{"id":843208,"date":"2006-05-31T12:06:00","date_gmt":"2006-05-31T12:06:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/05\/fred_er_ei_det_beste_men_at_man_noget_vi843208\/"},"modified":"2006-05-31T12:06:00","modified_gmt":"2006-05-31T12:06:00","slug":"fred_er_ei_det_beste_men_at_man_noget_vi843208","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fred_er_ei_det_beste_men_at_man_noget_vi843208\/","title":{"rendered":"&quot;Fred er ei det beste, men at man noget vil&quot;"},"content":{"rendered":"<p><em>I sendinga i Valle radio onsdag 24. mai kl. 20.00 hadde Bj\u00f8rgulv T. Berg med seg P\u00e5l Dale og Tarald Myrum for \u00e5 snakke om **korleis Sesil\u00e5mi kan utviklast til n\u00e6ringstiltak.** I Setesd\u00f8len fredag 26. mai hadde P\u00e5l dette innlegget, som eg har f\u00e5tt lov \u00e5 legge ut p\u00e5 bloggen:<\/em><\/p>\n<p>I saka om Sesil\u00e5mi si framtid vil eg bruke Bj\u00f8rnsons ord om at &#8220;fred er ei det beste, men at man noget vil&#8221;. I denne saka b\u00f8r ein likevel kunne ha eit fredeleg samarbeid, men samtidig ville noko. Sj\u00f8lv om det er midt i &#8220;verkje&#8221; (v\u00e5ronna), skal eg orientere om bakgrunnen for forslaget om \u00e5 vidareutvikle Sesil\u00e5mi.<\/p>\n<p>I forbindelse med regionr\u00e5det sitt representantskapsm\u00f8te var forfattar Paal-Helge Haugen invitert til \u00e5 tale om utviklinga, b\u00e5de i Setesdal og i eit globalt perspektiv der han s\u00e5g mulighetene f\u00f8re seg. Det var viktig \u00e5 gripe mulighetene, meinte han. Han nemnde at kultur- og n\u00e6ringspolitisk satsing er verdt \u00e5 pr\u00f8ve seg p\u00e5. Paal-Helge Haugen understreka d\u00e5 at ein m\u00e5 byggje p\u00e5 det ein hev, men det m\u00e5tte ikkje bli for puslete, det me driv med i Valle. Han meinte at det var mest berre rullatorar han s\u00e5g n\u00e5r han kom til Valle i dag.<\/p>\n<p>**G\u00f8ymde orda i hjartet**<br \/>\n&#8220;Mennesket er til alle tider ved ein skiljeveg,&#8221; vert det sagt. Eg g\u00f8ymde ein del av foredraget i hjarta og grunna p\u00e5 det. Som medlem av tiltaksnemnda, kulturutvalet og formannskapet sende eg eit brev til Valle kommune ved kulturr\u00e5dgjevar Hege sandhaug. Det var 15. april 2006. Saka var tidlegare omtala i Setesd\u00f8len og NRK S\u00f8rlandssendinga. Eg hadde og to telefonsamtalar der eg utveksla synspunkt med rennleiar Oddbj\u00f8rn Elve i Sirdal. Som politikar var det ikkje naturleg for meg \u00e5 g\u00e5 til dei andre idrottslaga f\u00f8r me lokalt hadde hatt ein runde for \u00e5 avkl\u00e5re om dette kunne vere noko \u00e5 satse p\u00e5. Det var ur\u00e5d p\u00e5 f\u00f8rehand \u00e5 vite om Valle IL i grove trekk ville slutte seg til dei punkta eg hadde sett opp i brevet.<\/p>\n<p>**Tanken om 3000 til 4000 deltakarar**<br \/>\nI brevet til kommunen skreiv eg mellom anna:<br \/>\n<em>Sender nokre tankar som medlem av tiltaksnemnda slik at de kan f\u00e5 sj\u00e5 vegen vidare og om det er verdt \u00e5 satse p\u00e5. Neste \u00e5r er det 30-\u00e5rsjubileum for Sesil\u00e5mi. Mitt forslag er \u00e5 gripe sjansen i staden for \u00e5 tenkje begrensningar. Her er det viktig \u00e5 byggje p\u00e5 noko ein har og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 det opp i 3-4000 deltakarar. <\/em><\/p>\n<p>Vidare i brevet skriv eg at eg tek med nokre konkrete tankar:<br \/>\n*Samarbeid mellom Bygland, Valle og Sirdal som i dag.<br \/>\n*Vurdere start laurdag.<br \/>\n*Godt oppk\u00f8yrde spor tidleg p\u00e5 vinteren, s\u00e5 l\u00e5ma kan trenast i tre-fire helger f\u00f8r start. Dette vil og styrkje overnattingsbedriftene og generere inntekter til Valle og Brokke som skisenter.