{"id":8415001,"date":"2010-04-20T21:42:00","date_gmt":"2010-04-20T21:42:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/04\/nar-spotify-ikkje-heng-med-8415001\/"},"modified":"2010-04-20T21:42:00","modified_gmt":"2010-04-20T21:42:00","slug":"nar-spotify-ikkje-heng-med-8415001","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nar-spotify-ikkje-heng-med-8415001\/","title":{"rendered":"N\u00e5r Spotify ikkje heng med"},"content":{"rendered":"<p>I kveld skjedde det igjen: Spotify kom ikkje med musikken eg ville spele. Det er jo litt dumt \u00e5 basere seg p\u00e5 noko som bare fungerer delvis, men det skjedde i kveld.<\/p>\n<p>Fyrst var det problem d\u00e5 eg skulle finne songar til songtimen, fleire av dei kom sv\u00e6rt seint. Men verre vart det d\u00e5 tida kom for Postludium, der eg hadde tenkt \u00e5 bruke trompet og orgel-stykke fr\u00e5 spotify. Eg m\u00e5tte gje opp. I staden fann eg ei plate med trombone og orgel: The art of the trombone med Alain Trudel p\u00e5 trombone og Patrick Wedd, orgel, dei er to kanadiske musikarar, og innspelinga var gjort i Saint-Viateur Church, Outremont, Quebec p\u00e5 eit Casavant-orgel fr\u00e5 1913, restaurert i 1991 av Guibault Therien.<\/p>\n<p>F\u00f8rste stykket var av Gustav Holst: Duet for trombone and organ. Stykket vart uroppf\u00f8rt i 1895, ikkje av Gustav Holst sj\u00f8lv, som var ein dyktig trombonespelar, men av ein amat\u00f8rtrombonist og med far hans, Adolf von Holst ved orgelet. Det er eit ungdomsverk, han var bare 21 \u00e5r d\u00e5 det vart urframf\u00f8rt. Seinare fekk musikken til Gustav Holst litt annan farge.<\/p>\n<p>Det andre stykket i kveldens Postludium var Bernhard Krol, f\u00f8dd 1920, sitt stykke Sinfonia sacra &#8220;Jesu, meine Freude&#8221;. Krol var det meste av si karriere profesjonell hornist i Tyskland, men i 1979 vart han komponist p\u00e5 heiltid. Det er ein artikkel om han p\u00e5 tysk wikipedia, sj\u00e5 http:\/\/de.wikipedia.org\/wiki\/Bernhard_Krol<\/p>\n<p>Han har s\u00e6rleg laga musikk for kyrkjebruk. Ein stor del av hans 180 opusnummer er  kyrkjemusikk, han har komponert verk for orgel, kor, messer og kammermusikk. I 2007 vart han av pave Benedikt 16. utnemnd til kommand\u00f8r med stjerne av Silvesterordenen. I 1981 fekk han Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden. Han var hornist i orkesteret til Berlin Statsopera og i Berlin-filharmonikerane fr\u00e5 1945 til 1962, fr\u00e5 1962 var han i Stuttgart radiosymfoniorkester. Han var og ofte juryleiar i ulike musikkonkurransar.<\/p>\n<p>Kanskje kjem det ein artikkel om han p\u00e5 norsk wikipedia etter kvart.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld skjedde det igjen: Spotify kom ikkje med musikken eg ville spele. Det er jo litt dumt \u00e5 basere seg p\u00e5 noko som bare fungerer delvis, men det skjedde i kveld. Fyrst var det problem d\u00e5 eg skulle finne songar til songtimen, fleire av dei kom sv\u00e6rt seint. Men verre vart det d\u00e5 tida &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nar-spotify-ikkje-heng-med-8415001\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">N\u00e5r Spotify ikkje heng med<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[53],"class_list":["post-8415001","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-postludium"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8415001"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8415001"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8415001\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8415001"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8415001"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8415001"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}