{"id":8445973,"date":"2010-04-24T22:10:16","date_gmt":"2010-04-24T22:10:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/04\/trafikkulukke-i-kenya-8445973\/"},"modified":"2010-04-24T22:10:16","modified_gmt":"2010-04-24T22:10:16","slug":"trafikkulukke-i-kenya-8445973","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/trafikkulukke-i-kenya-8445973\/","title":{"rendered":"Trafikkulukke i Kenya"},"content":{"rendered":"<p>I sendinga i Valle Radio tysdagskvelden hadde eg eit innslag fr\u00e5 Nytt Liv Media i Stavanger om ei trafikkulukke i Kenya. Misjon\u00e6r Per Ove Malmin var saman med nokre andre kyrkjeleiarar p\u00e5 veg heim til Arusha etter \u00e5 ha vore p\u00e5 ein leiarkonferanse i Kenya. D\u00e5 dei skulle k\u00f8yre forbi ein traktor, svinga den over i feil k\u00f8yrebane og tvinga bilen i gr\u00f8fta, der han rulla rundt fleire gonger. Ein bibelskulerektor som var med fekk store skader i hovudet, dei andre fekk mindre skader, den norske misjon\u00e6ren m\u00e5tte sy 12 sting i hovudet, men hadde ikkje brot.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha f\u00e5tt hjelp p\u00e5 lokalsjukehuset vart alle sende til Nairobi for betre oppf\u00f8lging. Men p\u00e5 sjukehuset der m\u00e5 ein betale fyrst, og det var vanskeleg med pengar. Difor gjekk det ut b\u00f8n om hjelp via ein blogg i Noreg, og p\u00e5 eit d\u00f8ger kom det inn over 100.000 kroner, noko som dekte det sjukehuset kravde for CT og stell. Sidan var bibelskulerektoren sendt vidare til Haydom for \u00e5 f\u00e5 vidare pleie der,<\/p>\n<p>Ulukka skjedde sundag 12. april, omtale av ulukka kom p\u00e5 bloggen m\u00e5ndag 13. april, b\u00f8n om hjelp kom 14. april, onsdag hadde dei pengane, Fredag skreiv kona til Per Ove Malmin, Kristin Wennemo Malmin eit innlegg p\u00e5 bloggen med tittelen -Jeg er glad jeg lever. Bilete og tekst fortel om hendinga som vi alts\u00e5 omtale i Valle Radio tysdag 20. april. Her er lenke til bloggen: http:\/\/familienmalmin.blogspot.com\/  Der fortel dei og kvifor dei skriv bloggen: <em>Denne bloggen er opprettet av familien Malmin fordi vi i august 08 flyttet fra Norge til Tanzania. Her skal vi etter planen bo i tre \u00e5r. Vi er utsendt av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) til byen Arusha nord i Tanzania. Hovedoppgaver er administrasjon og r\u00e5dgivning (Per Ove) og produksjon av bladet Riziki (Kristin) gjennom Scripture Mission (NLM i \u00d8st-Afrika), som samarbeider med den lutherske kirken i Tanzania (ELCT). I tillegg er Per Ove engasjert i KRIKs internasjonale arbeid i Arusha: CHRISC. <\/em> Innslaget vi hadde i Valle Radio tysdagskvelden kan du h\u00f8yre hos Nytt Liv Media:<br \/>\nhttp:\/\/www.nyttlivmedia.no\/page.php?mtid=1&#038;elid=949<\/p>\n<p>Du kan lese meir om Arusha p\u00e5 wikipedia p\u00e5 engelsk, p\u00e5 norsk har vi ikkje f\u00e5tt artikkel om byen enn\u00e5: http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Arusha<\/p>\n<p>Det burde vi kanskje f\u00e5, men det vert ikkje i dag, i alle fall ikkje fr\u00e5 mi side, for no seier eg god natt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I sendinga i Valle Radio tysdagskvelden hadde eg eit innslag fr\u00e5 Nytt Liv Media i Stavanger om ei trafikkulukke i Kenya. Misjon\u00e6r Per Ove Malmin var saman med nokre andre kyrkjeleiarar p\u00e5 veg heim til Arusha etter \u00e5 ha vore p\u00e5 ein leiarkonferanse i Kenya. D\u00e5 dei skulle k\u00f8yre forbi ein traktor, svinga den over &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/trafikkulukke-i-kenya-8445973\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Trafikkulukke i Kenya<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8445973","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8445973"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8445973"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8445973\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8445973"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8445973"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8445973"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}