<br \/>\n*Skape nye arbeidsplassar. Birkebeinarrennet har i dag fem heil\u00e5rsarbeidsplassar bare p\u00e5 Rena.<br \/>\n*Sponsorar som kan marknadsf\u00f8re seg i Brokke-omr\u00e5det.<br \/>\n*Studietur til Rena.<br \/>\n*Kjende skil\u00f8parar fr\u00e5 S\u00f8rlandet som deltakarar.<br \/>\n*Kjell Kristian Rike som speaker.<\/p>\n<p>**Viktig og godt m\u00f8te**<br \/>\nP\u00e5 bakgrunn av dette brevet sende kulturr\u00e5dgjevar Hege sandhaug innkalling til m\u00f8te torsdag 14. mai kl. 19.00 i formannskapssalen. Kopi vart og sendt til leiar i Valle IL, Tarald Myrum og kasserar i laget, Valborg Nomeland.<\/p>\n<p>Dette m\u00f8tet var viktig for \u00e5 leggje fram tankar f\u00f8r fellesm\u00f8tet mellom idrottslaga som samarbeider om Sesil\u00e5mi. Fr\u00e5 Valle IL m\u00f8tte Tarald Myrum, Erling Sagneskar, Bjarne Bratteland og Dreng Rike. I tillegg m\u00f8tte Hege Sandhaug og P\u00e5l Dale. Dette var eit s\u00e6rs godt m\u00f8te, ogs\u00e5 med nye og gode innspel.<\/p>\n<p>**Jon p\u00e5 Lista**<br \/>\nJon Lund p\u00e5 Lista hadde og eit lesarinnlegg i Setesd\u00f8len for nokre \u00e5r sidan der han meinte me m\u00e5tte f\u00e5 meir blest om ski- og langrennssatsing i Valle. Han nemnde d\u00e5 50-kilometeren i 1936, der OL- og verdsmeister Lars Bergendahl deltok i Berg i Valle. D\u00e5 var Gjermund Nomeland aktiv, og det var han som fekk rennet i stand. Jon Lund skreiv og at Dreng Viki fekk \u00e6ra av \u00e5 knyte startnummeret p\u00e5 Lars Bergendahl og at Valhall var open heile natta f\u00f8r rennet, s\u00e5 oppladninga skulle vere i orden.<\/p>\n<p>**Ikkje berre eit utspel**<br \/>\nMitt h\u00e5p er at dette ikkje berre blir eit utspel sj\u00f8lv om K\u00e5re Flateland meinte at det var s\u00e5 godt at eg kunne bruke det i valkampen i 2007. Eg vonar tvert om at det kan f\u00f8re til auka oppslutning om det \u00e5rvisse rennet, der ungdommen og er \u00e5 finne p\u00e5 startlistene.<\/p>\n<p>Her er det viktig \u00e5 velje rett spor, men ordtaket seier og at sj\u00f8lv omvegar av og til kan gjerast kortare. End\u00e5til i 17.-mai-talen i Valle nemnde Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund noko om Sesil\u00e5mi og startomr\u00e5det i Brokke, der det no er bygd fleire kilometer med ljosl\u00f8ype. Med s\u00e5 grei startarena s\u00e5g han ogs\u00e5 muligheter for \u00e5 utvikle skirennet og auke oppslutninga om arrangementet.<\/p>\n<p>Sportsleg helsing  **P\u00e5l Dale**<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I sendinga i Valle radio onsdag 24. mai kl. 20.00 hadde Bj\u00f8rgulv T. Berg med seg P\u00e5l Dale og Tarald Myrum for \u00e5 snakke om **korleis Sesil\u00e5mi kan utviklast til n\u00e6ringstiltak.** I Setesd\u00f8len fredag 26. mai hadde P\u00e5l dette innlegget, som eg har f\u00e5tt lov \u00e5 legge ut p\u00e5 bloggen: I saka om Sesil\u00e5mi si &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fred_er_ei_det_beste_men_at_man_noget_vi843208\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">&quot;Fred er ei det beste, men at man noget vil&quot;<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-843208","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/843208"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=843208"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/843208\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=843208"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=843208"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=843208"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}