{"id":8543668,"date":"2010-05-08T19:54:02","date_gmt":"2010-05-08T19:54:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/05\/8-mai-8543668\/"},"modified":"2010-05-08T19:54:02","modified_gmt":"2010-05-08T19:54:02","slug":"8-mai-8543668","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/8-mai-8543668\/","title":{"rendered":"8. mai"},"content":{"rendered":"<p>Frigjeringsdagen 8. mai vart minna med seremoniar ikkje bare i Noreg. Vi kunne sj\u00e5 p\u00e5 TV korleis dei britiske politikarane som nett har vore i ein hard valkamp, stod saman om \u00e5 heidra dei som fall for fridom under 2. verdskrigen. I dagens F\u00e6drelandsvennen var det eit gripande stykke om russiske krigsfangar som ikkje kom seg heim etter fangeskap p\u00e5 S\u00f8rlandet. Artikkelen i avisa gav eit glimt inn i ei anna tid og eit heilt anna tilv\u00e6re, og ein kan undrast over korleis det ville vore om noko liknande hadde r\u00e5ka oss i \u00e5r.<\/p>\n<p>Gjennom mi skriving p\u00e5 wikipedia har eg av og til kome over folk som var aktive i motstanden under krigen. I g\u00e5r dukka ein slik person opp, Knut Johansen Lillevand, f\u00f8dd 1920, d\u00f8d 2007. Han var student d\u00e5 krigen braut ut og vart arrestert av tyskarane i 1944, men unngjekk deportering og kom seg fri. D\u00e5 flykta han til Sverige, som s\u00e5 mange andre i dei \u00e5ra, og vart med i motstandsarbeidet derifr\u00e5. Under krigen flykta om lag 50.000 fr\u00e5 landet, dei fleste til Sverige, men fr\u00e5 Vestlandet drog og nokon til Storbritannia direkte. Dei fleste kom heim att d\u00e5 krigen var slutt, det gjorde og Knut Johansen Lillevand. Han fullf\u00f8rte studiene sine, hadde eit \u00e5r som l\u00e6rar i USA og eit \u00e5r som statsstipendiat i Frankrike f\u00f8r han vart konsulent i Gyldendal Norsk Forlag.<\/p>\n<p>Men alt i 1949 fekk han ei stilling i Kortb\u00f8lgen i NRK, og sidan var han i NRK i 40 \u00e5r til han gjekk av med pensjon i januar 1990. P\u00e5 den tida gjorde folk teneste i fleire avdelingar, men i 1958 kom han til Radioteatret, og der vart han verande, litter\u00e6rt interessert som han var. Han gjorde mykje for \u00e5 utvikle h\u00f8yrespelet som sjanger i radioen og skaffa seg etter kvart eit stort nettverk av kontaktar i andre land sine radioteater. Har du h\u00f8yrt Radioteateret i perioden fram til 1990, har du nok h\u00f8yrt program som han hadde ein finger med i. Du kan lese meir om han her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Knut_Johansen_Lillevand<\/p>\n<p>Slik gjekk det med dei fleste som var flyktningar under krigen og som kom heim att, dei fann seg jobbar og levde sine liv med dei oppg\u00e5vene dei hadde for \u00e5 byggje landet etter \u00e5ra med ufred. Ikkje alle klarte overgangen like godt, alle var nok prega av krigen for livet. I eit intervju NRK1 hadde med Tikken Manus refererte ho mannen Max Manus, som jo hadde st\u00e5tt for store bragder under krigen, men som meinte at ein m\u00e5tte gjere alt ein kunne for \u00e5 unng\u00e5 at noko slikt skulle hende att.<\/p>\n<p>Det er ikkje vanskeleg \u00e5 st\u00f8tte det synspunktet, ikkje minst n\u00e5r ein har eit barnebarn som fyller eitt \u00e5r i dag. Gratulerer med dagen, anten du feirer bursdag eller frigjeringsdag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Frigjeringsdagen 8. mai vart minna med seremoniar ikkje bare i Noreg. Vi kunne sj\u00e5 p\u00e5 TV korleis dei britiske politikarane som nett har vore i ein hard valkamp, stod saman om \u00e5 heidra dei som fall for fridom under 2. verdskrigen. I dagens F\u00e6drelandsvennen var det eit gripande stykke om russiske krigsfangar som ikkje kom &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/8-mai-8543668\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">8. mai<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8543668","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8543668"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8543668"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8543668\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8543668"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8543668"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8543668"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}