{"id":8950679,"date":"2010-07-10T22:19:29","date_gmt":"2010-07-10T22:19:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/07\/nabofest-8950679\/"},"modified":"2010-07-10T22:19:29","modified_gmt":"2010-07-10T22:19:29","slug":"nabofest-8950679","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nabofest-8950679\/","title":{"rendered":"Nabofest"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kom eg meg ikkje til \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen, for eg var p\u00e5 nabofest. Naboane i grenda v\u00e5r pleier \u00e5 samlast ein gong kvar sommar for \u00e5 prate saman og spise saman, Det g\u00e5r p\u00e5 omgang mellom oss, vi har til vanleg vore seks-sju par. Men dei siste par \u00e5ra har folk flytta hit, s\u00e5 no er vi komne opp i 20 personar, og stort meir enn det kan ein ikkje vere om ein skal vere inne. Problemet er at ein kan aldri gardere seg i h\u00f8ve til veret, s\u00e5 ein m\u00e5 planlegge for b\u00e5de ute og inne.<\/p>\n<p>I g\u00e5r hadde vertskapet gjort eit lukkeleg trekk, dei har over tid teke i bruk m\u00f8kkakjellaren i eit gamalt fj\u00f8s som hagestove, det h\u00f8ver lagleg i tunet. All gammal m\u00f8kk er sj\u00f8lvsagt fjerna, golvet har f\u00e5tt pukk og plankar opp\u00e5 pukken slik at bord og stolar st\u00e5r stabilt, men ikkje tettare enn at om ein s\u00f8ler drikke, s\u00e5 renn det ned i grusen.<\/p>\n<p>Her satsa dei p\u00e5 grillmat, indrefilet grilla p\u00e5 gassgrill er ikkje \u00e5 forakte, paprika\/gulrot\/l\u00f8k-salat (varm) bare m\u00e5 smake godt, og steikt sopp er heller ikkje dumt. Saman med fl\u00f8tegratinerte poteter smakte det herleg. Dei f\u00f8rste minutta av m\u00e5ltidet var det heilt stille rundt bordet, alle ville nyte den gode maten. Men utover kvelden steig stemningen monaleg, og vertskapet hadde gjort eitt eller anna som heldt myggen unna, s\u00e5 det vart ein herleg kveld. Praten gjekk lystig rundt bordet, kjente friska opp aktuell kunnskap, og ukjente leita seg fram til aktuell kunnskap der ein kunne ha noko felles. Eldstemann i laget hadde passert 75, dei yngste var enno mellom 20 og 30, s\u00e5 spennet var stort, men det s\u00e5g ikkje ut til \u00e5 gjere s\u00e5 mykje.<\/p>\n<p>Alt f\u00f8r verten \u00f8nskte velkommen, var praten s\u00e5 livleg at han knapt kom til orde, sidan skj\u00f8na folk at glassa ikkje bare var til \u00e5 drikke av, om ein slo p\u00e5 dei n\u00e5r ein skulle tale, vart det h\u00f8veleg stille rundt bordet. Halv \u00e5tte til halv to var v\u00e5r festkveld, dei yngste heldt truleg ut end\u00e5 lenger, eg trur dei hadde l\u00e5nt bort borna for helga slik at laurdagsmorgonen ikkje vart s\u00e5 brutal som han elles kunne vore.<\/p>\n<p>Slike kveldar er trivelege og nyttige. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kom eg meg ikkje til \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen, for eg var p\u00e5 nabofest. Naboane i grenda v\u00e5r pleier \u00e5 samlast ein gong kvar sommar for \u00e5 prate saman og spise saman, Det g\u00e5r p\u00e5 omgang mellom oss, vi har til vanleg vore seks-sju par. Men dei siste par \u00e5ra har folk flytta &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nabofest-8950679\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Nabofest<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-8950679","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8950679"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8950679"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8950679\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8950679"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8950679"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8950679"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}