e5tte kome p\u00e5 plass snarast.<\/p>\n<p>Endeleg var Erling Sagneskar innom for \u00e5 snakke om m\u00f8tet i Valle Sparebank torsdag klokka 18, der ein skal informere om pensjon og sparing med tanke p\u00e5 pensjonsreforma. M\u00f8tet er alts\u00e5 mindre for pensjonistar enn for folk som skal verte pensjonistar, og det kan sikkert vere lurt \u00e5 melde seg p\u00e5 ogs\u00e5 for unge folk, for dei har ein lang periode \u00e5 spare p\u00e5. Det skulle vere servering, difor m\u00e5tte folk melde seg p\u00e5, og sj\u00f8lv om fristen var i dag, ville ein nok kunne bli med om ein sa ifr\u00e5 tidleg torsdag.<\/p>\n<p>Med det tona timen ut og det var tid for Tankar fr\u00e5 Bibelen ved Terje Seilskj\u00e6r, som kom \u00e5leine, ettersom Bj\u00f8rgulv T. Berg plutseleg hadde f\u00e5tt eit anna oppdrag. Dermed fekk eg vere med han i studio og snakke om \u00e5 sj\u00e5 og \u00e5 bli sett, med utgangspunkt i forteljinga om den mannen som var blind fr\u00e5 f\u00f8dselen av og som vart l\u00e6kt av Jesus.<\/p>\n<p>Du kan sj\u00e5 kveldens programoverskrifter p\u00e5 http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101103<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Den aktuelle timen i kveld hadde overskrifter som dei du ser i overskrifta. F\u00f8rst var det Tarald Myrum som fortalde om Sprekleiken, som vart arrangert siste laurdagen i oktober, 30. oktober. Kjendistrekkplasteret i \u00e5r var sjukjemparen Ida Marcussen, som deltok b\u00e5de i klassen for menn og kvinner, men som m\u00e5tte sj\u00e5 seg sl\u00e5tt av nokre &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sprekleik-og-politikk-pensjonistar-og-pensjon-9902646\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sprekleik og politikk, pensjonistar og pensjon<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9902646","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9902646"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9902646"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9902646\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9902646"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9902646"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9902646"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}