{"id":8498467,"date":"2010-05-02T18:00:13","date_gmt":"2010-05-02T18:00:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/05\/dr-daniel-8498467\/"},"modified":"2010-05-02T18:00:13","modified_gmt":"2010-05-02T18:00:13","slug":"dr-daniel-8498467","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dr-daniel-8498467\/","title":{"rendered":"Dr. Daniel"},"content":{"rendered":"<p>Eg siterer fr\u00e5 Facebooksida til Valle Radio:<br \/>\nErling &#8216;Eli&#8217; Dugan:<br \/>\nHelsing fr\u00e5 s\u00f8r California. H\u00f8yrde p\u00e5 intervjuet med l\u00e6kjaren fr\u00e5 Ghana p\u00e5 Internett. Var moro \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 det og reklameinnslaga. Mor mi kjem fr\u00e5 Fjotland og far min fr\u00e5 Kvinesdal. Eg vaks opp i Brooklyn.<\/p>\n<p>Det er rart \u00e5 tenkje p\u00e5 at ved v\u00e5r Internettradio kunne folk sitje i California og Australia og h\u00f8yre p\u00e5 samtalen som eg og dr. Daniel hadde tysdagskvelden. Der fortalde han om seg sj\u00f8lv og om prosjektet han og ein kamerat arbeider med \u00e5 f\u00e5 i gang i samarbeid med Fattighuset i Oslo. Ein eller to gonger i m\u00e5naden vil dei halde gratis legekontor for folk som ikkje har r\u00e5d til \u00e5 g\u00e5 til fastlegen, Det er eit prosjekt der dei ikkje skal f\u00e5 l\u00f8n, dei skal gjere det for \u00e5 hjelpe folk som ikkje har det s\u00e5 godt som dei fleste i Norge. Planen er \u00e5 starte til hausten, no arbeider dei for \u00e5 f\u00e5 utstyret dei treng til kontoret.<\/p>\n<p>Om seg sj\u00f8lv fortalde Daniel at han var glad for \u00e5 vere her dei tre vekene sist i april som vikar for dr. Hallvard. Han hadde turnusteneste her for vel eit \u00e5r sidan, sjukehusturnusen hadde han p\u00e5 Skien sykehus. Det er normalt \u00e5 ha turnus i distrikt i same fylke som ein har sjukehusturnus, men han fekk ein friplass og hamna i Valle. Etter det hadde han sivilteneste p\u00e5 sjukehuset i Rjukan, no leiter han etter ein stilling som lege p\u00e5 eit sjukehus i Oslo, der han kjem fr\u00e5 og der han har kj\u00f8pt seg ein stad \u00e5 bu. Han er mest avhengig av \u00e5 f\u00e5 ein jobb i Oslo for \u00e5 kunne starte opp prosjektet p\u00e5 Fattighuset, noko m\u00e5 ein jo leve av og.<\/p>\n<p>Daniel studerte i Ungarn, eit par timar fr\u00e5 Budapest. Sj\u00f8lv om undervisninga var p\u00e5 engelsk, m\u00e5tte han l\u00e6re seg ungarsk for \u00e5 kunne fungere i samfunnet der. Det var fleire norske studentar der, alle m\u00e5tte l\u00e6re seg ungarsk. I tillegg snakkar han spr\u00e5ket akan, som er morsm\u00e5let og det familien nytta i Ghana. Du finn meir om Ghana p\u00e5 wikipedia om du g\u00e5r fr\u00e5 artikkelen om spr\u00e5ket akan, som p\u00e5 norsk ikkje er lang, men som gjev lenke til engelsk artikkel, som er noko lengre, og fr\u00e5 den norske kan du og klikke deg til informasjon om landet og anna stoff: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Akan_%28spr%C3%A5k%29<\/p>\n<p>Det var ein triveleg time i studio denne tysdagskvelden. Daniel Baffo likte musikk av Aretha Franklin, s\u00e5 vi supplerte samtalen med eit par songar av henne, men timen gjekk fort. Om det h\u00f8ver slik, kjem han kanskje innom i Valle Radio att n\u00e5r han kjem tilbake til Valle etter 17. mai.<\/p>\n<p>PS:<br \/>\nP\u00e5 v\u00e5r Facebook-side er det bilet av han, Britta Lise var innom legekontoret og knipsa han der. http:\/\/www.facebook.com\/photo.php?pid=3639226&#038;id=315158359845<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg siterer fr\u00e5 Facebooksida til Valle Radio: Erling &#8216;Eli&#8217; Dugan: Helsing fr\u00e5 s\u00f8r California. H\u00f8yrde p\u00e5 intervjuet med l\u00e6kjaren fr\u00e5 Ghana p\u00e5 Internett. Var moro \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 det og reklameinnslaga. Mor mi kjem fr\u00e5 Fjotland og far min fr\u00e5 Kvinesdal. Eg vaks opp i Brooklyn. Det er rart \u00e5 tenkje p\u00e5 at ved v\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dr-daniel-8498467\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Dr. Daniel<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8498467","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8498467"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8498467"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8498467\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8498467"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8498467"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8498467"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}