{"id":9063532,"date":"2010-07-28T21:53:32","date_gmt":"2010-07-28T21:53:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/07\/sjusovardagen-9063532\/"},"modified":"2010-07-28T21:53:32","modified_gmt":"2010-07-28T21:53:32","slug":"sjusovardagen-9063532","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sjusovardagen-9063532\/","title":{"rendered":"Sjusovardagen"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var det sjusovardagen. Dagen var til minne om sju unge menn som etter legenden g\u00f8ymde seg i ei grotte under kristenforfylgingane p\u00e5 200-talet og som vakna til live att etter to hundre \u00e5r. Du kan lese meir om det her http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Syvsoverdagen<\/p>\n<p>Dagen vart litt spesiell for meg, for straumen gjekk mellom fem og halv seks, og d\u00e5 vakna eg. Alts\u00e5 var eg ingen sjusovar i v\u00e5r forst\u00e5ing av ordet. Eg tenkte at eg kunne sj\u00e5 om nokre av naboane hadde straum, men etter det eg kunne finne ut, var det ingen lampar som var tende. Det varte og rakk og vi fekk ikkje att straumen, og d\u00e5 tek ein til \u00e5 lure p\u00e5 om det er noko gale med det elektriske anlegget, og ettersom alle radioane v\u00e5re g\u00e5r p\u00e5 straum, ikkje batteri, kunne eg ikkje f\u00e5 noko nytt fr\u00e5 S\u00f8rlandssendinga heller.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 tenkte eg at bilradioen ville jo fungere, og dermed gjekk eg ut for \u00e5 h\u00f8yre om det var noko i NRK P1, som starta klokka seks med Dagsnytt og Morgenradio fr\u00e5 S\u00f8rlandet. Men Knut Knutsen Eikeland hadde ikkje noko nytt \u00e5 melde. Imidlertid kom det ein Otera-bil forbi d\u00e5 eg sat i min bil og h\u00f8yrde nyhetene, og dermed tenkte eg at eg kunne fylgje etter den, kanskje han skulle fikse noko. Han snudde litt borti vegen, og eg snudde litt lenger borte for \u00e5 f\u00f8lgje etter han, men p\u00e5 den korte stunda forsvann han, og sj\u00f8lv om eg sette opp farten p\u00e5 veg til Mandal, s\u00e5g eg ikkje meir til han. Etter kvart kom eg til folk som hadde lys ute, s\u00e5 eg skj\u00f8na at det var noko i n\u00e6romr\u00e5det v\u00e5rt som var galt, og s\u00e5 snudde eg.<\/p>\n<p>I alt dette m\u00f8tte eg avisbudet, og dermed fekk eg ferske aviser p\u00e5 morgonkvisten, s\u00e5 eg tenkte at eg kunne jo lese dei og sj\u00e5 om straumen kom att. Det gjorde han til slutt, d\u00e5 hadde kona f\u00e5tt SMS fra Agder Energi om at dei hadde problem i v\u00e5rt omr\u00e5de, det visste vi jo for s\u00e5 vidt, s\u00e5 den meldinga var jo ikkje s\u00e5 veldig viktig, det som hadde vore viktig, var vel heller stipulert tid for n\u00e5r vi kunne f\u00e5 straumen att. Eg trur klokka vart n\u00e6rare halv \u00e5tte f\u00f8r fryseboks og kj\u00f8leskap starta, og s\u00e5 m\u00e5tte vi ta ein runde og fikse andre el-baserte dingsar etter kvart.<\/p>\n<p>-Eg trur eg legg meg att, sa eg til kona d\u00e5 eg hadde lese avisene og straumen var vel komen attende. Ho hadde fri og eg hadde fri, og snart s\u00e5 dorma eg av att.<\/p>\n<p>Halv elleve kom ho inn og lurte p\u00e5 om eg visste kva dag det var. Ho var svolten og meinte at n\u00e5r vi begge hadde fri, var det jo kanskje naturleg \u00e5 ete frokost saman.<\/p>\n<p>S\u00e5 Agder Energi gjorde meg til sjusovar denne dagen.<\/p>\n<p>Eg ville jo fortalt om dette i g\u00e5r, men d\u00e5 hadde bloggen sin skrivefunksjon g\u00e5tt &#8220;Temporarily out of service&#8221;, s\u00e5 det enda opp med at du fekk historia i kveld i staden. For no verkar det som om blogg-tenesta eg nyttar, igjen fungerer slik ho skal. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r var det sjusovardagen. Dagen var til minne om sju unge menn som etter legenden g\u00f8ymde seg i ei grotte under kristenforfylgingane p\u00e5 200-talet og som vakna til live att etter to hundre \u00e5r. Du kan lese meir om det her http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Syvsoverdagen Dagen vart litt spesiell for meg, for straumen gjekk mellom fem og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sjusovardagen-9063532\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sjusovardagen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9063532","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9063532"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9063532"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9063532\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9063532"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9063532"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9063532"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}