{"id":9179457,"date":"2010-08-14T12:06:22","date_gmt":"2010-08-14T12:06:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/08\/honnevje-rasteplass-og-setesdalswiki-9179457\/"},"modified":"2010-08-14T12:06:22","modified_gmt":"2010-08-14T12:06:22","slug":"honnevje-rasteplass-og-setesdalswiki-9179457","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/honnevje-rasteplass-og-setesdalswiki-9179457\/","title":{"rendered":"Honnevje rasteplass og Setesdalswiki"},"content":{"rendered":"<p>I dag l\u00e5g det ein epost fr\u00e5 \u00c5nund K. i innboksen min. Den gjorde meg storglad. Han hadde registrert seg p\u00e5 Setesdalswiki og skrive ein artikkel om Honnevje rasteplass, som vart laga i den tida han var kulturkonsulent i Valle kommune. Han bad om hjelp til \u00e5 fikse p\u00e5 den, og det var ikkje vanskeleg \u00e5 gjere det. Eg wikifiserte, som det heiter, laga mellomoverskrifter og lenker og det som h\u00f8yrer med i ein hypertekst, og artikkelen kan du lese her: http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Honnevje_rasteplass<\/p>\n<p>Torsdagskvelden tok eg turen til Honnevje rasteplass, tenkte \u00e5 sj\u00e5 korleis det var blitt. No er sykkelstien fr\u00e5 \u00d8yne-krysset asfaltert og ligg s\u00e5 fint i skogkanten langs elva. Det er veldig bra. Paradokset er at ein ikkje har f\u00e5tt p\u00e5 plass sykkelsi mellom sentrum og Valle skule, der er nok trongen mykje st\u00f8rre. Men det kjem vel med tida.<\/p>\n<p>Grunnen til at eg vart s\u00e5 glad, var at det kom ein artikkel fr\u00e5 ein annan skribent enn meg sj\u00f8lv. Det har vore f\u00e5 andre enn eg som har skrive artiklar p\u00e5 Setesdalswiki, og det vert ikkje s\u00e5 mykje n\u00e5r ikkje fleire er med p\u00e5 ein slik nettdugnad. Ein wiki m\u00e5 ha eit liv, \u00e5 lage wiki aleine er ikkje i pakt med wikien sin ide, som er at alle skal kunne skrive, Det var og difor Setesdalswiki vart starta, tanken var at ein skulle kunne skrive om bedrifter og reiseliv i Setesdal, s\u00e5 vel som om folk og kultur. Men om ingen andre enn eg skriv, vert det magert.<\/p>\n<p>No har eg tenkt at vi burde f\u00e5 fleire bein \u00e5 st\u00e5 p\u00e5, s\u00e5 eg har sagt til Trond St\u00f8le ved Valle skule at dei kan nytte setesdalswiki om dei vil trene p\u00e5 \u00e5 skrive i sosiale medier, heller enn \u00e5 \u00f8ve seg p\u00e5 wikipedia. No n\u00e5r skulane startar att, vil det nok vere fleire som vil bruke tid p\u00e5 wikipedia, ofte f\u00f8rer det til meir rydding og sletting enn til nye artiklar. I tillegg trur eg at eg kjem til \u00e5 bruke Setesd\u00f8len meir aktivt for \u00e5 finne stoff til Setesdalswiki. S\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 om det etter kvart veks og grip om seg.<\/p>\n<p>Tusen takk til \u00c5nund K.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag l\u00e5g det ein epost fr\u00e5 \u00c5nund K. i innboksen min. Den gjorde meg storglad. Han hadde registrert seg p\u00e5 Setesdalswiki og skrive ein artikkel om Honnevje rasteplass, som vart laga i den tida han var kulturkonsulent i Valle kommune. Han bad om hjelp til \u00e5 fikse p\u00e5 den, og det var ikkje vanskeleg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/honnevje-rasteplass-og-setesdalswiki-9179457\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Honnevje rasteplass og Setesdalswiki<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9179457","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9179457"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9179457"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9179457\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9179457"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9179457"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9179457"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}