{"id":9264792,"date":"2010-08-27T21:44:05","date_gmt":"2010-08-27T21:44:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/08\/om-a-ikkje-strekke-til-og-litt-til-9264792\/"},"modified":"2010-08-27T21:44:05","modified_gmt":"2010-08-27T21:44:05","slug":"om-a-ikkje-strekke-til-og-litt-til-9264792","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-a-ikkje-strekke-til-og-litt-til-9264792\/","title":{"rendered":"Om \u00e5 ikkje strekke til og litt til"},"content":{"rendered":"<p>Ein kan ikkje klare alt \u00e5leine, difor er det godt \u00e5 kunne arbeide i eit fellesskap med andre. Men av og til strekk heller ikkje det til. Eit eksempel p\u00e5 det har me truleg denne helga. Det var eit \u00f8nske at Valle Radio kunne ha folk til stades b\u00e5de p\u00e5 Rock i Brokke laurdag og p\u00e5 opninga av den nye Setesdal folkeh\u00f8gskule sundag. Men det ser ikkje ut til at det var r\u00e5d \u00e5 f\u00e5 folk til \u00e5 stille opp p\u00e5 desse arrangementa. Folk er p\u00e5 farten og hadde for lang tid sidan lagt planar for helga, s\u00e5 det verkar som om ingen av programleiarane kunne f\u00e5 med seg desse arrangementa.<\/p>\n<p>Men no n\u00e6rmar det seg oppstart av sendingane. September er rett rundt svingen, ein kjenner det p\u00e5 temperaturen ogs\u00e5, sj\u00f8lv om det har vore nokre milde dagar. Men det er tid for \u00e5 hauste inn, snart kan ein vel ha temperaturar ned mot 0 grader om nettene.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv tok eg turen til Mandal som vanleg i dag, men eg stoppa p\u00e5 Bygland for \u00e5 ha ein prat med redakt\u00f8ren av Setesd\u00f8len, Sigurd Haugsgjerd. Eg har kome p\u00e5 \u00e5 skrive om stoffet i Setesd\u00f8len p\u00e5 Setesdalswiki, og eg ville gjerne diskutere det med han og h\u00f8yre om han hadde noko mot at eg lagar ei innhaldsliste over stoffet som st\u00e5r i avisa. Du kan sj\u00e5 eit eksempel p\u00e5 det her: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Setesd%C3%B8len_nr._70,_2010<\/p>\n<p>Vi sat og prata om dette og eg fekk gr\u00f8nt lys for \u00e5 pr\u00f8ve litt p\u00e5 noko slikt. Eg strekk nok ikkje til til \u00e5 skrive alt dette aleine, men det er jo eit utgangspunkt. Kan hende kjem det fleire med p\u00e5 laget om ein klarar \u00e5 f\u00e5 til ei slik konkret oppg\u00e5ve \u00e5 skrive om.<\/p>\n<p>Etter ein lang og interessant prat p\u00e5 redakt\u00f8rens kontor, gjekk eg ut for \u00e5 k\u00f8yre vidare. D\u00e5 s\u00e5g eg at d\u00f8ra til b\u00e5tustyrsbutikken.no var open. Eg var saman med Camilla H\u00f8ibraathen p\u00e5 Setesdalskonferansen 2010, og ho melde seg p\u00e5 for \u00e5 skrive p\u00e5 Setesdalswiki like etterp\u00e5, men s\u00e5 kom det ikkje meir. Difor tenkte eg at eg kunne g\u00e5 innom til henne og h\u00f8yre om kva som var problemet. Vi fekk ein triveleg samtale der eg kunne syne henne litt meir om korleis ein wiki verkar, og i kveld har ho skrive b\u00e5de om seg sj\u00f8lv og om butikken sin p\u00e5 setesdalswiki. Du finn ei lenke her som du kan g\u00e5 vidare fr\u00e5 om du vil lese om Camnilla og butikken : http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Camilla_H%C3%B8ibraathen<\/p>\n<p>N\u00e5r fleire jobbar saman, kan dei f\u00e5 til meir enn n\u00e5r ein jobbar \u00e5leine.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein kan ikkje klare alt \u00e5leine, difor er det godt \u00e5 kunne arbeide i eit fellesskap med andre. Men av og til strekk heller ikkje det til. Eit eksempel p\u00e5 det har me truleg denne helga. Det var eit \u00f8nske at Valle Radio kunne ha folk til stades b\u00e5de p\u00e5 Rock i Brokke laurdag og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/om-a-ikkje-strekke-til-og-litt-til-9264792\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Om \u00e5 ikkje strekke til og litt til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9264792","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9264792"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9264792"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9264792\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9264792"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9264792"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9264792"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}