{"id":9443635,"date":"2010-09-22T21:14:38","date_gmt":"2010-09-22T21:14:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/09\/variert-kveld-9443635\/"},"modified":"2010-09-22T21:14:38","modified_gmt":"2010-09-22T21:14:38","slug":"variert-kveld-9443635","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-kveld-9443635\/","title":{"rendered":"Variert kveld"},"content":{"rendered":"<p>Kvelden i g\u00e5r i Valle Radio var variert. Det kan du sj\u00e5 p\u00e5 programmet for kvelden. Det ligg her: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Tysdagsprogrammet_21._september_2010 Eg nytta eit k\u00e5seri av Asbj\u00f8rn Kvalbein i starten, no har han f\u00e5tt artikkel p\u00e5 Setesdalswiki, s\u00e5 du kan ta utgangspunkt i lenka eg gav deg og trykke p\u00e5 namnet hans og lese om han der. Nederst p\u00e5 sida om programmet ligg lenke til k\u00e5seriet hans hos Norea Mediemisjon.<\/p>\n<p>Etter at Marianne Synnes Braset hadde hatt andakten Over ein open Bibel, vardet tid for Sangkveld. Spelista ligg p\u00e5 setesdalswiki, der kan du sj\u00e5 at eg hadde eit noko variert program. I dag fekk eg tilbakemelding fr\u00e5 ein lyttar som fortalde at ho var spesielt takksam for <em>Rock of Ages<\/em> og <em>Kom til den hvitmalte kirke<\/em>.<\/p>\n<p>Tilbakemelding er alltid triveleg \u00e5 f\u00e5. Men denne kvelden var det nok mange av lyttarane som pleier \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 sendinga som var i Brokke for \u00e5 vere med p\u00e5 Open dag p\u00e5 Otra Kraft. Men ved dette h\u00f8vet klarte vi \u00e5 f\u00e5 til eit opptak, slik at dei som ikkje var der, likevel kunne f\u00e5 h\u00f8yre det som vart sagt. Takk til Bj\u00f8rgulv T. Berg som tok turen opp for \u00e5 levere opptaket i radioen og dermed gje meg h\u00f8ve til \u00e5 sende det, og til Kjetil Carolis Jore som stod for opptaket direkte gjennom miksebordet for lydanlegget. Ved deira innsats kunne folk som ikkje hadde h\u00f8ve til \u00e5 vere der ogs\u00e5 f\u00e5 ta del i jubileet. Det var verd \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 b\u00e5de kraftverksdirekt\u00f8r Reidar Ove Mork, som har arbeidd der i 36 \u00e5r, og Sigmund Skomedal, som har vore journalist i NRK og rapportert fr\u00e5 utbygginga i ein stor del av dei 50 \u00e5ra som ligg bak. Ein slik gjennomgang syner noko av det som gjer at vi har levelege tilh\u00f8ve i \u00d8vre Setesdal. Det er ikkje lite pengar kraftverket har generert for bygdene her oppe, og pengane er blitt nytta til \u00e5 byggje infrastruktur, s\u00e6rleg i Bykle, meinte Reidar Ove Mork, som sj\u00f8lv bur i Bykle.<\/p>\n<p>Eg er sv\u00e6rt glad for at vi kunne sende dette mens det var ferskt, det var 175 personar der ute p\u00e5 den opne dagen, og dermed veit ein at det var eit emne som mange snakka om i dag. D\u00e5 var det greitt at dei som ikkje hadde h\u00f8ve til \u00e5 ta turen til kraftstasjonen, likevel kunne f\u00e5 oppleve litt av det som skjedde der. Dei m\u00e5tte st\u00e5 over setesdalssuppe og lefse, det kunne ikkje Valle Radio formidle til lyttarane. Men talane, dei fekk dei i alle fall.<\/p>\n<p>Eg var vel n\u00f8gd d\u00e5 eg gjekk heim i g\u00e5r. Resten av programmet f\u00e5r eg skrive om i morgon.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kvelden i g\u00e5r i Valle Radio var variert. Det kan du sj\u00e5 p\u00e5 programmet for kvelden. Det ligg her: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Tysdagsprogrammet_21._september_2010 Eg nytta eit k\u00e5seri av Asbj\u00f8rn Kvalbein i starten, no har han f\u00e5tt artikkel p\u00e5 Setesdalswiki, s\u00e5 du kan ta utgangspunkt i lenka eg gav deg og trykke p\u00e5 namnet hans og lese om han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/variert-kveld-9443635\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Variert kveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9443635","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9443635"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9443635"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9443635\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9443635"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9443635"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9443635"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}