{"id":965497,"date":"2006-07-17T10:56:00","date_gmt":"2006-07-17T10:56:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/07\/solepyttar_i_sommarland965497\/"},"modified":"2006-07-17T10:56:00","modified_gmt":"2006-07-17T10:56:00","slug":"solepyttar_i_sommarland965497","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/solepyttar_i_sommarland965497\/","title":{"rendered":"S\u00f8lepyttar i sommarland"},"content":{"rendered":"<p>&#8220;Hallvard Brattland, og s\u00f8strene Ingebj\u00f8rg Lie og Sigrid Bakken har et svare strev med \u00e5 f\u00e5 ut b\u00e5ten i det vannfattige Bossvatn.FOTO: ANDERS MARTINSEN&#8221; heiter det i biletteksten til ein artikkel i Aftenposten i dag: http:\/\/www.aftenposten.no\/forbruker\/pengenedine\/strom\/article1389595.ece<br \/>\nIngebj\u00f8rg m\u00e5lber det som mange vanlege folk ikkje forst\u00e5r n\u00e5r ho fortel at dei siste vekene har Bossvatn blitt tappa ned mellom fem og ti meter: -Eg kan ikkje skj\u00f8ne at straumprodusentane driv og tappar vatnet end\u00e5 lenger ned.<\/p>\n<p>Skulen i Bykle har skrive om dammane og reguleringane p\u00e5 ei side som kommunen har lagt ut p\u00e5 nettet: http:\/\/www.bykle.kommune.no\/kultur_fritid\/Damhist.htm<\/p>\n<p>Valle har ikkje opplevd slike reguleringar som Bykle, reguleringane i Bykle er mykje av grunnlaget for at ogs\u00e5 Valle er ein kraftkommune, ettersom kraftstasjonen ligg i Brokke.<\/p>\n<p>Klimaet for kraftutbygging er heilt annleis no enn d\u00e5 dette eventyret starta. Difor burde nok utbyggjaren Statnett h\u00f8yre meir p\u00e5 synspunkta i lokalmilj\u00f8a, til d\u00f8mes n\u00e5r det gjeld linjetras\u00e9. Kampen om kraftlina fr\u00e5 Holen til Sk\u00e5reheia er ikkje ein kamp om regulering av vatn, men ein kamp for \u00e5 f\u00e5 minst mogleg sjenerande linjetras\u00e9. Truleg m\u00e5 nok kraftselskapa sj\u00e5 i augo at meir og meir av ledningsnettet b\u00f8r leggjast i kablar i jorda i staden for i lange linjestrekk i lufta. Dermed treng dei h\u00f8gare straumprisar enn dei f\u00e5r i dag, der straumprisen alt er rekordh\u00f8g. F\u00f8r m\u00e5tte linjekostnader kalkulerast inn i eit prosjekt utan at auka kostnader utan vidare kunne belastast kundene, no er slike ekstra kostnader i nettleie direkte lagde p\u00e5 dei som kj\u00f8per straum.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let om fjellvatna skal vere s\u00f8lepyttar i sommarsesongen er eit overordna sp\u00f8rsm\u00e5l som eigentleg er for viktig til at den som kan tene store pengar p\u00e5 \u00e5 tappe vatna ned, skal f\u00e5 lov til aleine \u00e5 bestemme dette. Vi burde hatt nasjonale f\u00f8resegner som kunne syte for ei langt h\u00f8gare minstegrense for nedtapping. Estetiske tilh\u00f8ve i naturlandskapet er ikkje utan verdi, kanskje er dei tvert i mot ein viktig grunn til at s\u00e5 mange dreg til fjells p\u00e5 tur i heia om sommaren. \u00d8rkenlandskapet som gjerne kjem fram ved stor nedtapping av regulerte vatn, vil nok dei f\u00e6rraste karakterisere som vakkert.<\/p>\n<p>S\u00e5 f\u00e5r vi heller finne den gyldne middelvegen, som det heitte f\u00f8r i tida. Det vil nok av og til seie at ein ikkje skal selje all kraft det er r\u00e5d \u00e5 produsere, sj\u00f8lv om det finst kj\u00f8parar no n\u00e5r nettet er utbygd og forsterka. Av og til, til d\u00f8mes i sommarsesongen n\u00e5r flest folk brukar fjellheimen, f\u00e5r ein heller samle opp s\u00e5 mykje vatn at ingen tenkjer s\u00f8lepyttbilete i staden for fjellvatnbilete.<\/p>\n<p>16. desember 2003 hadde ein kunstauksjon i Oslo eit fjellvatnbilete fr\u00e5 Bossvatn til sals. Sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/www.gwpa.no\/kataloger\/2003\/31\/juleauksjonen\/45903.html<br \/>\nDette er eit bilete som framleis vekkjer st\u00f8rre atterklang hos folk enn bileta i Aftenposten 17. juli 2006.<\/p>\n<p>Halfdan Sivertsen skriv om &#8220;Sommarfugl i vinterland&#8221; &#8211; dei passar ikkje saman. &#8220;S\u00f8lepyttar i sommarland&#8221; er og malplasserte.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>&#8220;Hallvard Brattland, og s\u00f8strene Ingebj\u00f8rg Lie og Sigrid Bakken har et svare strev med \u00e5 f\u00e5 ut b\u00e5ten i det vannfattige Bossvatn.FOTO: ANDERS MARTINSEN&#8221; heiter det i biletteksten til ein artikkel i Aftenposten i dag: http:\/\/www.aftenposten.no\/forbruker\/pengenedine\/strom\/article1389595.ece Ingebj\u00f8rg m\u00e5lber det som mange vanlege folk ikkje forst\u00e5r n\u00e5r ho fortel at dei siste vekene har Bossvatn blitt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/solepyttar_i_sommarland965497\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">S\u00f8lepyttar i sommarland<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-965497","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/965497"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=965497"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/965497\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=965497"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=965497"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=965497"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}