{"id":8208075,"date":"2010-03-19T21:25:08","date_gmt":"2010-03-19T21:25:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/03\/hylestadportalane-8208075\/"},"modified":"2010-03-19T21:25:08","modified_gmt":"2010-03-19T21:25:08","slug":"hylestadportalane-8208075","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hylestadportalane-8208075\/","title":{"rendered":"Hylestadportalane"},"content":{"rendered":"<p>Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. Det fortalde Leonhard Jansen i samtalen eg hadde med han i Valle Radio onsdagskvelden. Vi fekk ein triveleg prat om desse landskjende kunstverka . Etter at kyrkja p\u00e5 Bj\u00f8rgum vart riven og ny kyrkje sett opp p\u00e5 Rysstad i 1838, kom portalane til Rike og nokre \u00e5r seinare til Oldsakssamlinga i Oslo. Framleis er den gamle d\u00f8ra p\u00e5 R\u00e5tun i Rike, kunne Leonhard fortelje.<\/p>\n<p>Hylestadportalane har motiv fr\u00e5 soga om Sigurd F\u00e5vnesbane. Det er eit kjent motiv som er funne mange stader i Europa. Leonhard fortalde om dette og om prosjektet som no er arbeidd fram der Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. 9. april er det urframf\u00f8ring av programmet, som sidan skal g\u00e5 som tilbod til vidareg\u00e5ande skular. Eg siterer fr\u00e5 pressemelding som er sendt ut om dette:<\/p>\n<p><em>Ingen andre kunstverk fr\u00e5 Setesdal er meir kjende enn portstolpane fr\u00e5 den gamle stavkyrkja p\u00e5  Bj\u00f8rgum i Hylestad. Figurutskjeringane med motiv fr\u00e5 den fellesgermanske segnkrinsen rundt Sigurd F\u00e5vnesbane, vert rekna som noko av det beste som er \u00e5 finne innan norsk mellomalderkunst.<\/p>\n<p>Sist v\u00e5r vart det sett ned ei prosjektgruppe med museumspedagog Anne Sophie H\u00f8egh Omdal ved Setesdalsmuseet, musikkprodusent Ola Sundstr\u00f6m ved Aust-Agder bibliotek og kulturformidling, Harald Knutsen ved Agder Folkemusikkarkiv, og folkemusikarane Kirsten Br\u00e5ten Berg og Hallvard T. Bj\u00f8rgum.<\/p>\n<p>Gruppa har arbeidd fram eit program som no g\u00e5r til alle vidareg\u00e5ande skular som eit tilbod i \u0094Den kulturelle skulesekken\u0094. Det har relasjon til fagplanar innan religion, musikk, historie og norsk.<\/p>\n<p>Programmet er ein collage av musikk, song, bilete og levande forteljing. Med utgangspunkt i portalane f\u00e5r vi h\u00f8yre soga om Sigurd F\u00e5vnesbane, og h\u00f8yre musikalske innslag med r\u00f8ter i balladar og instrument fr\u00e5 tidleg middelalder.<\/p>\n<p>Den 9. april 2010 er det urframf\u00f8ring i Hylestad soknehus p\u00e5 Rysstad kl.15.00 som er open for publikum, men der det ogs\u00e5 vil vere inviterte gjester til stades. Vi h\u00e5per ogs\u00e5 de kan setje av denne datoen med tanke p\u00e5 \u00e5 vere med oss.<\/p>\n<p>Etter ein pause med lettare servering blir det foredrag ved f\u00f8rstebibliotekar Jos\u00e8 Maria Izquierdo fr\u00e5 Universitetet i Oslo, som vil vise ein, for dei fleste heilt ukjend, spansk kyrkjeportal med tilsvarande motivkrins fr\u00e5 Sigurd F\u00e5vnesbane. Dette foredraget blir berre halde p\u00e5 Rysstad, og vil ikkje vere del av turn\u00e9en.<\/em><\/p>\n<p>Lenke til Hylestad kyrkje: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Hylestad_kyrkje  Der finn du lenke vidare til Hylestad stavkyrkje med meir informasjon om Hylestadportalane<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hylestadportalane skal vere tema for eit program i Den kulturelle skulesekken. Det fortalde Leonhard Jansen i samtalen eg hadde med han i Valle Radio onsdagskvelden. Vi fekk ein triveleg prat om desse landskjende kunstverka . Etter at kyrkja p\u00e5 Bj\u00f8rgum vart riven og ny kyrkje sett opp p\u00e5 Rysstad i 1838, kom portalane til Rike &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hylestadportalane-8208075\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hylestadportalane<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8208075","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8208075"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8208075"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8208075\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8208075"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8208075"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8208075"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}