{"id":9279945,"date":"2010-08-30T17:34:36","date_gmt":"2010-08-30T17:34:36","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/08\/det-er-so-mange-endringar-i-bygdom-komne-til-9279945\/"},"modified":"2010-08-30T17:34:36","modified_gmt":"2010-08-30T17:34:36","slug":"det-er-so-mange-endringar-i-bygdom-komne-til-9279945","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-er-so-mange-endringar-i-bygdom-komne-til-9279945\/","title":{"rendered":"Det er so mange endringar i bygdom komne til"},"content":{"rendered":"<p>Slik skreiv Ivar Aasen det i songen <em>Dei gamle fjell i syningom<\/em>. Sj\u00f8lv om ein ikkje har vore s\u00e5 lenge borte fr\u00e5 Setesdal, ser ein endringar n\u00e5r ein k\u00f8yrer oppover. Eg som kom fr\u00e5 Mandal i g\u00e5r kveld, legg mest merke til vegen. I sommar er det lagt ein god del asfalt, noko som gjer at turen g\u00e5r lettare. Det startar i Songdalen, der det er kome sykkelsti fr\u00e5 Brenn\u00e5sen til Nodeland, og fr\u00e5 Stokkeland mot Vehustoppen er det lagt eit nytt lag med asfalt, noko som verkeleg trongst.<\/p>\n<p>S\u00e5 kjem ein over p\u00e5 Riksveg 9, og der har det vore mykje arbeid fr\u00e5 Homstean til Skarpengland. Dei er ikkje heilt ferdige enno, men det vert bra med sykkelsti og utbetra veg der og. S\u00e5 kjem ein til Reiersdal, der var det djupe spor, dei er borte etter asfalteringa i sommar. Brua f\u00f8r Evje er endeleg ferdig, det var ein stor jobb, men no er det kome asfalt der og, det er lettare \u00e5 k\u00f8yre no enn f\u00f8r. S\u00e5 har det blitt 50 km ved HydroTexaco p\u00e5 Evje og to fartsdumpar for \u00e5 passe p\u00e5 at vi held oss innanfor. Det er ganske lagleg \u00e5 stoppe der og f\u00e5r fylt opp kaffekoppen no n\u00e5r farten er blitt s\u00e5 liten. Eg s\u00e5g i Setesd\u00f8len at Dreng Homme ville ha undergang fr\u00e5 Langelands Expertbutikk og under vegen, slik at interntrafikken p\u00e5 Evje ikkje trong k\u00f8yre p\u00e5 Riksveg 9. Eg har stor sans for det synspunktet, eg har meint noko av det same i Mandal, der all trafikk, lokaltrafikk s\u00e5 vel som annan trafikk, m\u00e5 gjennom Hollekleiva aust for byen. Det ville vore mykje meir fornuftig \u00e5 ha alternativ for lokaltrafikken.<\/p>\n<p>Nord for Evje har det og blitt asfaltert. S\u00e6rleg gjeld det mellom Lauvdal og Bygland, ja eit stykke forbi Bygland, til og med. S\u00e5 kjem vi til vegarbeidssona mellom Tveit og Granheim. Der er det raudt lys, ein st\u00e5r ganske lenge der og ventar, men den som ventar p\u00e5 noko godt, ventar gjerne. Og godt vert det n\u00e5r den strekninga vert ferdig. Dei har og asfaltert mellom Sandnes og Kveste, der var vegen ganske nedsliten.<\/p>\n<p>I dag skulle eg ein tur til Rysstad, og d\u00e5 vart eg st\u00e5ande ved krysset ved Valle vidareg\u00e5ande skule, for dei malte gul midtstripe fr\u00e5 krysset med Hallandsfossen og nordover. Ganske mange bilar samla seg der i l\u00f8pet av dei minutta det stod p\u00e5. Reidun var med meg, ho hadde ikkje vore p\u00e5 Sylvgarden, s\u00e5 vi gjekk der og fekk oss middag. Ho oppdaga husa bak biblioteket p\u00e5 Rysstad, dei var nye, og fleire andre hus har blitt fiksa og ordna. S\u00e5 det skjer litt i bygdene v\u00e5re.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Slik skreiv Ivar Aasen det i songen Dei gamle fjell i syningom. Sj\u00f8lv om ein ikkje har vore s\u00e5 lenge borte fr\u00e5 Setesdal, ser ein endringar n\u00e5r ein k\u00f8yrer oppover. Eg som kom fr\u00e5 Mandal i g\u00e5r kveld, legg mest merke til vegen. I sommar er det lagt ein god del asfalt, noko som gjer &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-er-so-mange-endringar-i-bygdom-komne-til-9279945\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Det er so mange endringar i bygdom komne til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9279945","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9279945"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9279945"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9279945\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9279945"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9279945"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9279945"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}