{"id":9046276,"date":"2010-07-26T19:45:50","date_gmt":"2010-07-26T19:45:50","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/07\/frste-bilde-pa-fugler-net-9046276\/"},"modified":"2010-07-26T19:45:50","modified_gmt":"2010-07-26T19:45:50","slug":"frste-bilde-pa-fugler-net-9046276","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frste-bilde-pa-fugler-net-9046276\/","title":{"rendered":"F\u00f8rste bilde p\u00e5 fugler.net"},"content":{"rendered":"<p>Fuglar har vore H\u00e5kon si store interesse i mange \u00e5r. Difor har det vore interessant \u00e5 kome p\u00e5 bes\u00f8k til morfar, som har ei kattugle p\u00e5 l\u00e5ven og svalereir under pannene p\u00e5 taket. Over \u00d8ygardsfjellet flyg det jamnt og trutt ein musv\u00e5k og av og til er det store flokkar av m\u00e5kar \u00e5 sj\u00e5 over heia. S\u00e5 f\u00e5r det v\u00e5ge seg at katten Pinky tek ein og annan av dei som ikkje kjem seg unna i tide. Ein f\u00e5r kose med han som best ein kan. Det meiner lillebror Nikolai og, og Pinky let han til og med dra seg i halen utan \u00e5 klore.<\/p>\n<p>S\u00e5 drog dei, og laurdagskvelden var huset tomt og eg kan bare sitje her og tenke tilbake p\u00e5 gode sommaropplevingar. Vi hadde dei ved datamaskinen og, eg synte \u00e5tte\u00e5ringen vegen til fuglebileta p\u00e5 wikipedia, og der var det jo s\u00e5 mange at ein kunne verte noko overfora. Dermed gjekk turen tilbake til biletlista p\u00e5 fugler.net<\/p>\n<p>Men litt ut p\u00e5 sundagen kom det eit brev. H\u00e5kon var p\u00e5 bes\u00f8k hos tante Margunn og ho hadde hjelpt han til \u00e5 lage epostkonto, slik at han kunne skrive epost til morfar. Og fyrste eposten var ikkje noko knussel,<\/p>\n<p>Det var ikkje bare ein slik &#8220;Hallo morfar, eg har f\u00e5tt epost&#8221;, som det ville vore lett \u00e5 sende. Nei, han hadde noko \u00e5 fortelje og. Laurdag hadde han vore ute og f\u00e5tt eit bilete av ein \u00e6rfugl i sj\u00f8en utanfor Sand\u00f8ya ved Brevik. Her kan du sj\u00e5 det:<br \/>\nhttp:\/\/fugler.net\/fn.asp?nowpage=bilder&#038;MODE=DETALJ&#038;utnr=0&#038;BildeID=15091<\/p>\n<p>\u00c5 fotografere fuglar er ikkje lett, s\u00e5 eg synest han har f\u00e5tt til eit bra bilete av denne \u00e6rfugl-hoa. Du kan lese meir om \u00e6rfuglar p\u00e5 wikipedia:<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/%C3%86rfugl<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fuglar har vore H\u00e5kon si store interesse i mange \u00e5r. Difor har det vore interessant \u00e5 kome p\u00e5 bes\u00f8k til morfar, som har ei kattugle p\u00e5 l\u00e5ven og svalereir under pannene p\u00e5 taket. Over \u00d8ygardsfjellet flyg det jamnt og trutt ein musv\u00e5k og av og til er det store flokkar av m\u00e5kar \u00e5 sj\u00e5 over &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frste-bilde-pa-fugler-net-9046276\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">F\u00f8rste bilde p\u00e5 fugler.net<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9046276","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9046276"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9046276"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9046276\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9046276"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9046276"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9046276"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}