{"id":8376080,"date":"2010-04-15T10:54:20","date_gmt":"2010-04-15T10:54:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/04\/arnor-hidle-i-valle-radio-8376080\/"},"modified":"2010-04-15T10:54:20","modified_gmt":"2010-04-15T10:54:20","slug":"arnor-hidle-i-valle-radio-8376080","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/arnor-hidle-i-valle-radio-8376080\/","title":{"rendered":"Arnor Hidle i Valle Radio"},"content":{"rendered":"<p>Arnor Hidle er mannen som starta Stock AS og det var interessant \u00e5 h\u00f8yre han fortelje om b\u00e5de bedrifta og det dei leverer. Det heile starta med at han hadde drive eit firma i Stavanger. S\u00e5 selde han det firmaet og kunne leve av fortenesta. Ettersom han var glad i jakt og fiske, fekk han seg hytte ved Myklevatn.<\/p>\n<p>Men det vart etter kvart ikkje s\u00e5 interessant \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 jakt i heia aleine, og difor kom han saman med Rysstad Laftebygg og fekk etablert eit firma som skulle levere rundstokkar og gjerdestaur. Etter kvart overtok han aleine og har utvikla ei rekke produkt.<\/p>\n<p>Vi snakka ein del om ballbingar som dei har utvikla og vidareutvikla. Den f\u00f8rste dei laga, vart sett opp ved Hylestad skule. Sidan har dei levert rundt om i landet, heilt nord til Troms\u00f8, men mest i S\u00f8r-Norge. Det st\u00f8rste leverte dei til den internasjonale skulen i Stavanger, ein skule som har elevar fr\u00e5 tre-fire \u00e5r til dei er ferdige med gymnaset.<\/p>\n<p>Arnold Hidle har mange kontaktar rundt om i verda. Nettingen dei brukar i ballbingane, kjem fr\u00e5 Tyskland. Det er av galvanisert aluminium, ikkje mange klarar \u00e5 levere noko slikt. Andre idear har han f\u00e5tt fr\u00e5 USA, der kona hans er fr\u00e5, og der dei tilbringer opp til tre m\u00e5nader kvart \u00e5r.<\/p>\n<p>Vi snakka og om heimesida til Stock, den syntest eg var fin og informativ. http:\/\/www.stockas.no\/ Den viser og at dei har produkt som h\u00f8ver til aktivitetar av ulike slag. Mange av dei er det kommunar eller grendelag eller velforeningar som kj\u00f8per og set opp p\u00e5 dugnad. Det same gjeld ballbingane, der og idrottslag kan vere kunder. Dei er godkjente for tilskot, s\u00e5 ein har finansiering med 50\/50, der eigenandelen og kan vere dugnad. Ein ballbinge kjem p\u00e5 fr\u00e5 200.000 til opp mot det doble, avhenging av kva underlag dei skal ha.<\/p>\n<p>Arnold Hidle hadde god tru p\u00e5 eit nytt konsept dei arbeider med, der dei skal inkludere elektronikk slik at dei kan kombinere aktivitet ute med notidas moderne dataspel. F\u00f8rste kunde for dette er Valle skule, truleg kjem det opp ein slik der i l\u00f8pet av \u00e5ret.<\/p>\n<p>Det vart ein triveleg time i radioen, og den gjekk sv\u00e6rt fort. Innimellom spelte vi countrymusikk, men Arnold Hidle vart sv\u00e6rt lukkeleg d\u00e5 han fekk h\u00f8yre folkemusikk p\u00e5 hardingfele, det likte han spesielt godt. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Arnor Hidle er mannen som starta Stock AS og det var interessant \u00e5 h\u00f8yre han fortelje om b\u00e5de bedrifta og det dei leverer. Det heile starta med at han hadde drive eit firma i Stavanger. S\u00e5 selde han det firmaet og kunne leve av fortenesta. Ettersom han var glad i jakt og fiske, fekk han &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/arnor-hidle-i-valle-radio-8376080\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Arnor Hidle i Valle Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8376080","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8376080"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8376080"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8376080\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8376080"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8376080"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8376080"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}