{"id":9172093,"date":"2010-08-12T20:55:05","date_gmt":"2010-08-12T20:55:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/08\/undring-9172093\/"},"modified":"2010-08-12T20:55:05","modified_gmt":"2010-08-12T20:55:05","slug":"undring-9172093","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/undring-9172093\/","title":{"rendered":"Undring"},"content":{"rendered":"<p>I mi wikipediaskriving har eg meir enn ein gong undra meg n\u00e5r eg kom over ein person som levde d\u00e5 eg var ung og s\u00e5g biografien til vedkomande. Dei verkar \u00e5 ha hatt tid til mykje meir enn vi har i v\u00e5r tid.<\/p>\n<p>I dag skreiv eg ein artikkel p\u00e5 wikipedia om syster mi sin gymnasrektor. Eg veit ikkje om ho hadde han som realfagl\u00e6rar, men han var ved Rogaland landsgymnas p\u00e5 Bryne fr\u00e5 1930 til 1972 og rektor fr\u00e5 1947. Og ho gjekk ut i 1968, s\u00e5 vidt eg hugsar.<\/p>\n<p>Bjarne Undheim var f\u00f8dd i 1905 og vart cand.real i 1930 etter fem \u00e5rs studier p\u00e5 Universitetet i Oslo. Eg kom over han heilt tilfeldig, slik det ofte er med artiklar p\u00e5 wikipedia. Eg hadde kj\u00f8pt Aftenposten i g\u00e5r d\u00e5 eg kom oppover til Valle, og der stod det at bondelagsleder Bjarne Undheim fylte 50 \u00e5r. D\u00e5 eg s\u00e5 gjekk inn p\u00e5 wikipedia for \u00e5 sj\u00e5 om vi hadde artikkel om han, s\u00e5 hadde vi ikkje det, vi hadde bare ei raud lenke. Men s\u00e5 synte det seg at det var ein annan Bjarne Undheim, han hadde vore stortingsrepresentant for Senterpartiet fr\u00e5 Rogaland. Det var artikkel om han p\u00e5 engelsk wikipedia, og d\u00e5 tenkte eg at eg kan jo omsette den artikkelen. Engelsk wikipedia har artiklar om ganske mange av dei norske stortingsrepresentantane. Men n\u00e5 eg skreiv, oppdaga eg jo at dei bare hadde litt av informasjonen om han, og slik kom eg fram til at det m\u00e5 ha vore Jorunn sin rektor det var tale om. No er det artikkel om han p\u00e5 wikipedia, her er lenka: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Bjarne_Undheim_(1905)  For \u00e5 skilje han fr\u00e5 bondelagsleiaren har eg kalla han Bjarne Undheim (1905).<\/p>\n<p>N\u00e5r eg ser p\u00e5 alt han kunne f\u00e5 gjort, vert eg litt undrande og lurer p\u00e5 korleis han kunne rekke alt. Bryne IL og m\u00e5llaget, lektorlaget og politikken, alt skulle skj\u00f8ttast og jobben som l\u00e6rar og rektor kunne han heller ikkje legge til sides. Han omsette til og med elev\u00f8vingar i fysikk til nynorsk og var aktiv i den offentlege debatten med artiklar i avisene.<\/p>\n<p>Eg trur det m\u00e5 vere at det ikkje var 30 kanalar p\u00e5 TV den gongen, heller ikkje var det internett ein kunne surfe p\u00e5 ein heil kveld. Men eg undrar litt framleis. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I mi wikipediaskriving har eg meir enn ein gong undra meg n\u00e5r eg kom over ein person som levde d\u00e5 eg var ung og s\u00e5g biografien til vedkomande. Dei verkar \u00e5 ha hatt tid til mykje meir enn vi har i v\u00e5r tid. I dag skreiv eg ein artikkel p\u00e5 wikipedia om syster mi sin &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/undring-9172093\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Undring<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[71],"class_list":["post-9172093","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9172093"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9172093"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9172093\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9172093"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9172093"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9172093"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}