{"id":901782,"date":"2006-06-22T09:28:43","date_gmt":"2006-06-22T09:28:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/06\/eit_kort_kommunestyremote901782\/"},"modified":"2006-06-22T09:28:43","modified_gmt":"2006-06-22T09:28:43","slug":"eit_kort_kommunestyremote901782","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit_kort_kommunestyremote901782\/","title":{"rendered":"Eit kort kommunestyrem\u00f8te"},"content":{"rendered":"<p>Tysdag 20. juni var det ekstraordin\u00e6rt kommunestyrem\u00f8te i Valle. Det starta klokka 20, minst ein av representantane kom til klokka 18, han hadde ikkje lese innkallinga godt nok.<\/p>\n<p>Saka som skulle opp, har skapt mykje diskusjon i Valle og Bykle den siste tida. Kraftledning fr\u00e5 Holen kraftverk i Bykle til Brokke, og vidare til kysten vil f\u00f8re til store og skjemmande luftspenn i randsona til Setesdal Vesthei &#8211; Ryfylkeheiane landskapsvernomr\u00e5de. Sj\u00e5 meir i F\u00e6drelandsvennen:<br \/>\nhttp:\/\/www.fvn.no\/nyheter\/setesdal\/article362433.ece<\/p>\n<p>Til vanleg har eg sending i Valle radio fr\u00e5 18 til 21 p\u00e5 tysdagskveldane. Denne kvelden valde eg \u00e5 vike plass for kommunestyret, s\u00e5 eg hadde bare sett opp program fr\u00e5 klokka 18 til 20. Deretter skulle eg vere teknikar for kommunestyrem\u00f8tet.<\/p>\n<p>Det var ikkje tidkrevjande. Klokka 20.15 var m\u00f8tet slutt. &#8220;Dei store sakene f\u00f8rer til lite debatt,&#8221; var det ein som sa p\u00e5 veg ut. Den einaste som hadde ordet, var P\u00e5l Dale, som las opp det milj\u00f8vernminister Helen Bj\u00f8rn\u00f8y hadde svara d\u00e5 Kr. F. representanten \u00c5se Gunhild Woie Duesund fr\u00e5 Aust-Agder stilte sp\u00f8rsm\u00e5l om kraftlina i Stortinget.<br \/>\nhttp:\/\/epos.stortinget.no\/SpmDetalj.aspx?id=34816<\/p>\n<p>Som du ser p\u00e5 programmet for denne dagen her p\u00e5 bloggen, endra eg opplegget, slik at eg hadde Dagens Mozart og Postludium etter at kommunestyrem\u00f8tet var ferdig. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdag 20. juni var det ekstraordin\u00e6rt kommunestyrem\u00f8te i Valle. Det starta klokka 20, minst ein av representantane kom til klokka 18, han hadde ikkje lese innkallinga godt nok. Saka som skulle opp, har skapt mykje diskusjon i Valle og Bykle den siste tida. Kraftledning fr\u00e5 Holen kraftverk i Bykle til Brokke, og vidare til kysten &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eit_kort_kommunestyremote901782\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eit kort kommunestyrem\u00f8te<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-901782","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/901782"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=901782"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/901782\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=901782"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=901782"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=901782"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}