{"id":819435,"date":"2006-05-22T11:18:00","date_gmt":"2006-05-22T11:18:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/05\/17_mai_2006_tale_for_dagen_pa_rysstad819435\/"},"modified":"2006-05-22T11:18:00","modified_gmt":"2006-05-22T11:18:00","slug":"17_mai_2006_tale_for_dagen_pa_rysstad819435","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/17_mai_2006_tale_for_dagen_pa_rysstad819435\/","title":{"rendered":"17. mai 2006 &#8211; Tale for dagen p\u00e5 Rysstad"},"content":{"rendered":"<p>**GUNNAR STUBSEID** skriv i epost der han sender talen:<\/p>\n<p><em>Hugs at dette er grunnrisset &#8211; eg la nok til litt her og der p\u00e5 direkten &#8211; fr\u00e5 talarstolen.<\/em><\/p>\n<p>Gratulerer med dagen!<\/p>\n<p>N\u00e5r ein blir beden om \u00e5 halde 17. mai-tale og svarar positivt p\u00e5 det, gjer ein det kanskje f\u00f8r ein har tenkt godt nok over reint konkret kva talen skal innehalde. 17. mai er liksom eit tema for seg \u0096 tenkjer vel dei fleste &#8211; det er 1814, grunnlova, Henrik Wergeland, bunader, glade barn med sl\u00f8yfer og norske flagg, hipp hipp hurra og lovprising av det som er norsk og verdien av at vi som nordmenn vart herre i eige hus og at 400-\u00e5rsnatta under dansk styre og stell var over. At me fekk konge saman med svenskane og m\u00e5tte la dei styre med utanrikspolitikken i end\u00e5 neste hundre \u00e5r har liksom ikkje vore s\u00e5 viktig n\u00e5r ein feira 17. mai. Og det var vel heller ikkje s\u00e5 viktig, sj\u00f8lv om me i fjor kunne feire 1905 og den endelege fridomen og sj\u00f8lvstende for landet v\u00e5rt.<\/p>\n<p>For oss som har levd ei stund er 17. mai sv\u00e6rt ulikt alt etter kva fase i livet ein er. Eg kom til \u00e5 tenkje p\u00e5 dette d\u00e5 eg sette meg ned og skulle skrive denne talen \u0096 og blei faktisk overraska over kor ulik 17. maidagen kan vere alt etter kvar ein er og i kva slags livssituasjon ein er. Eg vil difor i f\u00f8rste delen av talen vere litt personleg:<\/p>\n<p>**17. mai som barn**<br \/>\nEg voks opp p\u00e5 Austad, og der var ein 17.-maidag og ei feiring som i dag er soge:<br \/>\nMe samlast \u0096 unge og eldre &#8211; i Heistadtunet (Nordgarden p\u00e5 Heistad) \u0096 eg trur i eitt-tida \u0096 d\u00e5 hadde nokre alt hatt ein halv arbeidsdag dersom det var noko som m\u00e5tte gjerast p\u00e5 garden \u0096 og stilte opp i tog for \u00e5 g\u00e5 dei tre kilometerane ut til ungdomshuset p\u00e5 Austad. Fana til Austad Ungdomslag var fremst i toget, og me song av full hals alle 17. maisongane og salmane. Papa, som var l\u00e6rar og klokkar, var forsongar og leidde dei heile, og alle song med etter beste evne. Me hadde ikkje songbok, songane kunne me. S\u00e5 var det stopp ved kvart hus som hadde flagget oppe, og vi vende oss mot flagget og ropa 3 gonger hurra. P\u00e5 den store gravhaugen i s\u00f8rgarden p\u00e5 Heistad stod det flaggstong f\u00f8r, og alle gjekk opp p\u00e5 haugen og song \u0094No livnar det i lundar\u0094. Gjennom skogen mellom Austad og Heistad song me ikkje s\u00e5 mykje \u0096 stemmene m\u00e5tte sparast p\u00e5. I Plasset, som den n\u00f8rste garden p\u00e5 Austad heiter, sat Gamle-Grunde ute p\u00e5 trappa og venta p\u00e5 17.maitoget. Her song me allst\u00f8tt &#8220;Enno ein gong fekk eg vetren \u00e5 sj\u00e5&#8230;&#8221; og s\u00e5 svinga Gamle-Grunde med huva. Ved den gamle kyrkjegarden stogga me, senka flaka og song \u0094Her ligg dei grav i grav\u0094. S\u00e5 var det \u00e5 