{"id":8790873,"date":"2010-06-12T22:54:47","date_gmt":"2010-06-12T22:54:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/06\/valle-radio-hos-nrk-srlandet-8790873\/"},"modified":"2010-06-12T22:54:47","modified_gmt":"2010-06-12T22:54:47","slug":"valle-radio-hos-nrk-srlandet-8790873","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-radio-hos-nrk-srlandet-8790873\/","title":{"rendered":"Valle Radio hos NRK S\u00f8rlandet"},"content":{"rendered":"<p>I dag klokka kvart p\u00e5 tolv troppa 14 medarbeidarar fr\u00e5 Valle Radio opp i NRK S\u00f8rlandet p\u00e5 Tangen i Kristiansand. Dei fleste kom fr\u00e5 Valle i dag tidleg, men eg kom fr\u00e5 Mandal. Alle vart helste velkomne av Anders S\u00e5rheim, distriktsredakt\u00f8r i NRK S\u00f8rlandet, som kunne fortelje at han og hadde erfaring fr\u00e5 lokalradio i Sogn og Fjordane p\u00e5 1980-talet. Det vert f\u00e6rre profesjonelle som har slik erfaring, kunne han fortelje, for dei fleste lokalradioane no vert drivne av folk som har det til jobb. Men han meinte det var eit tap at v\u00e5r type lokalradio har g\u00e5tt tilbake.<\/p>\n<p>Vi fekk fyrst ei lita orientering, og s\u00e5 stod vi som tente lys d\u00e5 Tom Nikolai Kolstad las dei lokale nyhetene klokka 12. Etterp\u00e5 fekk vi kome inn i studio og sj\u00e5 n\u00e6rare p\u00e5 dei tekniske l\u00f8ysingane. Dei hadde teksten dei skulle lese p\u00e5 skjerm og hadde sj\u00f8lkj\u00f8r, der opptak eller telefon kunne k\u00f8yrast inn fr\u00e5 miksebordet av journalisten, han trong ingen teknikar. Vi meinte at for Valle Radio var det nok best \u00e5 ha ein teknikar, det sosiale for oss betyr mykje. Vi fekk sj\u00e5 eit gamalt studio etterp\u00e5, det bruker dei n\u00e5r dei lagar program for P2, NRK S\u00f8rlandet lagar fleire program for P2, det var ikkje eg klar over f\u00f8r eg kom der.<\/p>\n<p>\u00d8rnulf fekk pr\u00f8ve programleiarstolen, d\u00e5 blinka det i mange blitsar, biletet er kanskje alt p\u00e5 facebook. Orienteringa gjekk vidare til TV-studio og vi fekk sj\u00e5 kor og korleis dei avviklar lokal TV-sending. Det var eit snedig system for \u00e5 lese teksten p\u00e5 ein skjerm utan at augo flytter seg, blitsane gjekk varme i dette romet og. Heile tida kunne vi kome med sp\u00f8rsm\u00e5l og kommentarar, og det var ikkje fritt for at vi vart rimeleg overraska d\u00e5 vi kom til musikkarkivet og s\u00e5g alle cd-platene og alle LP-platene dei hadde. No brukte dei nesten aldri desse lenger, all musikken l\u00e5g p\u00e5 ein stor server for heile NRK. Men dei hadde teke vare p\u00e5 det og kunne bruke det om serveren fekk problem. Nokre av spora p\u00e5 platene var kanskje heller ikkje p\u00e5 den sentrale serveren.<\/p>\n<p>Anders S\u00e5rheim var ein god guide og fylgde oss gjennom det store huset til ulike avdelingar, det var laurdag og det var bare tre p\u00e5 vakt, s\u00e5 huset var noks\u00e5 tomt. Vakta laurdag gjekk til 19:30. Til vanleg jobbar det 55 personar i NRK S\u00f8rlandet, nokre held til i Arendal og Farsund eller Flekkefjord, men dei aller fleste har basen sin i Kristiansand. Interessant var det og \u00e5 f\u00e5 vite at pulten dei sat p\u00e5 h\u00f8yrde til sendinga dei skulle ha, dei hadde sin eigen kontorpult og, men i redaksjonen var det funksjonen som bestemte kor dei sat.<\/p>\n<p>Det var ei sv\u00e6rt interessant oppleving \u00e5 f\u00e5 denne omvisninga. Som takk overrekte v\u00e5r redakt\u00f8r og styreleiar \u00d8rnulf Hasla Valle Radio-krus. Vi tok bilete av oss utanfor radiohuset, du m\u00e5 g\u00e5 p\u00e5 facebook-sida v\u00e5r for \u00e5 sj\u00e5 bileta.<br \/>\nhttp:\/\/www.facebook.com\/pages\/Valle-Radio\/315158359845#!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag klokka kvart p\u00e5 tolv troppa 14 medarbeidarar fr\u00e5 Valle Radio opp i NRK S\u00f8rlandet p\u00e5 Tangen i Kristiansand. Dei fleste kom fr\u00e5 Valle i dag tidleg, men eg kom fr\u00e5 Mandal. Alle vart helste velkomne av Anders S\u00e5rheim, distriktsredakt\u00f8r i NRK S\u00f8rlandet, som kunne fortelje at han og hadde erfaring fr\u00e5 lokalradio i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-radio-hos-nrk-srlandet-8790873\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Valle Radio hos NRK S\u00f8rlandet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8790873","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8790873"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8790873"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8790873\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8790873"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8790873"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8790873"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}