{"id":9009511,"date":"2010-07-20T22:45:39","date_gmt":"2010-07-20T22:45:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/07\/ikkje-triveleg-triveleg-9009511\/"},"modified":"2010-07-20T22:45:39","modified_gmt":"2010-07-20T22:45:39","slug":"ikkje-triveleg-triveleg-9009511","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ikkje-triveleg-triveleg-9009511\/","title":{"rendered":"Ikkje triveleg &#8211; triveleg"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5 vere i butikken og f\u00e5 melding om at bankkortet er avvist, det er ikkje triveleg. Eg pr\u00f8vde to gonger i dag, og det har hendt ein gong f\u00f8r. D\u00e5 er det bare \u00e5 setje varene att i kassa og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 tak i kontantar for \u00e5 l\u00f8yse dei ut seinare. N\u00e5r minibanken ikkje ligg vegg i vegg med butikken, vert det litt stress.<\/p>\n<p>Stresset vart ikkje mindre d\u00e5 minibanken slukte kortet mitt og sa &#8220;Ta kontakt med din bank.&#8221; D\u00e5 stod eg der, gode r\u00e5d var dyre, eller for s\u00e5 vidt ikkje s\u00e5 veldig dyre n\u00e5r ein har ein mobiltelefon og kan ta kontakt direkte, dette var i opningstida for banken, s\u00e5 folk var p\u00e5 jobb.<\/p>\n<p>I andre enden m\u00f8tte eg Toril Dale, og ho har evnen til \u00e5 roe ned ein noko stressa kunde. Eg kjende korleis blodtrykket vart normalt d\u00e5 vi begynte \u00e5 snakke saman.<\/p>\n<p>-Har du fleire bankkort, spurde ho.<br \/>\n-Nei, sa eg, -det kan eg aldri tru.<br \/>\n-Eg skal sj\u00e5, svara ho, -kva er kontonummeret ditt?<\/p>\n<p>Og medan ho tasta inn tal p\u00e5 skjermen sin i Valle, tok eg til \u00e5 rote i korta mine i Mandal.<\/p>\n<p>-Men kva i all verda er dettte, her er det sanneleg eit kort til, sa eg i telefonen.<br \/>\n-Kanskje du brukte eit gammalt kort? undra Toril.<br \/>\n-Eg trudde eg hadde klypt det gamle kortet i sm\u00e5bitar sa eg.<br \/>\n-Kanskje du gl\u00f8ymde \u00e5 gjere det, og s\u00e5 fekk du det med deg i dag?<br \/>\n-Du har nok rett, sa eg<br \/>\n-Pr\u00f8v det du fann, og om det ikkje verkar, kan du ringe opp att, s\u00e5 skal vi sj\u00e5 om vi ikkje kan hjelpe deg med \u00e5 bekrefte til banken at dei kan betale ut pengar til deg om ingen annnan m\u00e5te fungerer, sa Toril og s\u00e5 avslutta me der.<\/p>\n<p>Eg slapp \u00e5 ringe henne, Ut av minibanken i Mandal kom dei velsigna sedlane, og s\u00e5 kunne eg g\u00e5 tilbake til butikken og f\u00e5 med meg b\u00e5de frukt og melk og br\u00f8d og middag og kva det no var eg hadde handla.<\/p>\n<p>Sa du aviser. Juli er ein m\u00e5nad praktisk talt utan kj\u00f8pte aviser, og det heldt eg i dag og. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5 vere i butikken og f\u00e5 melding om at bankkortet er avvist, det er ikkje triveleg. Eg pr\u00f8vde to gonger i dag, og det har hendt ein gong f\u00f8r. D\u00e5 er det bare \u00e5 setje varene att i kassa og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 tak i kontantar for \u00e5 l\u00f8yse dei ut seinare. N\u00e5r minibanken ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ikkje-triveleg-triveleg-9009511\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ikkje triveleg &#8211; triveleg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-9009511","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9009511"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9009511"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9009511\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9009511"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9009511"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9009511"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}