{"id":8398642,"date":"2010-04-18T22:56:36","date_gmt":"2010-04-18T22:56:36","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/04\/setesdalsprisen-8398642\/"},"modified":"2010-04-18T22:56:36","modified_gmt":"2010-04-18T22:56:36","slug":"setesdalsprisen-8398642","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalsprisen-8398642\/","title":{"rendered":"Setesdalsprisen 2010"},"content":{"rendered":"<p>P\u00e5 Setesdalskonferansen p\u00e5 Rysstad torsdagskvelden delte stortingsmann Svein Harberg ut Setesdalsprisen 2010 til Saavi S. Nomeland. Det var ein vel fortent pris, og fleire kommenterte det i innlegg under middagen. Saavi vart intervjua av NRK S\u00f8rlandet p\u00e5 direkten, Svein Sundsdal var med p\u00e5 konferansen. P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om kva som hadde drive han til det han har gjort i 50 \u00e5r, svara han &#8220;Arbeidslyst&#8221;.<\/p>\n<p>I l\u00f8pet av kvelden snakka folk seg imellom og om arbeidslysta til Saavi. I vinter hadde inntaket til sm\u00e5kraftsatsjonen p\u00e5 Bj\u00f8rgum frose til i ein av kuldeperiodane, og Saavi tok med seg to mann opp til dammen for \u00e5 varme opp og opne att. Det var s\u00e5 vidt dei fekk ete nista si, dei m\u00e5tte gjere det medan han var nede og henta noko meir utstyr. Ingen skulle tru at han var 73 \u00e5r, no har han overlete ansvaret til s\u00f8nene og sj\u00f8lv likar han best \u00e5 sitje i gravemaskina eller ei anna maskin. -Det er ein god plass for ein pensjonist, vart det sagt. Det er og god plass for ein pensjonist \u00e5 renne i alpinbakken i Brokke, Saavi stortrivst der.<\/p>\n<p>Truleg hadde Setesd\u00f8len f\u00e5tt vite p\u00e5 f\u00f8rehan kven som kom til \u00e5 f\u00e5 prisen, for i fredagsavisa var det ei heilside. Heile side 7 fredag 16. april hadde dei spandert p\u00e5 saka, i tillegg til oppslag p\u00e5 fyrstesida. Sigurd Haugsgjerd: <em>Saavi Nomeland &#8211; ein sann gr\u00fcnder<\/em><\/p>\n<p>Sj\u00f8lve prisen var 10.000 kroner og eit fotokunstverk laga av Marit Simonstad Kvaale fr\u00e5 Bygland. http:\/\/www.eskeland.net\/setesdalswiki\/Setesdalsprisen  Saavi vart noko overraska d\u00e5 han vart ropt fram som mottakar av prisen, han hadde ikkje f\u00e5tt vite noko p\u00e5 f\u00f8rehand. Det er ikkje s\u00e5 lett \u00e5 takle ein slik situasjon p\u00e5 strak arm, men r\u00f8ynsle fr\u00e5 mange \u00e5r i kommunestyret i Valle kom han til god hjelp, og sj\u00f8lv om han vart r\u00f8rt av gode ord, heldt han ein fin takketale.<\/p>\n<p>Juryen hadde lagt vekt p\u00e5 at prisen skulle g\u00e5 til ein som hadde utmerka seg p\u00e5 s\u00e6rleg vis med tanke p\u00e5 l\u00f8nsemd, merksemd, utviklingsarbeid eller anna. Sigurd Haugsgjerd skriv at firmaet hans har hatt 30-40 tilsette i dei fleste \u00e5ra, tidvis fleire. I periodar har han reist ut av dalen for \u00e5 halde dei i arbeid, med \u00e5ra har han hatt arbeid b\u00e5de i Flekkefjord og Kvinesdal og i Vegusdal og p\u00e5 Haukelifjell.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lve jubileumsfeiringa for nomeland as kjem seinare i \u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>P\u00e5 Setesdalskonferansen p\u00e5 Rysstad torsdagskvelden delte stortingsmann Svein Harberg ut Setesdalsprisen 2010 til Saavi S. Nomeland. Det var ein vel fortent pris, og fleire kommenterte det i innlegg under middagen. Saavi vart intervjua av NRK S\u00f8rlandet p\u00e5 direkten, Svein Sundsdal var med p\u00e5 konferansen. P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om kva som hadde drive han til det han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdalsprisen-8398642\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdalsprisen 2010<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8398642","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8398642"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8398642"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8398642\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8398642"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8398642"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8398642"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}