{"id":8829669,"date":"2010-06-18T20:51:25","date_gmt":"2010-06-18T20:51:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/06\/kjempenydeleg-mat-pa-brokkestylen-8829669\/"},"modified":"2010-06-18T20:51:25","modified_gmt":"2010-06-18T20:51:25","slug":"kjempenydeleg-mat-pa-brokkestylen-8829669","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kjempenydeleg-mat-pa-brokkestylen-8829669\/","title":{"rendered":"Kjempenydeleg mat p\u00e5 Brokkest\u00f8ylen"},"content":{"rendered":"<p>Som eg skreiv i g\u00e5r var sommaravslutninga for vaksenoppl\u00e6ringa i Valle lagt til Brokke. Planen var at ein skulle g\u00e5 turen i lysl\u00f8ypa der og f\u00e5 stemple for postkassetrimmen i Valle, gjerne p\u00e5 begge postane der. Men sjeldan har skyene over Valle hatt slik fart som i dag. Fontena utanfor Menighetshuset bles vatn b\u00e5de s\u00f8r og nord, mest s\u00f8rover &#8211; vassf\u00f8yka stod bortover mot sentrum.<\/p>\n<p>S\u00e5 det vart ingen tur i lysl\u00f8ypa. Vinden var like hard p\u00e5 Brokkest\u00f8ylen, men ikkje fullt s\u00e5 mykje kast som i Valle. Om ein ikkje fann seg ei lun kr\u00e5, var det kaldt, sj\u00f8lv om ein hadde kledd seg for ein fjelltur. I staden kunne vi sitje p\u00e5 terrassen p\u00e5 Brokkest\u00f8ylen, den l\u00e5g i le. Her gjekk praten om dyra &#8211; h\u00f8ylandsfe og geiter, om lavoane som st\u00e5r der og om det var fisk i elva som renn forbi st\u00f8ylen. Ein viss diskusjon om kraftproduksjon fekk vi og tid til f\u00f8r maten var ferdig.<\/p>\n<p>Maten, ja. Den kan eg knapt beskrive, s\u00e5 nydeleg var den. Vi som arbeider p\u00e5 vaksenoppl\u00e6ringa har etter kvart f\u00e5tt smake burmesisk\/ karensk mat i mange situasjonar, men denne gongen skulle dei f\u00e5 smake norsk mat, og Hessel og systera hans hadde laga reinsdyrgryte med ris, gr\u00f8nnsaker og salat. Champignonsopp fylt med bl\u00e5muggost med ei valn\u00f8tt p\u00e5 toppen var nydeleg tilbeh\u00f8r, og porsjonane var rause. Til dessert var det is i varme bj\u00f8rneb\u00e6r, her hadde dei putta ein After eight-sjokolade i og toppa med krem. Det var s\u00e5 nydeleg at ein ikkje kan beskrive det med ord, du m\u00e5 dra til Brokkest\u00f8ylen og smake sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Serveringa skjedde rundt eit langbord inne p\u00e5 st\u00f8ylen, vi var 11 stk, det kunne nok vore plass til like mange ved eit anna bord, men n\u00e5r det ikkje er fleire plassar, vert det koseleg og n\u00e6rt, og praten gjekk rundt bordet. Elevane er komne s\u00e5 langt i norsk at dei kan fylgje med p\u00e5 ein samtale n\u00e5r det ikkje g\u00e5r alt for fort, og dei kan sj\u00f8lve vere med, s\u00e5 praten gjekk livleg. Men tida gjekk alt for fort, kvart over elleve m\u00e5tte elevane dra tilbake til Valle, fleire av dei skulle sj\u00e5 borna i ei avslutningsforestilling p\u00e5 Valle skule, andre skulle p\u00e5 jobb klokka tolv.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv sette eg kursen for Mandal, og etter ein stopp p\u00e5 Evje for p\u00e5fyll av kaffe i YX-koppen min, gjekk siste del av turen mot Vehustoppen, der eg svingar av til Stokkeland og k\u00f8yrer ned Sogndalen til Brenn\u00e5sen f\u00f8r eg tek siste del av turen heim p\u00e5 E-39. I dag var eg s\u00e5 tidleg at k\u00f8ane ikkje hadde starta, n\u00e5r eg kjem der i halv fire-tida, slik eg pleier \u00e5 gjere n\u00e5r eg k\u00f8yrer heim til helga, er det mykje meir trafikk.<\/p>\n<p>Eg vil anbefale eit bes\u00f8k p\u00e5 Brokkest\u00f8ylen i sommar. \u00d8ystein la seg i hengek\u00f8ya og tok livet med ro, det kan du og gjere, anten f\u00f8r du f\u00e5r maten servert, eller etterp\u00e5. Om ho er ledig, d\u00e5. Og om du ikkje skal g\u00e5 turen inn og f\u00e5 klipt kortet i Postkassetrimmen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som eg skreiv i g\u00e5r var sommaravslutninga for vaksenoppl\u00e6ringa i Valle lagt til Brokke. Planen var at ein skulle g\u00e5 turen i lysl\u00f8ypa der og f\u00e5 stemple for postkassetrimmen i Valle, gjerne p\u00e5 begge postane der. Men sjeldan har skyene over Valle hatt slik fart som i dag. Fontena utanfor Menighetshuset bles vatn b\u00e5de s\u00f8r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kjempenydeleg-mat-pa-brokkestylen-8829669\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kjempenydeleg mat p\u00e5 Brokkest\u00f8ylen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[52],"class_list":["post-8829669","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-postkassetrimmen"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8829669"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8829669"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8829669\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8829669"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8829669"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8829669"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}