{"id":8279072,"date":"2010-03-30T19:00:30","date_gmt":"2010-03-30T19:00:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/03\/pipebrann-8279072\/"},"modified":"2010-03-30T19:00:30","modified_gmt":"2010-03-30T19:00:30","slug":"pipebrann-8279072","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pipebrann-8279072\/","title":{"rendered":"Pipebrann"},"content":{"rendered":"<p>Denne vinteren har det vore fyrt hardt rundt om p\u00e5 S\u00f8rlandet. Med temperaturar ned mot 20 kuldegrader, ja, end\u00e5 lenger ned, nyttar det ikkje bare med varmepumpe, ein m\u00e5 tenne i omnen og. S\u00e5 fyrer ein med den veden ein har, blandingsved fr\u00e5 lauvtre er vel best, men ein f\u00e5r nytte ei gamal vindfallen gran og.<\/p>\n<p>S\u00e5 plutseleg ein tysdagsettermiddag ringer det p\u00e5 d\u00f8ra:<\/p>\n<p>-Eg trur de har pipebrann, det kjem s\u00e5 mykje r\u00f8yk ut av pipa dykkar. T\u00f8m salt ned i pipa, s\u00e5 kanskje de staggar den.<\/p>\n<p>Det er nok betre \u00e5 ringe til Brannvesenet, nr. 110 set meg i kontakt med sentralen og ein triveleg stemme lurer p\u00e5 kva som har skjedd. Ti minutt seinare kjem to digre brannbilar rundt svingen, ned bakken og stoppar i tunet.<\/p>\n<p>Derifr\u00e5 g\u00e5r det slag i slag. Snart er kranbilen st\u00f8dig og den eine tek seg opp i liften. Den andre sjekkar luker og r\u00f8ykutvikling inne. Ein tur p\u00e5 \u00f8versteloftet fortel at vi nok hadde rett, det er pipebrann. R\u00f8yken ligg tungt over landskapet. Regnet silar, det er bare \u00e5 g\u00e5 inn og vente p\u00e5 kva som vil skje.<\/p>\n<p>Det hadde jo vore spennande for barnebarna \u00e5 oppleve brannbil i tunet, men dei er reist til Lyngdal og kosar seg i S\u00f8rlandsbadet. Mobilen ligg i garderoben, s\u00e5 vi f\u00e5r ikkje fortalt dei det heller. S\u00e5 mykje anna er det heller ikkje \u00e5 ta seg til.<\/p>\n<p>Plutseleg h\u00f8yrer vi skraping i pipa, sot ramlar nedover i skorsteinen. Nede i kjellaren ber den eine brannmannen ut b\u00f8tte p\u00e5 b\u00f8tte med sot. Ikkje hadde eg trudd det var s\u00e5 mykje sot i pipa v\u00e5r. Ho var jo feia i vanleg turnus.<\/p>\n<p>-Hadde det d\u00f8ydd ut om me ikkje hadde ringt til dykk?<br \/>\n-Ja, men d\u00e5 hadde huset vore brent ned. No var det godt de ringte tidleg, d\u00e5 er det jo lettast \u00e5 stagge noko slikt.<br \/>\n-Korleis er det med r\u00f8ykvarslarane?<br \/>\n-Vi har tre, to nede og ein oppe.<br \/>\n-Skal vi teste dei?<\/p>\n<p>Alle verka, men ingen slo ut og varsla brannen, s\u00e5 r\u00f8yken var ikkje blitt s\u00e5 tett f\u00f8r vi oppdaga det.<br \/>\n-Eg skriv opp namn og melder fr\u00e5 til feiaren, s\u00e5 kan han kome for ein kontroll over p\u00e5ske.<br \/>\n-Tusen takk for hjelpa.<br \/>\n-Det var ei glede at vi kunne hjelpe og at det gjekk godt.<\/p>\n<p>Vonar de som sprengfyrer no i p\u00e5ska slepp pipebrann. Luftinga etterp\u00e5 tek tid, og r\u00f8yklukt set seg i huset i fleire dagar, kanskje heile p\u00e5sken. Men trass alt, s\u00e5 gjekk det godt.<\/p>\n<p>Her er ei lenke til meir om emnet: http:\/\/www.pipeeksperten.no\/pipebrann.html<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne vinteren har det vore fyrt hardt rundt om p\u00e5 S\u00f8rlandet. Med temperaturar ned mot 20 kuldegrader, ja, end\u00e5 lenger ned, nyttar det ikkje bare med varmepumpe, ein m\u00e5 tenne i omnen og. S\u00e5 fyrer ein med den veden ein har, blandingsved fr\u00e5 lauvtre er vel best, men ein f\u00e5r nytte ei gamal vindfallen gran &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pipebrann-8279072\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Pipebrann<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8279072","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8279072"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8279072"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8279072\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8279072"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8279072"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8279072"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}