{"id":9248052,"date":"2010-08-25T22:36:38","date_gmt":"2010-08-25T22:36:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/08\/versjuk-9248052\/"},"modified":"2010-08-25T22:36:38","modified_gmt":"2010-08-25T22:36:38","slug":"versjuk-9248052","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/versjuk-9248052\/","title":{"rendered":"V\u00e9rsjuk"},"content":{"rendered":"<p>Nokre vert v\u00e9rsjuke n\u00e5r skodda heng nedover fjellsidene, andre seier: Sj\u00e5 s\u00e5 vakkert. S\u00e5 tek dei fram fotoapparatet og knipsar i veg og f\u00e5r dei finaste og mest dramatiske bilete ein kan \u00f8nske seg.<\/p>\n<p>Eg er ikkje av dei. N\u00e5r det regnar og bl\u00e6s, lengtar eg mot lettare v\u00e9r, livet er trivelegare n\u00e5r det er lyst i v\u00e9ret, sj\u00f8lv om ein ikkje har utearbeid. D\u00e5 er det godt \u00e5 kunne g\u00e5 p\u00e5 yr.no og sj\u00e5 kva slags ver vi skal f\u00e5.<\/p>\n<p>Halfdan Sivertsen har skrive ei vise han kalla V\u00e6rsjuk, og v\u00e9ret i Bod\u00f8 er ikkje til \u00e5 sp\u00f8ke med, s\u00e5 han klagar kraftig:<\/p>\n<p>Og \u00e6 trygle og \u00e6 ber p\u00e5 egne vegne<br \/>\nLegg et v\u00e6romslag rundt ei s\u00e5ra sjel<br \/>\nhttp:\/\/www.lyricsty.com\/lyrics\/h\/halvdan_sivertsen\/#share<\/p>\n<p>Men det er lite i h\u00f8ve til den situasjonen det har vore i Pakistan den siste m\u00e5naden. Vi har sett glimt i nyhetssendingane p\u00e5 TV, det har vore innslag som har synt noko av fortvilinga i landet.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv tenkte eg at ettersom Pakistan er mykje i media no, kunne det vi kallar \u00abWikipedia:Ukens konkurranse\u00bb handle om Pakistan. S\u00e5 m\u00e5ndag laga eg den sida vi brukar ha for slike tevlingar. Du kan sj\u00e5 henne her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Wikipedia:Ukens_konkurranse\/Ukens_konkurranse_2010-34<\/p>\n<p>S\u00e5 tenkte eg at eg f\u00e5r g\u00e5 f\u00f8re med eit godt eksempel og skrive ein artikkel, og det gjorde eg. Den handla om elva Swat, som dalen der flaumen starta er kalla opp etter. Artikkelen finn du her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Swat_(elv)  Du kan sj\u00e5 kor elva ligg, langt nord i Pakistan. Eg fann og eit bilete av elva under normale tilh\u00f8ve og eitt som var teke i august 2010, som syner korleis flaumen har teke med seg ei bru.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg hadde skrive den artikkelen, vart det ein del raude lenker, det betyr at det ikkje er artikkel om dei emna, s\u00e5 eg tenkte at eg fekk skrive om ei av dei raude lenkene. D\u00e5 valde eg \u00e5 skrive om Kalamdalen, som f\u00f8r vart omtala som Pakistans Sveits, for der kunne folk reise p\u00e5 ferie for \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 ski, det ligg 2000 meter over havet. Artikkelen, som du kan lese her, http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kalamdalen har vakre bilete av ein skogkledd dal med 6000 meter h\u00f8ge fjell i bakgrunnen. Ingen grunn til \u00e5 verte v\u00e9rsjuk av noko slikt, seier du kanskje.<\/p>\n<p>Men eg kom til \u00e5 lese noko som ein skreiv om \u00e5 k\u00f8yre bil opp der. Ingen vegar har fast dekke, og det er stor grunn til \u00e5 tru at bilen ikkje toler det om du pr\u00f8ver \u00e5 k\u00f8yre opp dit, til tross for at det f\u00f8r Taliban tok makta i dalen, hadde 160 store og hotell. Ingen norsk skogsbilveg har s\u00e5 d\u00e5rleg standard.<\/p>\n<p>Men om du klikker p\u00e5 lenka nederst i artikkelen, den som heiter \u00abFilm fra august 2010 som viser flommen i Kalam\u00bb, f\u00e5r du sj\u00e5 noko som kan gjere kven som helst v\u00e9rsjuk. Elva g\u00e5r flaumstri inntil kjellaren p\u00e5 eit hus med tre etasjar, grev seg under det, og p\u00e5 filmen, som tek mindre enn eitt minutt kan du sj\u00e5 korleis huset fell i elva og forsvinn.<\/p>\n<p>D\u00e5 kan ein takke for b\u00e5de tunge skyer og vind i Valle. S\u00e5 f\u00e5r ein be om at folka i Kalamdalen kan f\u00e5 hjelp.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Nokre vert v\u00e9rsjuke n\u00e5r skodda heng nedover fjellsidene, andre seier: Sj\u00e5 s\u00e5 vakkert. S\u00e5 tek dei fram fotoapparatet og knipsar i veg og f\u00e5r dei finaste og mest dramatiske bilete ein kan \u00f8nske seg. Eg er ikkje av dei. N\u00e5r det regnar og bl\u00e6s, lengtar eg mot lettare v\u00e9r, livet er trivelegare n\u00e5r det er &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/versjuk-9248052\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">V\u00e9rsjuk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9248052","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9248052"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9248052"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9248052\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9248052"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9248052"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9248052"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}