{"id":9689398,"date":"2010-10-19T22:43:29","date_gmt":"2010-10-19T22:43:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/10\/meir-om-straumstansen-9689398\/"},"modified":"2010-10-19T22:43:29","modified_gmt":"2010-10-19T22:43:29","slug":"meir-om-straumstansen-9689398","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-straumstansen-9689398\/","title":{"rendered":"Meir om straumstansen"},"content":{"rendered":"<p>I dag kom forklaringa p\u00e5 straumstansen natt til m\u00e5ndag: Det hadde vore brann i Holen kraftstasjon laurdag morgon, og d\u00e5 dette skulle fiksast, klarte ikkje nettet belastninga som kom d\u00e5 \u00f8vre delen av Setesdal skulle f\u00e5 all straum fr\u00e5 Brokke.<\/p>\n<p>I ei tid d\u00e5 tryggleiken i straumnettet er mykje framme i media, er det underleg \u00e5 lese ei slik forklaring i Setesd\u00f8len. Eg tenkjer p\u00e5 korleis debatten har g\u00e5tt i h\u00f8ve Hardangerkabelen for \u00e5 sikre nettet til Bergen. Sj\u00f8lvsagt vil vi at folk i Bergen skal f\u00e5 straum i kalde tider, men sanneleg vil vi at det skal vere i orden her i bygdene i \u00d8vre Setesdal og.<\/p>\n<p>Eg undra meg og over at det er 3500 husstander i \u00d8vre Setesdal d\u00e5 eg las artikkelen i Setesd\u00f8len. Det er fleire husstander enn det er folk i Bykle og Valle til saman. Og om ein reknar med hyttebyklarane, s\u00e5 var vel dei fleste reiste heim sundagskvelden. Eg m\u00f8tte ikkje mange bilar p\u00e5 veg nedover, s\u00e5 eg tenkte med meg sj\u00f8lv der eg k\u00f8yrde oppover, at folk hadde reist heim tidleg denne sundagskvelden.<\/p>\n<p>I straumproduksjon er b\u00e5de kraftstasjon og straumnettet viktige brikker for at datamaskinar, hushaldningsapparat, varmtvatn, lys og varmpumpe skal fungere n\u00e5r vi treng det. Som regel er det straum n\u00e5r vi treng, og ikkje veit eg korleis dei p\u00e5 Driftsentralen i Brokke klarar \u00e5 f\u00e5 balansere det p\u00e5 best mogleg m\u00e5te. Men eg stolar p\u00e5 at dei klarer det. Men hendinga sundagskvelden f\u00f8rte til at eg tok til \u00e5 tenkje p\u00e5 p\u00e5 om nettet her i utkantane er s\u00e5 sikkert som vi likar \u00e5 tru. Kanskje er det betre inn til byane enn her kor straumen vert produsert. Det er i s\u00e5 fall noko som eg ikkje likar, og det skal truleg ikkje s\u00e5 mange opplevingar av den typen vi hadde natt til m\u00e5ndag f\u00f8r folk tek til \u00e5 tenkje at dei heller vil bu i byane der det er st\u00f8rre tryggleik for at straumen ikkje fell ut og at ein slepp \u00e5 finne stearinlys og lommelykt om natta.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 dukka den formastelege tanken opp, tek eigarane (les kommunane) ut s\u00e5 mykje av fortenesta til Agder Energi og Otra Kraft at dei ikkje har r\u00e5d til \u00e5 forsterke nettet i eigarkommunane i distrikta der kraftproduksjonen skjer? Ein d\u00e5re kan sp\u00f8rje meir enn ti vise kan svare, sa alltid mor. Eg spurde likevel. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag kom forklaringa p\u00e5 straumstansen natt til m\u00e5ndag: Det hadde vore brann i Holen kraftstasjon laurdag morgon, og d\u00e5 dette skulle fiksast, klarte ikkje nettet belastninga som kom d\u00e5 \u00f8vre delen av Setesdal skulle f\u00e5 all straum fr\u00e5 Brokke. I ei tid d\u00e5 tryggleiken i straumnettet er mykje framme i media, er det underleg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-straumstansen-9689398\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om straumstansen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9689398","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9689398"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9689398"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9689398\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9689398"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9689398"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9689398"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}