{"id":848369,"date":"2006-06-02T09:47:10","date_gmt":"2006-06-02T09:47:10","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/06\/radiobasar_i_valle_for_kreftsaka848369\/"},"modified":"2006-06-02T09:47:10","modified_gmt":"2006-06-02T09:47:10","slug":"radiobasar_i_valle_for_kreftsaka848369","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/radiobasar_i_valle_for_kreftsaka848369\/","title":{"rendered":"Radiobasar i Valle for kreftsaka"},"content":{"rendered":"<p>**40000 kr. f\u00f8r kveldssendinga er i gang**<\/p>\n<p><em>Tekst: Sigurd Haugsgjerd (Setesd\u00f8len fredag 2. juni 2006)<\/em><br \/>\n-Det finst knapt ein familie som ikkje har n\u00e6re slektningar som p\u00e5 eit eller anna stadie i livet blir r\u00e5ka av kreft. Dette er ein folkesjukdom, og i kveld vil me samle folket til eit krafttak for kreftsaka, seier Hallvard Kjelleberg i Valle Radio til Setesd\u00f8len. I kveld tar han med seg Eli Undheim fr\u00e5 Kreftforeninga og g\u00e5r i studio kl. 19.<\/p>\n<p>Det blir sending for heile dalen. P\u00e5 ein tilsvarande basarkveld for tre \u00e5r sidan vart det samla inn tett p\u00e5 100.000 kroner til det gode f\u00f8rem\u00e5let. Ved Valle Radio sin eigen radiobasar i p\u00e5skehelga i \u00e5r kom det inn til saman 160.000 kroner, s\u00e5 dette har vist seg \u00e5 vere ei fin form for pengeinnsamling.<\/p>\n<p>-Det er kombinasjonen informasjon og underhaldning som fungerer s\u00e5 godt n\u00e5r me som i kveld let Kreftforeninga sitt arbeid vere det sentrale, seier Hallvard Kjelleberg.<\/p>\n<p>**Pangstart**<br \/>\nHan synest programmet denne gongen har f\u00e5tt ein pangstart alt f\u00f8r det er i gang.<\/p>\n<p>-Responsen fr\u00e5 n\u00e6ringslivet, ikkje berre lokalt, men i heile landsdelen er direkte imponerande, seier han. Hallvard fortel at det alt er kome inn 40.000 kroner i st\u00f8tte fr\u00e5 sponsorar. Alt fr\u00e5 kommunen og Nomelands Anleggsmaskinar til Valle Sparebank, Evje og Hornnes Sparebank og ikkje minst eigedomsmeklarane i byen er med. Dei sistnemnde utfordrar kvarandre, s\u00e5 ein kan mest ikkje vite kva som kan skje f\u00f8r kvelden er omme.<\/p>\n<p>**Super-madrass**<br \/>\nOgs\u00e5 gevinstane er s\u00e6rs flotte denne gongen. Ei Delta-madrass fr\u00e5 Deltasenteret i Kristiansand er hovudgevinsten til ein verdi av over 10.000 kroner. Men det er ogs\u00e5 mykje meir av mindre gevinstar. Folk fr\u00e5 heile dalen blir oppmoda om \u00e5 bli med b\u00e5de som lydarar p\u00e5 sj\u00f8lve sendinga og ved \u00e5 engasjere seg og st\u00f8tte ei god sak. Hallvard Kjelleberg minner og om at folk lengre unna kan fylgje radiosendingane p\u00e5 internett.<\/p>\n<p>**Dugnadsstab i sving**<br \/>\n-Me i Valle Radio synest det er moro \u00e5 kunne vere med p\u00e5 dette, seier han og fortel om eit heilt kobbel av dugnadsarbeidarar som er i sving i kveld. Alt fr\u00e5 loddseljarar (p\u00e5 data), telefonvakter og teknikarar til programleiarar er p\u00e5 plass for den gode saka.<\/p>\n<p>I tillegg til Eli Undheim fr\u00e5 Kreftforeningen har Hallvard med seg Rolf Erik Homme i studio i kveld. Den syngjande politimannen kan nok kome til \u00e5 opptre b\u00e5de i opptak og &#8220;live&#8221;, kjemmer me han rett. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>**40000 kr. f\u00f8r kveldssendinga er i gang** Tekst: Sigurd Haugsgjerd (Setesd\u00f8len fredag 2. juni 2006) -Det finst knapt ein familie som ikkje har n\u00e6re slektningar som p\u00e5 eit eller anna stadie i livet blir r\u00e5ka av kreft. Dette er ein folkesjukdom, og i kveld vil me samle folket til eit krafttak for kreftsaka, seier Hallvard &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/radiobasar_i_valle_for_kreftsaka848369\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Radiobasar i Valle for kreftsaka<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[37],"class_list":["post-848369","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-kreft"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/848369"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=848369"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/848369\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=848369"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=848369"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=848369"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}