{"id":887615,"date":"2006-06-16T22:37:17","date_gmt":"2006-06-16T22:37:17","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/06\/naturen_som_grunnlag_for_bygdeutvikling887615\/"},"modified":"2006-06-16T22:37:17","modified_gmt":"2006-06-16T22:37:17","slug":"naturen_som_grunnlag_for_bygdeutvikling887615","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/naturen_som_grunnlag_for_bygdeutvikling887615\/","title":{"rendered":"Naturen som grunnlag for bygdeutvikling"},"content":{"rendered":"<p>Dette var tema for programmet i Valle Radio onsdag 15. juni 2006. Gjester i studio var Olav M. Holen og Torjus Uppstad. Vi var innom mange sider av saka. Torjus er dagleg leiar i VaFA, Valle Fiskeadministrasjon, Olav er lege og oppteken av medisinske planter. Garden som Olav kjem fr\u00e5 ligg p\u00e5 botnen av Botsvatn, s\u00e5 n\u00e5r han set garna der inne, fiskar han p\u00e5 eigen grunn, bokstaveleg tala.<\/p>\n<p>Olav tenkjer seg at det kan vere aktuelt \u00e5 halde vekesopplegg der ein kombinerer natur, tradisjon og kultur for folk som er interesserte i ferie med meining. Her ligg b\u00e5de fiske og vegetasjon naturleg til i eit opplegg. Men det kan ogs\u00e5 tenkjast at tradisjonsmusikk kan integrerast i opplegget, s\u00e6rleg vil det kunne vere ein fin plass for unge musikarar \u00e5 presentere seg. Olav har og kontakt med representantar fr\u00e5 land innan EU, s\u00e5 ein ser p\u00e5 om det er r\u00e5d \u00e5 utvikle samarbeidsprosjekt som kan f\u00e5 st\u00f8nad fr\u00e5 b\u00e5de sentralt hald i Noreg og EU.<\/p>\n<p>Torjus er oppteken av at fisketilbodet som grunneigarane r\u00e5r over, skal generere meir aktivitet og dermed inntekt. Difor arbeider han no med eit prosjekt i samarbeid med Telemarksforskning for \u00e5 utvikle innlandsfiske i Valle og Bykle til \u00e5 bli noko som trekkjer turistar til regionen. N\u00e5r turistane treng guiding og meir informasjon, kan det vere noko som grunneigarar st\u00e5r for. Sj\u00f8lv om fisket i seg sj\u00f8lv er gratis, vil aktiviteten som kan kome som ein del av det folk vil betale for \u00e5 f\u00e5, gje st\u00f8rre inntekt b\u00e5de til lokalsamfunn og grunneigarar.<\/p>\n<p>Det er ikkje lett \u00e5 summere opp ein liten times samtale med f\u00e5 ord. Men samtalen gjekk etter desse linjene. Harald synte til dokumentet Kartlegging av naturlokalitetar i Bykle og Valle. Det ligg p\u00e5 Internett p\u00e5 adressa http:\/\/tinyurl.com\/n33co<\/p>\n<p>I samtalen kom ein bare litt inn p\u00e5 den ressursen som dette dokumentet er i ein slik samanhang. Dette kan vere grunnlag for mange program seinare, om ein finn ei form som kan tilrettelegge stoffet for radio. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette var tema for programmet i Valle Radio onsdag 15. juni 2006. Gjester i studio var Olav M. Holen og Torjus Uppstad. Vi var innom mange sider av saka. Torjus er dagleg leiar i VaFA, Valle Fiskeadministrasjon, Olav er lege og oppteken av medisinske planter. Garden som Olav kjem fr\u00e5 ligg p\u00e5 botnen av Botsvatn, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/naturen_som_grunnlag_for_bygdeutvikling887615\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Naturen som grunnlag for bygdeutvikling<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[21],"class_list":["post-887615","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-bygdeutvikling"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/887615"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=887615"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/887615\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=887615"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=887615"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=887615"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}