{"id":8196309,"date":"2010-03-17T22:06:04","date_gmt":"2010-03-17T22:06:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/03\/rektor-tilsett-8196309\/"},"modified":"2010-03-17T22:06:04","modified_gmt":"2010-03-17T22:06:04","slug":"rektor-tilsett-8196309","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rektor-tilsett-8196309\/","title":{"rendered":"Rektor tilsett"},"content":{"rendered":"<p>I kveldens Kommunen informerer-sending i Valle Radio fortalde styreleiar i Setesdal folkeh\u00f8gskule, Lene Dyrkorn, at Ole Birger Lien har blitt tilsett som rektor.<\/p>\n<p>Ole Birger Lien er no journalist i Setesd\u00f8len. Han har og vore aktiv i Valle Radio. Her har han lagt opp og leia program der kommunepolitikarar har vore gjester i studio.<\/p>\n<p>Lene fortalde at neste veke skal det vere styrem\u00f8te for \u00e5 godkjenne annonsar etter l\u00e6rarar. Alt no er det neste 30 s\u00f8kjarar og 25 som har f\u00e5tt tilbod om plass. 11 har svara ja p\u00e5 tilbodet, s\u00e5 ein er godt i gang med arbeidet for \u00e5 fylle skulen. Men det er mykje som skal gjerast. Ein held no p\u00e5 og pusser opp internatet, ein skal f\u00e5 p\u00e5 plass avtalar om leige av lokalar og tenester.<\/p>\n<p><strong>Olabil<\/strong><br \/>\nDet var Elise-Marie Kringen som var gjest i studio i programmet i kveld. Ho starta med \u00e5 fortelje om Olabil-l\u00f8pet som FAU ved Hylestad skule skal arrangere i v\u00e5r. Det er i 4 klassar: 0 &#8211; 12 \u00e5r, 13 &#8211; 16 \u00e5r, 17 &#8211; 100 \u00e5r og bedriftsklasse.<\/p>\n<p><strong>Medarbeidarsamtale<\/strong><br \/>\nNo er det tid for medarbeidarsamtalar i kommunen, og det er 170 tilsette som skal ha ein prat med leiaren sin om korleis han eller ho opplever jobben sin. Ein har ein fast mal ein startar med, og s\u00e5 g\u00e5r samtalen ut fr\u00e5 det. Det er interessant, men det er og tidkrevande. Ein skal vere ferdig med medarbeidarsamtalane innan utgangen av mai. I l\u00f8pet av samtalen tek ein opp aktuelle saker og dr\u00f8fter om det er aktuelt med utvikling gjennom kurs og korleis arbeidstakaren er n\u00f8gd i jobben. Leiaren f\u00e5r og tilbakemelding p\u00e5 sin rolle som leiar.<br \/>\n-Eg har f\u00e5tt mange gode tips, sa Elise Marie og fortalde at medarbeidarsamtalane er konfidensielle, s\u00e5 leiarane samlast ikkje for \u00e5 g\u00e5 gjennom samtalane med kvarandre til slutt. Likevel f\u00e5r den einskilde leiar eit godt innblikk i situasjonen i si avdeling gjennom desse samtalane.<\/p>\n<p><strong>Fosterforeldre<\/strong><br \/>\nTil slutt nemnde ho saken som st\u00e5r p\u00e5 kommunen si heimeside om at BUFETAT ynskjer fosterforeldre fr\u00e5 Setesdal, gjerne p\u00e5 ein gard, det kan ofte gje god hjelp til born og unge som har hatt det vanskeleg \u00e5 f\u00e5 kontakt med dyr p\u00e5 ein gard. Alle fosterforeldre m\u00e5 g\u00e5 p\u00e5 kurs, s\u00e5kalla PRIDE-kurs. Neste kurs skal vere til hausten, og ein kan ta kontakt med kursleder Anne-Birgit Nordgaard, tlf. 466 18 291. Her er lenka til kommunen si side om dette: http:\/\/www.valle.kommune.no\/Modules\/article.aspx?ObjectType=Article&#038;Article.ID=1561&#038;Category.ID=1145<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveldens Kommunen informerer-sending i Valle Radio fortalde styreleiar i Setesdal folkeh\u00f8gskule, Lene Dyrkorn, at Ole Birger Lien har blitt tilsett som rektor. Ole Birger Lien er no journalist i Setesd\u00f8len. Han har og vore aktiv i Valle Radio. Her har han lagt opp og leia program der kommunepolitikarar har vore gjester i studio. Lene &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rektor-tilsett-8196309\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rektor tilsett<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[36],"class_list":["post-8196309","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-kommunen-informerer"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8196309"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8196309"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8196309\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8196309"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8196309"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8196309"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}