{"id":8933790,"date":"2010-07-07T22:58:04","date_gmt":"2010-07-07T22:58:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/07\/rotblyte-8933790\/"},"modified":"2010-07-07T22:58:04","modified_gmt":"2010-07-07T22:58:04","slug":"rotblyte-8933790","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rotblyte-8933790\/","title":{"rendered":"Rotbl\u00f8yte"},"content":{"rendered":"<p>Etter kvart har det vel kome nok regn til at ein kan kalle det ei rotbl\u00f8yte. Vonleg kjem voksteren seg att, sj\u00f8lv om b\u00f8ndene nok merker at avlinga er mindre, graset har vore tynnare enn vanleg dette \u00e5ret.<\/p>\n<p>Slik har det i alle fall vore her i Mandal. Det fine med turkesommaren for oss har vore at den v\u00e5te fidja v\u00e5r vart sl\u00e5tt utan at traktoren sette seg fast ein einaste gong. Men jordb\u00e6rsesongen kom to veker for seint, minst, og b\u00e6ra har vore s\u00e5 dyre at ein har ete dei med meir andakt enn vanleg. I \u00e5r er kome ein ny type fl\u00f8te til jordb\u00e6ra, Lettere dessertfl\u00f8te. Den har litt vaniljesmak og er ein sikker vinnar til jordb\u00e6ra.<\/p>\n<p>I dag var eg i Stavanger for \u00e5 m\u00f8te Reidun og Helge, som kom fr\u00e5 Bergen. Dermed skaffa eg meg ein halv time p\u00e5 kaien med utsikt ut Byfjorden. \u00c5 nyte kaien i Stavanger er noko eg gjerne pr\u00f8ver \u00e5 f\u00e5 til om eg er p\u00e5 dei trakter, det er s\u00e5 godt \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 b\u00e5ttrafikken og havet. I \u00e5r var det fleire som stod p\u00e5 kaien og fiska, truleg hadde dei det p\u00e5 same m\u00e5ten. Eg s\u00e5g ikkje at dei fekk noko \u00e5 ha oppi dei b\u00f8ttene dei hadde med seg, men det var ingen tvil om at dei koste seg med fiskestengene sine.<\/p>\n<p>Heimturen gjekk i til dels ausande regn. Jo lenger s\u00f8r vi kom, jo meir vatn var det. Det fekk meg til \u00e5 tenke tilbake til eit av dei fyrste \u00e5ra eg hadde sommarjobb. D\u00e5 arbeidde eg p\u00e5 meieriet heime p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd. Eg snudde ost, store slipesteinar av n\u00f8kkelost og Norvegiaost. Ein av dei eg arbeidde saman med i ein del av ferien, hadde sin eigen ferie medan eg jobba. D\u00e5 han kom tilbake, spurde eg korleis ferien hans hadde vore. -Det var ei einaste byge, heile ferien, svara han.<\/p>\n<p>Eg l\u00e6rte den dagen at byge ikkje bare er nedb\u00f8r p\u00e5 mark og eng.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter kvart har det vel kome nok regn til at ein kan kalle det ei rotbl\u00f8yte. Vonleg kjem voksteren seg att, sj\u00f8lv om b\u00f8ndene nok merker at avlinga er mindre, graset har vore tynnare enn vanleg dette \u00e5ret. Slik har det i alle fall vore her i Mandal. Det fine med turkesommaren for oss har &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rotblyte-8933790\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rotbl\u00f8yte<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[],"tags":[],"class_list":["post-8933790","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8933790"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8933790"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8933790\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8933790"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8933790"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8933790"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}