{"id":8172092,"date":"2010-03-13T23:25:16","date_gmt":"2010-03-13T23:25:16","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/03\/ei-innhaldsrik-wikipediaveke-8172092\/"},"modified":"2010-03-13T23:25:16","modified_gmt":"2010-03-13T23:25:16","slug":"ei-innhaldsrik-wikipediaveke-8172092","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei-innhaldsrik-wikipediaveke-8172092\/","title":{"rendered":"Ei innhaldsrik wikipediaveke"},"content":{"rendered":"<p>Det har vore ei innhaldsrik veke for oss som er opptekne av wikipedia, og eg er jo meir enn dei fleste opptekne av nettleksikonet. I dag har eg skrive ein artikkel om en zulukonge og misjon\u00e6r HPS Schreuder sitt tilh\u00f8ve til han. Mpande heitte kongen, du finn artikkelen her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Mpande  Men eg har og skrive om Thomas Beck, den norske organisten, dirigenten og komponisten. Eg plukkar tema etter kva eg les og synest er interessant.<\/p>\n<p>Denne veka fekk Kulturnytt interesse for Store Norske Leiksikon sin situasjon i h\u00f8ve til wikipedia. Store Norske Leksikon sin redaksjon meiner at vi m\u00e5 ha eit norsk leksikon som er skrive av fagfolk og som har eit fagleg utval av artiklar. Dei meiner og prinsippielt at folk skal f\u00e5 l\u00f8n for det dei gjer, s\u00e5 dei som skriv i SNL skal f\u00e5 l\u00f8n for sine bidrag.<\/p>\n<p>SNL la leksikonet p\u00e5 nett og let folk abonnere p\u00e5 det. Etter kvart vart det truleg f\u00e6rre abonnentar, for eitt \u00e5r sidan var leksikonet opna slik at alle kunne lese. Meininga var at det skulle finansierast med reklame, men det synte seg vanskeleg \u00e5 selje reklame. Denne veka varsla Kunnskapsforlaget at dei legg ned leksikonet fr\u00e5 1. juli, Dei f\u00f8resl\u00e5r at Staten tek over, om det vert gjort ved \u00e5 etablere ei stifting, s\u00e5 skal forlaget gje heile databasen gratis til stiftinga.<\/p>\n<p>Men kulturministeren ville ikkje ha g\u00e5va. Sj\u00f8lv om kulturministeren for eitt \u00e5r sidan var sv\u00e6rt glad for at SNL no vart fritt, var noverandre kulturminister lite lysten p\u00e5 \u00e5 kaste gode pengar etter d\u00e5rlege, s\u00e5 ho ville ikkje l\u00f8yve noko som helst.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje om grunnen til alt dette var bloggen som John Erling Blad skreiv p\u00e5 origo, der han tok til orde for at staten kunne kj\u00f8pe fri stoffet i SNL slik at det kunne ha same lisens som wikipedia, og s\u00e5 kunne det gjerne leggjast inn som eit arkivert SNL 2010 p\u00e5 wikipedia, og vi som skriv kunne bruke stoffet i artiklar p\u00e5 wikipedia.<\/p>\n<p>Men det ville ikkje SNL h\u00f8yre noko om. Siste kapittel i soga kom fredagskvelden, d\u00e5 stiftinga Fritt Ord stilte opp med 2 millionar kroner for \u00e5 i alle fall forlenge livet til SNL litt, slik at ein fekk noko betre tid \u00e5 finne ei l\u00f8ysing. Der st\u00e5r saka no, det vart helg og s\u00e5 vidt eg skj\u00f8nar har ikkje media noko oppslag i dag.<\/p>\n<p>Her er lenke til ein diskusjon p\u00e5 wikipedia sitt samtaleforum Tinget, der saka har vore diskutert mykje. Der er og lenker til ein del artiklar i samband med saka: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Wikipedia:Tinget#Store_Norske_Leksikon_legges_ned_som_nett-tjeneste<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det har vore ei innhaldsrik veke for oss som er opptekne av wikipedia, og eg er jo meir enn dei fleste opptekne av nettleksikonet. I dag har eg skrive ein artikkel om en zulukonge og misjon\u00e6r HPS Schreuder sitt tilh\u00f8ve til han. Mpande heitte kongen, du finn artikkelen her: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Mpande Men eg har og skrive &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ei-innhaldsrik-wikipediaveke-8172092\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ei innhaldsrik wikipediaveke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[71],"class_list":["post-8172092","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8172092"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8172092"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8172092\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8172092"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8172092"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8172092"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}