g\u00e5 ut p\u00e5 Oddebrotet og helse over til Ose, rope 3&#215;3 hurra, og s\u00e5 opp til Ungdomshuset der feiringa var. No var det mat \u00e5 f\u00e5 \u0096 alle hadde med seg niste og dei vaksne fekk kaffi. Og no kom det einaste \u0094urbane\u0094 innslaget for oss som var ungar \u0096 is, p\u00f8lser og slike ting hadde me knapt h\u00f8yrt om &#8211; me fekk kj\u00f8pe brus! Ubegrensa med brus \u0096 me hadde heile lagerbehaldningane med gul- og raudbrus i buskane rundt ungdomshuset. Lageret varde i mange dagar\u0085.<\/p>\n<p>Resten av dagen var det idrottsleikar \u0096 60-meteren, lengdehopp, 3-steg og stikkhopp (som me sa \u0096 h\u00f8gdehopp). Og dette var ikkje berre for ungane \u0096 b\u00e5de vaksne og ungdomane var med. Og alle fekk premie. H\u00f8gdepunktet var n\u00e5r dei tidlegare sportstjernene fr\u00e5 Heistad stilte opp \u0096 Sigurd Heistad (\u0094Sportsmannen\u0094), Hallvard Slettevollen, Hallvard og Gunnar Grundesson og fleire \u0096 dei kom p\u00e5 slutten og laga eit klimaks i tevlingane. Og alltid var det gode kommentarar b\u00e5de blant deltakarane og publikum n\u00e5r desse karane synte gamle kunster\u0085<\/p>\n<p>**Neste 17-maiperiode** for meg var gymnastida. D\u00e5 var det nok ikkje akkurat raud- og gulbrus som l\u00e5g i buskane kring ungdomshusa i den tida. Men denne tida var spennande, og for meg som p\u00e5 den tid spela gitar og vart hyra inn som musikar i russeorkestera fleire \u00e5r p\u00e5 rad var dette nye og sterke opplevingar. For \u00e5 seie det slik \u0096 den nasjonale musikken med \u0094dei gamle fjell i syningom\u0094 kom vel litt i bakgrunnen, no blei det swing, tango, foxtrott og vals som stod i det musikalsk sentrum.<\/p>\n<p>Studietida hadde eg i Bergen. Der m\u00f8tte eg **den urbane 17. maifeiringa**. Den var fullstendig annleis enn den eg kjende fr\u00e5 tidlegare \u0096 og for meg som var ein enkel landsens gut \u0096 vart dette n\u00e6rast ei sjokkarta oppleving. Den Bergenske M\u00e5ten \u00e5 feire 17. mai p\u00e5 er ekstremt urban og borgarleg. Der g\u00e5r 17.maikomiteen fremst i borgerprosesjonen \u0096 det heiter det i Bergen \u0096 og alle mennene i 17.maikomiteen har flosshatt den dagen. S\u00e5 kjem dei ulike lag og foreiningar med sine faner \u0096 og s\u00e5 har dei alle \u0094buekorpsene\u0094 med sine eigne uniformer, armbr\u00f8st og trommevirvelar, &#8211; og sj\u00f8lvsagt barnetog. Dette har gamle tradisjonar \u0096 bergensarane var blant dei f\u00f8rste som begynte \u00e5 feire 17. mai \u0096 dei tok til alt i 1820-\u00e5ra. 17- mai komiteens formann helsar i sin tale folket med \u0094Kj\u00e6re byborgere. Atter er dagen oprunden\u0094, og s\u00e5 syng dei, st\u00e5ande med t\u00e5rer i augene, sin eigen nasjonalsong:<br \/>\n\u0094Jeg tog min nystemte Cithar i  H\u00e6nde;<br \/>\nSorgen forgikk mig p\u00e5 Ulrikens top\u0094.<\/p>\n<p>Men f\u00f8r dette er det 17-mai-frukost hj\u00e5 alle Bergens borgarar (og denne skikken tok sj\u00f8lvsagt vi studentane etter) \u0096 med god mat, \u00f8l og dram. Og s\u00e5 var det alltid godt v\u00e9r i Bergen 17. mai \u0096 og ingen by p\u00e5 denne jord er s\u00e5 frodig og vakker som Bergen om v\u00e5ren i mai!!<\/p>\n<p>For i Bergen heiter det: \u0094Eg e\u00b4kje fra Norge. Eg e`fra Bergen\u0094.