{"id":8432340,"date":"2010-04-22T20:46:00","date_gmt":"2010-04-22T20:46:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/04\/bokkveld-med-margaret-skjelbred-8432340\/"},"modified":"2010-04-22T20:46:00","modified_gmt":"2010-04-22T20:46:00","slug":"bokkveld-med-margaret-skjelbred-8432340","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bokkveld-med-margaret-skjelbred-8432340\/","title":{"rendered":"Bokkveld med Margaret Skjelbred"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var det bokkveld med Margaret Skjelbred. 15 personar m\u00f8tte p\u00e5 Setesdalsmuseet p\u00e5 Rysstad for \u00e5 h\u00f8yre den kjende forfattaren fortelje om Mors bok og andre b\u00f8ker i sin forfatterskap. Ho hadde med seg b\u00f8ker som ho selde, eg fekk meg eit eksemplar av Andrea D for ein hundrelapp. Pengane ho f\u00e5r inn, gjev ho til veldedige f\u00f8rem\u00e5l, no for tida er det ein barneheim p\u00e5 Haiti som nyt godt av st\u00f8nad fr\u00e5 henne. Over tid har det blitt opp mot 150.000 kroner, 150K som ein seier i v\u00e5r moderne tid.<\/p>\n<p>Foredraget hennar var veldig interessant. Ho fortalde om Mors bok, som ho ikkje hadde til sals, for den er framleis \u00e5 f\u00e5 i bokhandel, og om sin oppvekst i indre Vestfold i det konservative kyrkjesamfunnet DELK, Det evangelisk lutherske kirkesamfunn. Slik ho skildra det, var nok Det gamle testamente meir i bruk enn Det nye, og det var ikkje lett for eit barn \u00e5 h\u00f8yre om dei mange konkrete truslar og b\u00f8ner som er brukt der om Israels fiendar. I heimen var det ingen romanar, bare postiller i mange utg\u00e5ver, og dei las og studerte dei mykje. Omvending var sentralt og tidspunktet var viktig. I denne situasjonen fann mor hennar h\u00f8ve til \u00e5 skrive ein roman, seks sm\u00e5 skriveb\u00f8ker der ho fortel om Signe. Desse er utgangspunktet for Margaret Skjelbreds roman.<\/p>\n<p>Foredraget hennar p\u00e5 tre kvarter var veldig interessant og gav grunnlag for ein god samtale ved kaffebordet etterp\u00e5. Det vart ikkje s\u00e5 mykje samtale i plenum, men mange kjende seg att i det ho fortalde. Ei pietistisk og streng kristendomsform har vore vanleg mange stader i landet. Ho fortalde mellom anna om ein kristeleg teikneserie som var den einaste dei fekk lov \u00e5 sj\u00e5 heime, der var Jesus i hjarta, men etter kvart tok djevelen makta med alle sm\u00e5djevlane sine. Ein av dei som sat ved bordet mitt kunne fortelje at han hugsa dei teikningane fr\u00e5 ei bok som gome hadde i Valle, s\u00e5 sj\u00f8lv om det ikkje var plent slik ho fortalde her i dalen, var mykje likt.<\/p>\n<p>Det er artikkel om henne p\u00e5 wikipedia, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Margaret_Skjelbred<\/p>\n<p>Dette var ein stopp i ein turne p\u00e5 14 dagar der ho reiser fr\u00e5 stad til stad og held foredraget sitt p\u00e5 bibliotek p\u00e5 Agder. Sundag skal ho vere i Kristiansand, mellom anna, og neste veke g\u00e5r turneen rundt i Vest-Agder. Vel verd \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5, s\u00e5 om ho kjem til ein stad n\u00e6r deg, b\u00f8r du nytte h\u00f8vet. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var det bokkveld med Margaret Skjelbred. 15 personar m\u00f8tte p\u00e5 Setesdalsmuseet p\u00e5 Rysstad for \u00e5 h\u00f8yre den kjende forfattaren fortelje om Mors bok og andre b\u00f8ker i sin forfatterskap. Ho hadde med seg b\u00f8ker som ho selde, eg fekk meg eit eksemplar av Andrea D for ein hundrelapp. Pengane ho f\u00e5r inn, gjev &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bokkveld-med-margaret-skjelbred-8432340\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bokkveld med Margaret Skjelbred<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8432340","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8432340"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8432340"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8432340\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8432340"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8432340"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8432340"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}