{"id":9033211,"date":"2010-07-24T22:01:35","date_gmt":"2010-07-24T22:01:35","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/07\/tomt-hus-9033211\/"},"modified":"2010-07-24T22:01:35","modified_gmt":"2010-07-24T22:01:35","slug":"tomt-hus-9033211","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tomt-hus-9033211\/","title":{"rendered":"Tomt hus"},"content":{"rendered":"<p>Sommarferien er p\u00e5 hell, det merka vi godt i dag d\u00e5 barnebarna hoppa i bilen for \u00e5 dra austover. No skulle dei bes\u00f8ke tante Margunn og onkel Stein p\u00e5 Sand\u00f8ya i Brevik. Eg hadde ein liten prat med dei for \u00e5 h\u00f8yre litt om kva dei hadde f\u00e5tt ut av ferien.<\/p>\n<p>H\u00e5kon har vore p\u00e5 fisketur og f\u00e5tt makrell b\u00e5de p\u00e5 stang og p\u00e5 sn\u00f8re. Det var vanskeleg \u00e5 f\u00e5 makrellen til \u00e5 hange p\u00e5 stanga, med sn\u00f8ret kunne ein f\u00e5 seks p\u00e5 same sn\u00f8ret. Til saman fekk dei 37 makrellar, og steikt makrell er god middag, s\u00e6rleg n\u00e5r ein har fiska den sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Fuglelivet i Harkmarksfjorden har vore interessant \u00e5 studere, det var og artig \u00e5 lure Kristine ut i s\u00f8yledammen p\u00e5 friomr\u00e5det der. Og s\u00e5 har det vore interessant \u00e5 sj\u00e5 Tour de France og end\u00e5 meir interessant med alle kanalane med fotballkampar som morfar har.<\/p>\n<p>Kristine rakk akkurat \u00e5 lese ut Harry Potter 5, den var p\u00e5 mest 800 sider. N\u00e5r ein er sju \u00e5r, vil nok morfar meine at det er ein prestasjon. Etter det er forst\u00e5r er Hermine Grang kome ut av koma og g\u00e5ta i mysteriekammeret er visst l\u00f8yst p\u00e5 akseptabel m\u00e5te. Kristine avslutta med dei siste sidene i dag tidleg, men etter reglane f\u00e5r ho visst ikkje lov til \u00e5 begynne p\u00e5 neste bok f\u00f8r om tre \u00e5r. Turen austover skulle brukast til \u00e5 sj\u00e5 ein film om Harry Potter, det var visst nr. 3.<\/p>\n<p>Nikolai p\u00e5 14 m\u00e5nader har nesten slept taket og starta \u00e5 g\u00e5, men det beste er \u00e5 ha noko \u00e5 halde i, s\u00e5 ei hand eller ein bordkant er absolutt god \u00e5 ha. Og eigentleg hadde han nok likt \u00e5 ha med katten Pinky heim, n\u00e5r katten ligg og veiftar med halen, er det nesten ur\u00e5d \u00e5 late vere \u00e5 ta i den.<\/p>\n<p>S\u00e5 sit to besteforeldre att med gode sommarminne om barnebarn som fekk ha tre gode veker p\u00e5 S\u00f8rlandet i \u00e5r og. Det er ein god m\u00e5te \u00e5 lade batteria p\u00e5 f\u00f8r eit nytt skule\u00e5r startar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sommarferien er p\u00e5 hell, det merka vi godt i dag d\u00e5 barnebarna hoppa i bilen for \u00e5 dra austover. No skulle dei bes\u00f8ke tante Margunn og onkel Stein p\u00e5 Sand\u00f8ya i Brevik. Eg hadde ein liten prat med dei for \u00e5 h\u00f8yre litt om kva dei hadde f\u00e5tt ut av ferien. H\u00e5kon har vore p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tomt-hus-9033211\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tomt hus<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-9033211","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9033211"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9033211"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9033211\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9033211"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9033211"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9033211"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}