{"id":9540529,"date":"2010-10-06T19:52:26","date_gmt":"2010-10-06T19:52:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/10\/onsdagskveld-i-haustferie-9540529\/"},"modified":"2010-10-06T19:52:26","modified_gmt":"2010-10-06T19:52:26","slug":"onsdagskveld-i-haustferie-9540529","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/onsdagskveld-i-haustferie-9540529\/","title":{"rendered":"Onsdagskveld i haustferie"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde sendinga. All musikken denne kvelden handla om haust og regn, og emna han tok opp var heller ikkje utan tilknytning til emnet. I ein samtale han hadde med \u00d8yvind Johnsen fekk han vite mykje om veret. Johnsen kunne fortelje at det kom 20 mm nedb\u00f8r p\u00e5 Hovden. Til samanlikning kom det 115 mm p\u00e5 Eik i Rogaland. 1 mm regn p\u00e5 eit m\u00e5l gjev 1000 liter vatn kunne han ogs\u00e5 fortelje. Han fortalde ogs\u00e5 at n\u00e5r vi s\u00e5g skyer h\u00f8gt p\u00e5 himmelen i Norge, kunne dei ha samband med eit nedb\u00f8romr\u00e5de over Storbritannia.<\/p>\n<p>Ein stor del av den aktuelle timen gjekk med til ein samtale med Eirik Brunvatne, som studerer ved Universitetet for Milj\u00f8 og Biovitenskap, det som f\u00f8r heitte Norges Landbruksh\u00f8gskole. Dei snakka om vindkraft og andre nye former elektrisk kraft, som solcellepanel, b\u00f8lgekraft og sm\u00e5kraft. Fleire elektriske apparat i husa gjer at ein brukar mykje meir straum enn f\u00f8r. Ronny fekk og nemne at han arbeider p\u00e5 Vestas, som produserer vindm\u00f8ller. Modellverkstaden p\u00e5 Rysstad arbeider modellar til st\u00f8yping av ei vindm\u00f8lle med 112 meter diameter p\u00e5 vengene. Han fortalde og at Vestas sponsar drakter til Valle IL for neste sesong.<\/p>\n<p>I Kommunen informerer var det Caroline Rysstad som kom fr\u00e5 Valle Barnehage. Ho hadde ikkje s\u00e5 mykje nytt fr\u00e5 barnehagen, men hadde samla inn mange opplysningar om andre aktivitetar i kommunen. Du kan lese om dei p\u00e5 setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101006<\/p>\n<p>Eg fekk ikkje med meg fyrste delen av Ronnys time med gjester, for eg fekk ein telefon fr\u00e5 eit meiningsm\u00e5lingsbyr\u00e5 som skulle vite mangt og mykje om det eg meinte og visste. Dei spurde mellom anna om eg hadde h\u00f8yrt radioreklame for 1881 og andre merkevarer, men eg m\u00e5tte svare nei p\u00e5 alt, einaste reklamen eg h\u00f8yrer p\u00e5 radio er den som eg f\u00e5r fr\u00e5 Valle Radio, men den var ikkje med i unders\u00f8kinga.<\/p>\n<p>Eg kom inn i sendinga d\u00e5 Ronny snakka med Tarald Myrum. Han fortalde om aktivitetar i Valle IL. Deretter var det Jorunn Lund Harstad og K\u00e5re Rike som hadde open sending. D\u00e5 kom eg til og med gjennom og svarte p\u00e5 ein rebus. Eg avsluttar bloggen f\u00f8r eg veit om eg vinn noko.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde sendinga. All musikken denne kvelden handla om haust og regn, og emna han tok opp var heller ikkje utan tilknytning til emnet. I ein samtale han hadde med \u00d8yvind Johnsen fekk han vite mykje om veret. Johnsen kunne fortelje at det kom 20 mm nedb\u00f8r p\u00e5 Hovden. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/onsdagskveld-i-haustferie-9540529\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Onsdagskveld i haustferie<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9540529","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9540529"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9540529"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9540529\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9540529"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9540529"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9540529"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}