{"id":877156,"date":"2006-06-13T16:30:01","date_gmt":"2006-06-13T16:30:01","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/06\/den_store_klassefesten877156\/"},"modified":"2006-06-13T16:30:01","modified_gmt":"2006-06-13T16:30:01","slug":"den_store_klassefesten877156","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/den_store_klassefesten877156\/","title":{"rendered":"Den store klassefesten"},"content":{"rendered":"<p>Fredag reiste eg Suleskarvegen over fjellet til \u00c5lg\u00e5rd. Det var 25 grader p\u00e5 h\u00f8gaste fjellet, vel 1050 meter over havet og ganske stor trafikk. Men turen gjekk fint. Den nye vegen i Oltedal gjer at du ganske fort er p\u00e5 veg ut mot den opnare delen av Gjesdal kommune. I alle \u00e5r har eg opplevd at lyset her ute er annleis, fjella f\u00e5r ein meir pastellfarga let enn nokon annan stad i landet.<\/p>\n<p>Eg skulle p\u00e5 klassefest. Det var 45 \u00e5r sidan me slutta folkeskulen, og min n\u00e6raste nabo i oppveksten, Eddie, meinte det var p\u00e5 tide med ein ny fest. Dei hadde hatt fest for \u00e5 markere 15 og 30 \u00e5r, s\u00e5 det var naturleg \u00e5 halde p\u00e5 tradisjonen. Eg var ikkje med p\u00e5 dei fyrste festane, d\u00e5 budde eg i Nord-Noreg. Difor var eg helst noko spent p\u00e5 dette, og hadde det ikkje vore fordi Eddie spora meg opp p\u00e5 telefonen, hadde nok innbydinga g\u00e5tt i gl\u00f8ymeboka utan at eg fekk melde meg p\u00e5.<\/p>\n<p>Ein halv time f\u00f8r avtalt tid m\u00f8tte eg opp p\u00e5 Gjesdal Gjestgiveri, tidlegare \u00c5lg\u00e5rd Hotell. Det ligg tvers over elva i h\u00f8ve til Kongeparken, og der skulle festen vere. Alt d\u00e5 hadde eit tital av dei tjue som hadde meldt seg, funne plass p\u00e5 terrassen. Dei str\u00e5lte om kapp med kveldssola, mange av dei hadde eg ikkje sett sidan eg flytta fr\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd for n\u00e6rare 40 \u00e5r sidan. Litt hadde dei nok forandra seg, men snart fann eg attkjenningsbrillene og s\u00e5g at endringane var langt mindre enn ein skulle tru.<\/p>\n<p>I lesesirkelen &#8220;Agder les dansk&#8221; som vi har her i Valle, har vi i vinter mellom anna lese Hans Scherfigs roman Det fors\u00f8mte for\u00e5r. Den handlar og om ein klassefest, men det er ein guteklasse i den gamle latinskolen i K\u00f8benhavn som m\u00f8test etter 25 \u00e5r. Som i den boka vart det p\u00e5 v\u00e5r fest snakk om l\u00e6rarane, ein av dei, Einar Nielsen, var forresten med oss. Men sj\u00f8lvsagt var det mest snakk om oss sj\u00f8lve, om borna v\u00e5re og borna deira. Av oss 20 som kom p\u00e5 festen, var visst eg den som hadde flytt lengst. Men son til ei av jentene i klassen hadde gifta seg i Hadsel kyrkje, som eg i 15 \u00e5r hadde som mi kyrkje, og eg kjende foreldra til brura.<\/p>\n<p>Etter ein nydeleg middag samlast me i eit mindre rom til mimring og kaker, og praten gjekk til langt ut i dei sm\u00e5 timane. Eddie hadde funne ei rekke bilete som han synte i PowerPoint. Dei gav eit godt grunnlag for samtale. Eg var imponert over kor godt mange av klassekameratane mine hugsa. Han hadde bilete fr\u00e5 sundagsskule, yngres og fotball, og eg var ikkje mindre imponert over kor mange av oss som hadde delteke i slike aktivitetar. Det verka som om 17.-mai feiringa ogs\u00e5 var st\u00f8rre for \u00e5r tilbake, men ulike innslag i toga. P\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd var det og liten skilnad p\u00e5 feiringa av 1. og 17.-mai, i alle fall for dei som h\u00f8yrde til Arbeidarpartiet, og p\u00e5 denne som p\u00e5 mange andre industristader var nok det dei fleste. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/%C3%85lg%C3%A5rd<\/p>\n<p>P\u00e5 NRK har dei Den store klassefesten som laurdagsunderhaldning. \u00c5 m\u00f8te gamle klassekameratar og h\u00f8yre litt om kva dei har f\u00e5tt til gjennom dei mange \u00e5ra me ikkje har hatt kontakt, var b\u00e5de til glede og ettertanke. Mest tydeleg d\u00e5 eg seint p\u00e5 sommarnatta sette kursen mot Mandal var takksemda. Eg starta k\u00e5seriet med den songen me song og minnast fr\u00e5 skuletida, Bj\u00f8rnsons &#8220;Og reven l\u00e5 under birkerot.&#8221; http:\/\/barne.koordinatoren.com\/content\/view\/54\/65\/  Eg var takksam for kvelden og for livet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fredag reiste eg Suleskarvegen over fjellet til \u00c5lg\u00e5rd. Det var 25 grader p\u00e5 h\u00f8gaste fjellet, vel 1050 meter over havet og ganske stor trafikk. Men turen gjekk fint. Den nye vegen i Oltedal gjer at du ganske fort er p\u00e5 veg ut mot den opnare delen av Gjesdal kommune. I alle \u00e5r har eg opplevd &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/den_store_klassefesten877156\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Den store klassefesten<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-877156","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/877156"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=877156"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/877156\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=877156"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=877156"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=877156"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}