<\/p>\n<p>S\u00e5 kjem **perioden med sm\u00e5 born**. Alle som har sm\u00e5 born veit at 17. mai er noko spesielt. I denne perioden er det borna som st\u00e5r i sentrum, og det skal leggjast tilrette for at borna skal f\u00e5 oppleve denne dagen p\u00e5 ein mest positiv m\u00e5te. Det heiter jo heilt fr\u00e5 Wergelands- og Bj\u00f8rnsons tid at dette skal vere barna sin dag. Desse \u00e5ra er jo fine minne, og st\u00e5r som ein eigen periode i liva v\u00e5re.<\/p>\n<p>S\u00e5 kjem **tida d\u00e5 borna er vaksne**, dei feirar 17. mai p\u00e5 sin m\u00e5te, og vil helst ikkje ha s\u00e5 mykje med foreldra \u00e5 gjere denne dagen utan at det er greitt \u00e5 kome innom heime og sove litt, dusje og f\u00e5 mat n\u00e5r det passar dei. Dette er vel velkjende tilh\u00f8ve for dei fleste av oss. Og slik m\u00e5 det vel vere \u0096 inntil det p\u00e5 nytt kjem sm\u00e5 barn som du som gome eller gofa skal ta deg av p\u00e5 17. mai. Den perioden har ikkje kome til meg enn\u00e5.<\/p>\n<p>S\u00e5 st\u00e5r vi att med sp\u00f8rsm\u00e5let: Kva er 17. mai for oss i den mellomperioden mange av oss er i nett no? Sj\u00f8lvsagt skal vi feire og gle oss over fridom, sj\u00f8lvstende og at me lever i eit rikt og godt land som er blant dei aller beste i verda \u0096 men er det andre ting me kan leggje i denne dagen som kan minne oss om at kanskje er ikkje alt berre velstand og fridom p\u00e5 denne vakre kloden v\u00e5r. Kan me kanskje leggje eit litt st\u00f8rre perspektiv i denne dagen enn det reint nasjonale \u0096 og kan me seie at n\u00e5r vi har f\u00e5tt fridom og sj\u00f8lvstende, forpliktar dette oss til \u00e5 ta del i det som skjer rundt omkring i verda i dag?<\/p>\n<p>Den kalde krigen tok slutt med Berlinmurens fall i 1989. Eg var faktiske i Aust-Tyskland p\u00e5 ein festival \u0096 i Rudolstadt \u0096 berre m\u00e5nader f\u00f8r muren fall, og det var fantastisk \u00e5 merke den stemninga som l\u00e5g i lufta \u0096 det var ein optimisme \u00e5 merke blant dei aust-tyske artistane og arrang\u00f8rane \u0096 dei sa like ut at no skjedde det store ting om ikkje lenge. Dei visse kva som ville kome til \u00e5 skje. Og for heile verda var jo dette noko av det st\u00f8rste som hende i f\u00f8rre hundre\u00e5ret.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r eit fiendebilete fell, kjem eit nytt i staden. No er det ikkje ideologiane som krigast, det er religionane. Fundamentalistane \u0096 p\u00e5 mange kantar \u0096 er det st\u00f8rste trugsm\u00e5let i v\u00e5r tid. Me definerer oss \u0096 og dei andre. Og dei andre er farlege.<\/p>\n<p>Vi fekk grunnlova v\u00e5r i 1814. Men grunnlova var ikkje perfekt den gongen \u0096 det var mellom anna ein paragraf \u0096 den s\u00e5kalla j\u00f8deparagrafen \u0096 som nekta j\u00f8dar tilgang til riket. J\u00f8dar hadde ikkje tilgang til Norge f\u00f8r i 1851 &#8211; den 13. juni det \u00e5ret gjorde Stortinget vedtak om \u00e5 stryke denne bestemmelsen. I dag vil me vel riste litt p\u00e5 hovudet at ein i det heile kunne finne p\u00e5 \u00e5 lage ein paragraf med dette innhaldet. Men dersom me er heilt \u00e6rlege \u0096 ligg det ikkje litt etniske rasefordomar i nokon kvar av oss ogs\u00e5 i dag? Ein kan kanskje minne om Meistarens ord \u0096 \u0094den som kan seie seg heilt fri kan kaste den f\u00f8rste steinen\u0085\u0094<\/p>\n<p>Det er Ibsen-\u00e5r i \u00e5r \u0096 for 100 \u00e5r sidan d\u00f8ydde den verdskjende diktaren, som ved sida av Shakespeare er den dramatikaren som vert spela mest over heile jordkloden. Ibsen hadde, som me veit, mykje motgang, b\u00e5de som barn og i ungdommen. Han vart \u0094oppdaga\u0094 av Ole Bull, som s\u00e5g