{"id":8515743,"date":"2010-05-04T20:00:10","date_gmt":"2010-05-04T20:00:10","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/05\/askefast-8515742\/"},"modified":"2010-05-04T20:00:10","modified_gmt":"2010-05-04T20:00:10","slug":"askefast-8515742","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/askefast-8515742\/","title":{"rendered":"Askefast"},"content":{"rendered":"<p>Eg veit ikkje kor mange fr\u00e5 \u00d8vre Setesdal, som er nedslagsfeltet til Valle Radio, som sat askefaste i den perioden d\u00e5 fly vart kansellerte, men truleg var det ein del.<\/p>\n<p>Dei som opplever noko slikt, vil som regel ha noko \u00e5 fortelje. P\u00e5 tysk heiter det &#8220;Wenn jemand eine Reise tut, dann kan er was erz\u00e4hlen.&#8221; Og den som opplever noko som skil seg fr\u00e5 den planlagde reisa, har truleg end\u00e5 meir \u00e5 fortelje. Eg var heldig og fekk Karin B\u00f8e til \u00e5 kome i studio og fortelje om turen som kyrkjestaben i Bykle og Valle prestegjeld hadde til Paris midt i askefast-styret.<\/p>\n<p>Etter eit noks\u00e5 turbulent \u00e5r kunne det vere godt med nokre dagar for \u00e5 ta vare p\u00e5 samhald og fellesskap. Difor hadde dei kome fram til at dei ville ta ein tur til Paris, og forlenge den til Taiz\u00e9, eit klosterfellesskap eit par timars togtur fr\u00e5 Paris. Dette fellesskapet har betydd mykje for kyrkjeliv og kristenliv i heile Europa, s\u00e6rleg songen har tona over grensene. Slik ville dei kombinere det nyttige og inspirerande med det behagelege, \u00e5 oppleve storbyen med Eiffelt\u00e5rnet og andre attraksjonar er jo noko ein kan ha glede av i seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>No vart turen noks\u00e5 mykje annleis enn planen var.<\/p>\n<p>Etter planen skulle folk m\u00f8tast p\u00e5 Kjevik klokka 7 om morgonen og fly til Oslo og derifr\u00e5 vidare til Paris. Men i taxien p\u00e5 veg ut til Kjevik denne torsdagsmorgonen fekk dei telefon om at flyplassen var stengd p\u00e5 grunn av denne askeskya fr\u00e5 Island. Karin ber\u00f8mma Helene Horverak, som snudde p\u00e5 h\u00e6len og kommanderte alle til \u00e5 m\u00f8te p\u00e5 ferja i Kristiansand og s\u00e5 heller reise nedover med tog gjennom Danmark og Tyskland til Paris.<\/p>\n<p>I staden for \u00e5 fly om Oslo, gjekk turen over havet til Hirtshals. God fart og blikkstille ver, og vel framme i Danmark m\u00e5tte dei finne tog som kunne ta dei nedover kontinentet. Det vart seks togbytte fyrste dagen, og om kvelden kom dei til Hamburg, der m\u00e5tte dei overnatte. S\u00e5 gjekk det vidare i TGV-tog i 300 km i timen mot Paris, bilane p\u00e5 motorvegen s\u00e5g ut som om dei stod stille.<\/p>\n<p>I staden for \u00e5 reise til Taize p\u00e5 fredag, vart det alts\u00e5 togtur gjennom det flate Europa f\u00f8r dei s\u00e5 kunne sjekke inn p\u00e5 hotellet dei hadde bestilt fr\u00e5 fredagskvelden i Paris.<\/p>\n<p>Karin fortalde levande fr\u00e5 turen, eg fann musikk fr\u00e5 Taize for \u00e5 syne kva dei gjekk glipp av. Musikken der finst p\u00e5 mange plater, og Spotify hadde mykje av den musikken, s\u00e5 det var lett \u00e5 finne. Her kom<br \/>\n*Laudate omnes gentes<br \/>\n*Gloria, Gloria<br \/>\n*Cantate Domino<br \/>\n*Wait for the Lord<br \/>\n*Bless the Lord<br \/>\nmellom praten v\u00e5r, s\u00e5 det gjekk ganske fort, den timen vi hadde sett av til dette. Meir fylgjer i morgon.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg veit ikkje kor mange fr\u00e5 \u00d8vre Setesdal, som er nedslagsfeltet til Valle Radio, som sat askefaste i den perioden d\u00e5 fly vart kansellerte, men truleg var det ein del. Dei som opplever noko slikt, vil som regel ha noko \u00e5 fortelje. P\u00e5 tysk heiter det &#8220;Wenn jemand eine Reise tut, dann kan er was &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/askefast-8515742\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Askefast<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8515743","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8515743"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8515743"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8515743\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8515743"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8515743"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8515743"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}