{"id":9306100,"date":"2010-09-03T21:38:44","date_gmt":"2010-09-03T21:38:44","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/09\/ny-veg-og-ikkje-fullt-sa-pjusk-9306100\/"},"modified":"2010-09-03T21:38:44","modified_gmt":"2010-09-03T21:38:44","slug":"ny-veg-og-ikkje-fullt-sa-pjusk-9306100","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ny-veg-og-ikkje-fullt-sa-pjusk-9306100\/","title":{"rendered":"Ny veg og ikkje fullt s\u00e5 pjusk"},"content":{"rendered":"<p>Sanneleg var det ikkje ny veg d\u00e5 eg kom p\u00e5 toppen av bakken s\u00f8r for Granheim i dag. Borte var lysreguleringa som har vore der den siste tida, i staden svinga vi inn p\u00e5 nylagt fast dekke og rullea trygt og greitt forbi Heggland og vegkrysset til Austad kyrkje og ut p\u00e5 den parsellen som var ferdig for ei tid tilbake. Det kunne ein merke monaleg og det gjorde at eg tenkte tilbake p\u00e5 det gr\u00f8ne lyset i bommen p\u00e5 Besteland med glede. Vi f\u00e5r ny veg for pengane.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje om det var utsiktene til \u00e5 kome heim til Reidun sine kj\u00f8tgryter og omsorg eller noko anna som gjorde utslaget, men etter \u00e5 ikkje \u00e5 ha orka \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen i g\u00e5r, men heller ha teke ein tidleg kveld og sove store deler av torsdagskvelden, var stoda mykje betre fredag morgon. S\u00e5 d\u00e5 skulen var slutt, var det bare \u00e5 setje kursen mot s\u00f8r og nyte turen. Enno ikkje heilt god, men mykje mykje betre.<\/p>\n<p>Og no samlar eg p\u00e5 gamle Setesd\u00f8len for \u00e5 sj\u00e5 om eg etter kvart kan skrive inn fleire aviser inn p\u00e5 Setesdalswiki. Det blir nok prioritert ei tid framover, i tillegg til \u00e5 planlegge sending i Valle Radio. Neste veke startar det for hausten.<\/p>\n<p>Eg snakka med \u00d8rnulf i g\u00e5r og han kunne fortelje at det har meldt seg fleire som kan tenke seg \u00e5 vere teknikarar, s\u00e5 der vi hadde mangel i fjor, er det no ein mykje betre situasjon. Sj\u00f8lvsagt m\u00e5 oppl\u00e6ring til, men det kjem etter kvart. Valle Radio er ikkje pjusk, men fullt oppeg\u00e5ande ogs\u00e5 komande sesongen. S\u00e5 f\u00e5r det v\u00e5ge seg at vi ikkje fekk opptak fr\u00e5 den historiske opninga av Setesdal folkeh\u00f8gskule p\u00e5 \u00c5raks\u00f8yne sist sundag, folk var opptekne med gjerem\u00e5l dei hadde planlagd i lang tid og fann ikkje h\u00f8ve til \u00e5 snu p\u00e5 desse. Det m\u00e5 nok ein dugnadsradio leve med. Men det vert godt stoff i Valle Radio i haust likevel. Det skjer ganske mykje som vi kan rapportere fr\u00e5. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sanneleg var det ikkje ny veg d\u00e5 eg kom p\u00e5 toppen av bakken s\u00f8r for Granheim i dag. Borte var lysreguleringa som har vore der den siste tida, i staden svinga vi inn p\u00e5 nylagt fast dekke og rullea trygt og greitt forbi Heggland og vegkrysset til Austad kyrkje og ut p\u00e5 den parsellen som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ny-veg-og-ikkje-fullt-sa-pjusk-9306100\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ny veg og ikkje fullt s\u00e5 pjusk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9306100","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9306100"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9306100"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9306100\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9306100"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9306100"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9306100"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}