{"id":8568251,"date":"2010-05-11T22:57:56","date_gmt":"2010-05-11T22:57:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/05\/sissel-akre-pa-landsmte-i-noregs-mallag-8568251\/"},"modified":"2010-05-11T22:57:56","modified_gmt":"2010-05-11T22:57:56","slug":"sissel-akre-pa-landsmte-i-noregs-mallag-8568251","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sissel-akre-pa-landsmte-i-noregs-mallag-8568251\/","title":{"rendered":"Sissel \u00c5kre p\u00e5 Landsm\u00f8te i Noregs M\u00e5llag"},"content":{"rendered":"<p>Det vart ein festleg time \u00e5 ha med Sissel \u00c5kre i Valle Radio i kveld for \u00e5 fortelje om d\u00e5 ho var p\u00e5 Landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag. Ein tur med Knut Homme fr\u00e5 Marnardal M\u00e5llag oppover gjennom landet fr\u00e5 Valle til Stiklestad &#8211; ingen fly gjekk den fredagen. Og sj\u00f8lv om ho ikkje fortalde s\u00e5 mykje om sj\u00f8lve turen, som tok 14 timar, s\u00e5 skj\u00f8na ein at det hadde vore ein fin tur i eit flott land. Heimturen gjennom \u00d8sterdalen var ikkje fullt s\u00e5 naturskj\u00f8n.<\/p>\n<p>Men det var forteljinga om sj\u00f8lve landsm\u00f8tet som gjorde inntrykk. Sissel sprang p\u00e5 talarstolen for \u00e5 kommentere prosjektet om nynorsk i barnehagane &#8211; etterlyste om det hadde vore nokon f\u00f8rskulel\u00e6rar med i gruppa, og folk som vart svar skuldige og m\u00e5tte innr\u00f8mme at det visst ikkje hadde vore det. S\u00e5 blei ho sj\u00f8lv rekruttert til ei tankesmie om emnet.<\/p>\n<p>Sissel protesteret og d\u00e5 det vart sagt at dialektbruk var p\u00e5 tilbaketog i Valle. Det ville ho ikkje vere med p\u00e5 og lurte p\u00e5 grunnlaget for at dei kunne seie det. Slik fekk ho markert at Valle m\u00e5llag var p\u00e5 Landsm\u00f8tet. Valle m\u00e5llag har 35 medlemmer og medlemskontingenten er kr. 0. Og Sissel vart utsending, for ho har lettare for \u00e5 reise no som ho er blitt pensjonist.<\/p>\n<p>Ettersom folk sat askefaste, vart m\u00f8tet komprimert. I staden for \u00e5 starte p\u00e5 fredag 16. april (som var bursdagen til Sissel) gjekk m\u00f8tet p\u00e5 laurdag 17. april, fyrst med formannens tale, som hadde 10 punkt:<br \/>\n\u0095 Utfordring 1: Kvalitetssikra spr\u00e5k i l\u00e6remiddel<br \/>\n\u0095 Utfordring 2: Skuleeigar sitt ansvar<br \/>\n\u0095 Utfordring 3: Folketalsutvikling og busetjingsm\u00f8nster<br \/>\n\u0095 Utfordring 4: Oppslutnad om dialekt<br \/>\n\u0095 Utfordring 5: N\u00e6ringsliv og nynorsk i marknadsf\u00f8ring<br \/>\n\u0095 Utfordring 6: Verdsetjing av fleirspr\u00e5k<br \/>\n\u0095 Utfordring 7 og 8: Sidem\u00e5lshets og sidem\u00e5lsundervisning<br \/>\n\u0095 Utfordring 9: Sidem\u00e5lsoppl\u00e6ring for fleirspr\u00e5klege<br \/>\n\u0095 Utfordring 10: Nynorsk for innvandrarar<\/p>\n<p><strong>Og i den siste utfordringa var han innom Setesdal:<\/strong><br \/>\nTenk deg at du g\u00e5r nedover gata i ei bygd i Setesdal og treff to innvandrarar. Den eine pratar gebrokke bokm\u00e5l med utanlandsk aksent, den andre pratar gebrokke nynorsk med utanlandsk aksent. Tenk etter kven av dei to du lettast ville kategorisere som utlending.<\/p>\n<p>Tenk s\u00e5 etter korleis du trur talem\u00e5let deira vil vere om to \u00e5r, kven av dei vil kunne tileigne seg den lokale dialekten.<\/p>\n<p>Ein av dei fjernsynsreklamane flest hugsar er taxisj\u00e5f\u00f8ren som f\u00e5r sp\u00f8rsm\u00e5l om kor han er fr\u00e5. Sp\u00f8rsm\u00e5let kjem openbert p\u00e5 grunn av at mannen har m\u00f8rk hud og rastafrisyre. Dei aller fleste som ser han tenkjer \u0096 medvite eller umedvite \u0096 at han er utlending eller innvandrar. I det han opnar munnen og seier \u0094\u00c6 e fr\u00e5 Harstad, enn du?\u0094, s\u00e5 har han br\u00e5tt f\u00e5tt ein annan og ny identitet i hovuda til dei aller fleste sj\u00e5arane. Dialekt er nemleg sterkare enn hudfarge som assosiasjonsmakar. Nett difor burde vi gjere det lettare for innvandrarar \u00e5 l\u00e6re den lokale dialekten. Nett difor burde innvandrarar l\u00e6re nynorsk.<\/p>\n<p>Eg skal kome attende til noko av det Sissel nemnde i ein seinare bloggpost.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det vart ein festleg time \u00e5 ha med Sissel \u00c5kre i Valle Radio i kveld for \u00e5 fortelje om d\u00e5 ho var p\u00e5 Landsm\u00f8tet i Noregs M\u00e5llag. Ein tur med Knut Homme fr\u00e5 Marnardal M\u00e5llag oppover gjennom landet fr\u00e5 Valle til Stiklestad &#8211; ingen fly gjekk den fredagen. Og sj\u00f8lv om ho ikkje fortalde s\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sissel-akre-pa-landsmte-i-noregs-mallag-8568251\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sissel \u00c5kre p\u00e5 Landsm\u00f8te i Noregs M\u00e5llag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8568251","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8568251"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8568251"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8568251\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8568251"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8568251"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8568251"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}