{"id":9457138,"date":"2010-09-24T21:32:03","date_gmt":"2010-09-24T21:32:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/09\/meir-om-jakta-pa-helge-haugsgjerd-9457138\/"},"modified":"2010-09-24T21:32:03","modified_gmt":"2010-09-24T21:32:03","slug":"meir-om-jakta-pa-helge-haugsgjerd-9457138","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-jakta-pa-helge-haugsgjerd-9457138\/","title":{"rendered":"Meir om jakta p\u00e5 Helge Haugsgjerd"},"content":{"rendered":"<p>Anne Haugsgjerd, som eg snakka med i telefonen tysdagskvelden i Valle Radio, kom til Valle torsdag ettermiddag. Like etter klokka fire fekk eg ein telefon fr\u00e5 henne, d\u00e5 var ho p\u00e5 biblioteket, s\u00e5 eg tok turen dit og trefte henne. Ho hadde med seg ei anna dame som hjelpte henne som sekret\u00e6r med \u00e5 samle tr\u00e5dar ho eventuelt kunne fange opp, og det gjekk ikkje lenge f\u00f8r vi var i god prat.<\/p>\n<p>Ho hadde nok trudd at etterlysinga i Setesd\u00f8len og i Valle Radio ikkje ville gje s\u00e6rleg mykje og vart difor noks\u00e5 overraska d\u00e5 eg kunne fortelje at eg hadde informasjon b\u00e5de om huset der ho vart f\u00f8dd og om folk som hugsa Helge og Bianka Haugsgjerd. Eg hadde nytta onsdagen til \u00e5 ta ein telefon til Kjetil Rike, og han hugsa dei, men fortalde at &#8220;Sigrid okkos&#8221; nok hugsa dei betre. S\u00e5 eg tok ein telefon til Sigrid Rysstad og, dermed var det nok \u00e5 n\u00f8ste i. Men ho meinte at Birgit Rike Lund, syster hennar i Farsund, visste meir, for b\u00e5de ho og Signe Lund hadde vore p\u00e5 bes\u00f8k hos den unge kona fleire gonger.<\/p>\n<p>Dette fortalde eg til Anne Haugsgjerd, og sekret\u00e6ren noterte ivrig. Deretter tok eg ein telefon til Sigrid att, ho hadde f\u00e5tt blod p\u00e5 tann og snakka med mange om dette. -Det er noko interessant, sa ho, s\u00e5 d\u00e5 eg spurde om dei to damene kunne kome opp til henne og vise henne nokre bilete, var det ikkje nei i hennar munn.<\/p>\n<p>Men f\u00f8r vi drog opp der, var vi ein tur s\u00f8r i bygda og s\u00e5g p\u00e5 huset der ho var f\u00f8dd. Det er det lange huset like nord for Vallarheim, det st\u00e5r tomt i dag, eigaren Liv Viki Rolfsen bur i Ris\u00f8r. Ho overtok eigedomen, som heiter Nistog Viki etter mora i 2003. Ettersom det stod tomt, tok damene ein tur bortom og s\u00e5g seg om. D\u00e5 dei kom tilbake, undra dei seg p\u00e5 om det var nokon som hadde n\u00f8kkel, s\u00e5 dei eventuelt kunne kome inn og filme.<\/p>\n<p>Sigrid Rysstad hadde funne fra Norges Bebyggelse, der kunne dei sj\u00e5 korleis huset s\u00e5g ut d\u00e5 Helge Haugsgjerd og kona leigde husv\u00e6re der. Og d\u00e5 Anne kom fram med albumsider ho hadde med seg med bilete av m\u00e5leri, fann Sigrid bror til bestefaren sin p\u00e5 eit av desse bileta. Det gjorde henne ikkje mindre interessert og engasjert.<\/p>\n<p>Dagen enda med at damene fr\u00e5 Oslo fann seg ein stad \u00e5 bu i Valle til i dag, dei vona at veret ville verte slik at dei kunne filme, men det vart det jo ikkje. Og s\u00e5 ville dei bruke tr\u00e5dar dei fekk fr\u00e5 Sigrid og neste vidare p\u00e5 dei, kanskje ta ein tur p\u00e5 museet og sj\u00e5 om det var gamle bilete der.<\/p>\n<p>Men min kontakt med dei var no over, og eg overlet dei til seg sj\u00f8lve etter \u00e5 ha opplevd at sendinga tysdagskvelden gav st\u00f8rre effekt enn eg hadde tenkt p\u00e5 f\u00f8rehand.<\/p>\n<p>Her er Anne Haugsgjerd p\u00e5 Setesdalswiki:<br \/>\nhttp:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Anne_Haugsgjerd<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Anne Haugsgjerd, som eg snakka med i telefonen tysdagskvelden i Valle Radio, kom til Valle torsdag ettermiddag. Like etter klokka fire fekk eg ein telefon fr\u00e5 henne, d\u00e5 var ho p\u00e5 biblioteket, s\u00e5 eg tok turen dit og trefte henne. Ho hadde med seg ei anna dame som hjelpte henne som sekret\u00e6r med \u00e5 samle &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-jakta-pa-helge-haugsgjerd-9457138\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om jakta p\u00e5 Helge Haugsgjerd<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9457138","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9457138"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9457138"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9457138\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9457138"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9457138"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9457138"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}