{"id":9224041,"date":"2010-08-22T18:02:28","date_gmt":"2010-08-22T18:02:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/08\/meir-takk-9224041\/"},"modified":"2010-08-22T18:02:28","modified_gmt":"2010-08-22T18:02:28","slug":"meir-takk-9224041","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-takk-9224041\/","title":{"rendered":"Meir takk"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag i sist veke var det bursdag, og det rann inn med gratulasjonshelsingar i innboksen min s\u00e5 eg vart heilt overvelda. Men p\u00e5 skulen var det ingen som visste noko, s\u00e5 eg tenkte at det skulle g\u00e5 av seg ganske s\u00e5 stille. Ein kjem ikkje p\u00e5 jobb og ropar: \u00abI dag har eg bursdag\u00bb n\u00e5r ein er passert dei seksti.<\/p>\n<p>Men torsdag kom Kannika p\u00e5 skulen, og ho er ven med meg p\u00e5 Facebook, og d\u00e5 kom det gratulasjonar i store dosar der og. Dei var s\u00e5 store at eg fann ut at det ville vere naturleg med is til pausen, og dermed gjekk turen til Joker, der eg fann runde vannbakkels med krem inni, dei tinar p\u00e5 no time. P\u00e5 Valle Handel var det hesteskoiskake, og ettersom vi er mange p\u00e5 skulen no, tok eg med to derifr\u00e5. Dertil kom ein pose med chips, sour cream and onion er min favoritt i den hylla.<\/p>\n<p>Det vart ein triveleg fest i matromet. Folk kosa seg og snakka norsk og eg fekk bursdagssang og det heile. Og etter festen rydda dei opp, s\u00e5 eg slapp den jobben, og det likte eg sv\u00e6rt s\u00e5 godt, og snart var det tilbake til klasseromet, der vi sist veke jobba med Agders geografi. Det er etter kvart litt viktig for elevane \u00e5 vite kor dei er i Noreg i h\u00f8ve til andre stader. Det finst burmesarar mange stader i Agder, og det er greitt \u00e5 vite kvar dei er i h\u00f8ve til kvarandre.<\/p>\n<p>Stor var overraskinga d\u00e5 eg kom inn i klassen. Medan eg var i butikken og handla is, hadde elevane vore p\u00e5 Valle blomar og g\u00e5ver og funne rose, orkindear og andre blomar eg ikkje veit namnet p\u00e5, ja til og med ei lommelykt. Dei stod som ein kinesisk mur mellom meg og klassen, eg kunne ikkje anna enn \u00e5 takke og gje dei glade gjevarane ein klem. S\u00e5 flytta vi g\u00e5vene til vinduet og starta undervisninga att.<\/p>\n<p>Fredag hjelpte dei meg med \u00e5 f\u00e5 blomane i bilen, no pyntar dei i stova heime. Det er bare plastblomar som overlever hos meg i Valle. End\u00e5 ein gong, takk for all merksemd.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag i sist veke var det bursdag, og det rann inn med gratulasjonshelsingar i innboksen min s\u00e5 eg vart heilt overvelda. Men p\u00e5 skulen var det ingen som visste noko, s\u00e5 eg tenkte at det skulle g\u00e5 av seg ganske s\u00e5 stille. Ein kjem ikkje p\u00e5 jobb og ropar: \u00abI dag har eg bursdag\u00bb n\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-takk-9224041\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir takk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9224041","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9224041"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9224041"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9224041\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9224041"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9224041"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9224041"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}