{"id":864086,"date":"2006-06-08T20:37:59","date_gmt":"2006-06-08T20:37:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/06\/bygdeutvikling_pa_mange_matar864086\/"},"modified":"2006-06-08T20:37:59","modified_gmt":"2006-06-08T20:37:59","slug":"bygdeutvikling_pa_mange_matar864086","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bygdeutvikling_pa_mange_matar864086\/","title":{"rendered":"Bygdeutvikling p\u00e5 mange m\u00e5tar 1"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag 7. juni 2006 hadde eg tema Bygdeutvikling i Valle radio. Fr\u00e5 klokka 20.00 sende eg eit intervju med Dag J\u00f8rund L\u00f8nning. Her er ei infoside om han: http:\/\/www.tmforskbo.no\/medarbeidere\/Detalj.asp?id=31<\/p>\n<p>Her er f\u00f8rste del av intervjuet:<\/p>\n<p>HH: Bygdeutvikling er eit tema som har volda mange bekymringar og mange tankar. Folk flytter fr\u00e5 bygdene og ein veit ikkje kva ein skal gjere for \u00e5 halde folk att. P\u00e5 Telemarksforskning driv de med studiar av dette meir profesjonelt, og d\u00e5 lurte eg p\u00e5 kva de driv med der. Du er fagleg leiar p\u00e5 dette med bygdeutvikling, Dag J\u00f8rund L\u00f8nning, har du vore det lenge?<\/p>\n<p>DJL: Eg har vore ved Telemarksforskning sidan 2000, s\u00e5 det tek til \u00e5 bli nokre \u00e5r. Vi har bygd opp denne avdelinga rundt bygdeutvikling p\u00e5 denne tida, og det er eit sv\u00e6rt spanande tema som eg nok f\u00f8ler at vi har eit nyvinnande fokus p\u00e5. Vi har rett og slett flytta fokus fr\u00e5 det som har vore eit tungt diskusjontema, at bygdene har fokusert p\u00e5 manglar, p\u00e5 fr\u00e5flytting, den negative vinklinga: p\u00e5 manglar. Vi snakkar no om kva bygdene har av ressursar, og vi er langt meir opptekne av tilflytting enn av fr\u00e5flytting. Dette er eit perspektiv som etter kvart er i ferd med \u00e5 vekse seg fram og det vert teke inn i ein del kommunar og regionar som synest dette er spennande. Ein kommune her i Telemark har lukkast godt med dette, noko som viser at ein kan n\u00e5 langt i dag, sj\u00f8lv om ein har alle desse s\u00e5kalla infrastrukurelle faktorane mot seg, d\u00e5 tenkjer eg p\u00e5 Fyresdal, som er den minste kommunen i Telemark. Fyresdal er den kommunen som lengst fr\u00e5 eit st\u00f8rre senter. Likevel har dei no ein veldig vekst b\u00e5de i n\u00e6ringsliv og i folketal gjennom at dei har tenkt som eg nett har nemnd: Vi fokuserar p\u00e5 kva vi faktisk har i staden for det som eg kallar &#8220;det evindelege gn\u00e5let&#8221; om kva bygdene manglar. Vi har ikkje nok diskotek, vegane er d\u00e5rlege, osv., osv. Om vi heng oss opp i den m\u00e5ten \u00e5 presentere staden v\u00e5r p\u00e5, s\u00e5 driv vi aktiv vaksinering av den komande generasjonen. Dei vil ikkje flytte til ein slik stad.<\/p>\n<p>Vi lever i ei spesiell tid, der det med interesse, lyst og personleg \u00f8nskje og vilje st\u00e5r veldig sterkt. Det seier seg sj\u00f8lv at d\u00e5 m\u00e5 ein bruke positive verkemiddel. Ein kan ikkje halde fram med maset om avstandar, fr\u00e5flytting og elende, nedlegging og slikt. Det verkar ikkje.<\/p>\n<p>HH: Fyresdal har klart dette?<\/p>\n<p>DJL: Ja, der g\u00e5r det s\u00e5 det kostar etter, ikkje minst n\u00e5r det gjeld folketalet, det har jo flytta mange hollandske familiar dit. Tidlegare har mange nordmenn flytta fr\u00e5 Fyresdal, slike stader blir gjerne definert som &#8220;avkrokar&#8221; ellere med andre negative ord. Desse hollenderane kjem hit og opplever at dei har kome til paradis. Dei fokuserar p\u00e5 det staden har, det som fleire og fleire menneske i dag ser at dei manglar. Mange folk opplever at dei treng \u00e5 ha rom rundt seg. Eg har jobba mykje med ungdom og bygdeutvikling, og det er i seg sj\u00f8lv sv\u00e6rt spanande.<\/p>\n<p>Det har vore ein tradisjon for forskingsinstitusjonar \u00e5 reise rundt og sp\u00f8rje kvifor ungdom vil flytte **fr\u00e5** bygdene. Det kan jo vere interessant i seg sj\u00f8lv, men det er like interessant \u00e5 snu dette p\u00e5 hovudet, s\u00e5 vi har spurt byungdom om dei kan tenkje seg \u00e5 flytte **til** bygda. Det viser seg at det er omtrent eit tilsvarande tal byungdom som kan tenke seg \u00e5 flytte til bygda som talet p\u00e5 bygdeungdom som kan tenkje seg \u00e5 flytte til byen. Bak begge resultata ligg det som eg var inne p\u00e5 om personlege \u00f8nskjer og interessar. Dei bygdeungdommane som \u00f8nskjer seg til byen, har ofte interessar som bygda ikkje kan tilby. Ofte er det knytt til ein urban livsstil med kaf\u00e9ar og liknande. Byungdomane som \u00f8nskjer seg motsett veg har det p\u00e5 same m\u00e5ten, dei har interesser som dei ikkje f\u00e5r oppfylt i byen. Deira interesse er meir knytt til rom, til natur, dyr og friluftsliv, og dei \u00f8nskjer seg til bygda. Vi ser flytting i begge retningar i dag, og det er viktig at bygdene er klar over at dette faktisk eksisterer, det er folk som er interessert i det ein har \u00e5 tilby. D\u00e5 er v\u00e5r bodskap at du m\u00e5 bli best p\u00e5 det du har av ressursar. Du m\u00e5 ikkje bli best p\u00e5 det du manglar. Det er ein viktig bodskap, trur eg.<\/p>\n<p>Strategien g\u00e5r d\u00e5 rett og slett ut p\u00e5 \u00e5 samle folk lokalt, rundt bordet, og s\u00e5 f\u00e5 dei til \u00e5 stille sp\u00f8rsm\u00e5la: Kva har vi her? Kva kan vi her? **Reindyrk det!**<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag 7. juni 2006 hadde eg tema Bygdeutvikling i Valle radio. Fr\u00e5 klokka 20.00 sende eg eit intervju med Dag J\u00f8rund L\u00f8nning. Her er ei infoside om han: http:\/\/www.tmforskbo.no\/medarbeidere\/Detalj.asp?id=31 Her er f\u00f8rste del av intervjuet: HH: Bygdeutvikling er eit tema som har volda mange bekymringar og mange tankar. Folk flytter fr\u00e5 bygdene og ein veit &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bygdeutvikling_pa_mange_matar864086\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bygdeutvikling p\u00e5 mange m\u00e5tar 1<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[21],"class_list":["post-864086","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-bygdeutvikling"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/864086"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=864086"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/864086\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=864086"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=864086"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=864086"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}