{"id":9859093,"date":"2010-10-30T22:17:00","date_gmt":"2010-10-30T22:17:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/10\/sangglede-9859093\/"},"modified":"2010-10-30T22:17:00","modified_gmt":"2010-10-30T22:17:00","slug":"sangglede-9859093","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sangglede-9859093\/","title":{"rendered":"Sangglede"},"content":{"rendered":"<p>Gjennom \u00e5ra eg har vore l\u00e6rer i vaksenoppl\u00e6ringa har vi ofte pr\u00f8vd \u00e5 bruke sang som hjelpemiddel for \u00e5 l\u00e6re norsk. Av og til har vi dikta sangar sj\u00f8lv, men etter at dei burmesiske flyktningane kom til Valle, har det blitt mindre av det, for dei syng p\u00e5 evangeliske melodiar som om klasseromet skulle vere Menighetshuset. Det er bare \u00e5 finne fram songboka og kopiere opp gamle evangeliske sangar omsette fr\u00e5 engelsk, melodiane er minst like godt kjende mellom baptistar i Burma som mellom nordmenn i Norge.<\/p>\n<p>Dei seinare \u00e5ra har engelske evangeliske sangar f\u00e5tt stor utbreiing i Norge. Mange av dei har f\u00e5tt plass i salmeb\u00f8kene og har vel og fortrengt tyske og danske salmer.<\/p>\n<p>Ein slik sang er My Jesus, I love Thee, I know Thou art mine; Ein dag kom \u00d8ystein p\u00e5 skulen og nynna p\u00e5 den melodien, han hadde h\u00f8yrt den p\u00e5 ein DVD med Gaither Vocal Band og d\u00e5 han kom p\u00e5 skulen, pr\u00f8vde han \u00e5 finne dei akkordane som var brukte der, Snart nynna nokre av elevane med, og d\u00e5 kom sp\u00f8rsm\u00e5let til meg: Kva heiter den p\u00e5 norsk?<\/p>\n<p>Her er teksten p\u00e5 engelsk, henta fr\u00e5 http:\/\/www.cyberhymnal.org\/htm\/m\/j\/mjesusil.htm<\/p>\n<p>My Jesus, I love Thee, I know Thou art mine;<br \/>\nFor Thee all the follies of sin I resign.<br \/>\nMy gracious Redeemer, my Savior art Thou;<br \/>\nIf ever I loved Thee, my Jesus, \u0092tis now.<\/p>\n<p>I love Thee because Thou has first loved me,<br \/>\nAnd purchased my pardon on Calvary\u0092s tree.<br \/>\nI love Thee for wearing the thorns on Thy brow;<br \/>\nIf ever I loved Thee, my Jesus, \u0092tis now.<\/p>\n<p>I\u0092ll love Thee in life, I will love Thee in death,<br \/>\nAnd praise Thee as long as Thou lendest me breath;<br \/>\nAnd say when the death dew lies cold on my brow,<br \/>\nIf ever I loved Thee, my Jesus, \u0092tis now.<\/p>\n<p>In mansions of glory and endless delight,<br \/>\nI\u0092ll ever adore Thee in heaven so bright;<br \/>\nI\u0092ll sing with the glittering crown on my brow;<br \/>\nIf ever I loved Thee, my Jesus, \u0092tis now.<\/p>\n<p>Eg hadde h\u00f8yrt den, men det er ikkje alltid like lett \u00e5 kome p\u00e5 tittelen p\u00e5 ein sang om du h\u00f8yrer melodien. Eg song p\u00e5 den litt fram og tilbake og meinte den stod i Melodiboken, men dei eg pr\u00f8vde p\u00e5, var det ikkje, s\u00e5 eg gav opp og tok ein telefon til mor.<\/p>\n<p>-Det er ein gamal sang, sa ho, men eg held p\u00e5 \u00e5 steike pannekaker, s\u00e5 eg har ikkje tid til \u00e5 \u00e5 snakke med deg. Men eg skal nynne p\u00e5 den og om eg finn ut noko, s\u00e5 skal eg ringje tilbake.<\/p>\n<p>Dermed m\u00e5tte eg ta ein ny telefon, denne gongen til svogeren min. Han likar \u00e5 sitje ved pianoet og d\u00e5 kjem det ofte salmer og sangar fr\u00e5 tangentane. -Eg har h\u00f8yrt den, men kjem ikkje p\u00e5 kva han heiter. Du skal heller ringe til Jorunn, ho er ein kl\u00f8ppar p\u00e5 slikt. Ho hadde eit m\u00f8te tidlegare i dag, men eg trur ho er ferdig med det, s\u00e5 du kan finne henne p\u00e5 kontoret hennar.<\/p>\n<p>Dermed vart det ein telefon til organisten i Lyngdal. Ho trong bare ei kort strofe, s\u00e5 sa ho: -Det er Eg elskar deg Jesus. D\u00e5 var det r\u00e5d \u00e5 finne salma som Trygve Bjerkrheim omsette fr\u00e5 engelsk. Her er den norske teksten:<\/p>\n<p>Eg elskar deg, Jesus, eg veit du er min,<br \/>\nfor di skuld eg flyr fr\u00e5 den d\u00e5rande synd.<br \/>\nMin dyre forsonar, min frelsarmann god<br \/>\nhar kj\u00e6r du meg vore, meir kj\u00e6r er du no<\/p>\n<p>Ja, deg vil eg elska i liv og d\u00f8d,<br \/>\nn\u00e5r morgonen gryr, og i solfallets gl\u00f8d<br \/>\nog kviskra n\u00e5r d\u00f8ds-doggi isnar mitt blod:<br \/>\nHar kj\u00e6r du meg vore, meir kj\u00e6r er du no<\/p>\n<p>I landet der livet og lovsongen r\u00e5r<br \/>\neg glad skal deg \u00e6ra i \u00e6velivs \u00e5r.<br \/>\nD\u00e5 syng eg i s\u00e6la og paradis-ro:<br \/>\nHar kj\u00e6r du meg vore, meir kj\u00e6r er du no<\/p>\n<p>Fire vers p\u00e5 engelsk er blitt til tre vers p\u00e5 norsk.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gjennom \u00e5ra eg har vore l\u00e6rer i vaksenoppl\u00e6ringa har vi ofte pr\u00f8vd \u00e5 bruke sang som hjelpemiddel for \u00e5 l\u00e6re norsk. Av og til har vi dikta sangar sj\u00f8lv, men etter at dei burmesiske flyktningane kom til Valle, har det blitt mindre av det, for dei syng p\u00e5 evangeliske melodiar som om klasseromet skulle vere &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sangglede-9859093\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sangglede<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9859093","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9859093"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9859093"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9859093\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9859093"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9859093"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9859093"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}