talentet tidleg og tilsette han, 23 \u00e5r gamal &#8211; som f\u00f8rste teatersjef ved Det Norske Teatret i Bergen. Etter 6 \u00e5r i Bergen \u0096 viktige \u00e5r for han &#8211; reiste han i 1857 tilbake til Christiania for \u00e5 arbeide som artistisk direkt\u00f8r ved Christiania norske Theater. Men \u00e5ra fr\u00e5 1857 til 1864 blei nokre av hans verste. \u00d8konomien til teateret var d\u00e5rlig, og i 1862 gikk det konkurs. Han m\u00f8tte ogs\u00e5 motstand i samband med skodespela sine, og desse nederlaga gjorde han bitter til det norske samfunnet, som han s\u00e5 p\u00e5 som trongsynt.<\/p>\n<p>Heldigvis \u0096 m\u00e5 me seie i dag &#8211; fekk han hausten 1863 eit reisestipend av regjeringa, og \u00e5ret etter drog han s\u00f8rover. Bortsett fr\u00e5 et par kortare bes\u00f8k, kom han ikkje tilbake til Noreg f\u00f8r det hadde g\u00e5tt 27 \u00e5r. Mesteparten av denne tida budde han i Italia og Tyskland, og det var her han skrev de fleste av skodespela som har gjort ham til \u0096 ikkje berre Noregs \u0096 men ein av verdas st\u00f8rste forfattar. F\u00f8rst kom Brand (1866) og eitt \u00e5r seinare Peer Gynt.<\/p>\n<p>Eg nemner Henrik Ibsen her, fordi eg meiner har mykje \u00e5 seie oss ogs\u00e5 i v\u00e5r tid. Spesielt om v\u00e5re haldningar og syn p\u00e5 dei som er annleis og meiner annleis enn me gjer. I Brand tek han opp den religi\u00f8se fundamentalismen i si fulle breidde. No skal teatret v\u00e5rt her i Agder &#8211; Agder Teater &#8211; setje opp dette stykket p\u00e5 friluftsscenen i steinbrotet ved Grimstad i sommar \u0096 og mi oppmoding til alle m\u00e5 vere: Tak turen til Grimstad og sj\u00e5 dette meisterverket!<\/p>\n<p>Mitt ynskje for dagen m\u00e5 vere at me kvar og ein g\u00e5r litt inn i oss sj\u00f8lve \u0096 me som har vore s\u00e5 heldige \u00e5 vakse opp i og f\u00e5 bu eit fritt og rikt land \u0096 og tenk p\u00e5 alle dei rundt omkring oss som ikkje f\u00e5r del i v\u00e5r velstand og v\u00e5r fridom. Fridomen forpliktar ogs\u00e5. Me har ikkje lov til \u00e5 lage oss generelle fiendebilete om dei andre \u0096 som trur og meiner annleis enn me gjer \u0096 og soleis skape avstand og intoleranse. Lat oss bruke dagen p\u00e5 ein positiv m\u00e5te \u0096 i fridomens og toleransens \u00e5nd!<\/p>\n<p>Til lukke med dagen!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>**GUNNAR STUBSEID** skriv i epost der han sender talen: Hugs at dette er grunnrisset &#8211; eg la nok til litt her og der p\u00e5 direkten &#8211; fr\u00e5 talarstolen. Gratulerer med dagen! N\u00e5r ein blir beden om \u00e5 halde 17. mai-tale og svarar positivt p\u00e5 det, gjer ein det kanskje f\u00f8r ein har tenkt godt nok &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/17_mai_2006_tale_for_dagen_pa_rysstad819435\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">17. mai 2006 &#8211; Tale for dagen p\u00e5 Rysstad<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[13],"class_list":["post-819435","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-17-mai"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/819435"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=819435"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/819435\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=819435"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=819435"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=819435"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}