{"id":8076023,"date":"2010-02-26T00:00:29","date_gmt":"2010-02-26T00:00:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/02\/meir-gull-8076023\/"},"modified":"2010-02-26T00:00:29","modified_gmt":"2010-02-26T00:00:29","slug":"meir-gull-8076023","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-gull-8076023\/","title":{"rendered":"Meir gull"},"content":{"rendered":"<p>Sanneleg fekk ikkje det norske jentelaget gull i stafett i OL i Vancouver. Vibeke Skofterud, med ei fortid p\u00e5 Hovden, Therese Johaug, Kirsten St\u00f8rmer Steira og Marit Bj\u00f8rgen gjekk kvar sine gode etappar og kunne juble i m\u00e5lomr\u00e5det til slutt.<\/p>\n<p>Eg har blitt sitjande rimeleg fjetra og sj\u00e5 p\u00e5 stafettar i OL. I g\u00e5r kveld var det herrestafett, og der vart det sylv til slutt. Og i dag l\u00e6rte eg mykje nytt om skipreparering og kanskje eitt og anna om pengemakt og marknadsf\u00f8ring d\u00e5 min kollega \u00d8ystein Berg fortalde litt om den vitenskapen som sm\u00f8rjarane st\u00e5r for. At Oddbj\u00f8rn Hjelmeseth fekk is under skia og difor fekk problem i klassisk del av stafetten, det er mest ikkje til \u00e5 tru, meinte han.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv har eg ikkje noko eg skulle ha sagt om slike ting, det er vel n\u00e6rare 30 \u00e5r, om ikkje meir, sidan eg hadde ski p\u00e5 f\u00f8tene. Den gongen klabba det s\u00e5 eg framleis hugsar irritasjonen. Eg tok plankane av f\u00f8tene og sa aldri meir, og det har eg halde. Men at dei som lever av og for dette i v\u00e5r tid heller ikkje klarar \u00e5 unng\u00e5 is under skia n\u00e5r det gjeld som mest, det er noko ein kan undre p\u00e5, i alle fall ei stund.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 dei kom i m\u00e5l, sa jentene at dei hadde hatt gode ski.<\/p>\n<p>\u00d8ystein fortalde at det er mykje pengar i dette gamet, ein liten boks med pulver dei nyttar for \u00e5 f\u00e5 god gli, kostar 800 kroner. Desse toppidrottut\u00f8varane har mange par ski, og n\u00e5r ein ser p\u00e5 prisen p\u00e5 ski som vanlege folk kj\u00f8per, skj\u00f8ner ein at det m\u00e5 vere vanskeleg \u00e5 drive med dette p\u00e5 h\u00f8gt niv\u00e5, for det kostar flesk.<\/p>\n<p>N\u00e5 er det vel tre veker til Sesil\u00e5mi, mange av dei som skal g\u00e5 der, handlar utstyr og skismurning i slike mengder at betalingskortet mest g\u00e5r varmt. Likevel klabbar det i Kvislevass-skaret, nokre \u00e5r s\u00e5 mykje at folk stoppar for \u00e5 sm\u00f8rje om f\u00f8r dei g\u00e5r vidare.<\/p>\n<p>Eg tippar at Sesil\u00e5mi vert tema i Valle Radio ein av dei neste onsdagane. Vi har ofte snakka om deltakartal og p\u00e5meldte, sjeldnare om utstyret og sm\u00f8rjeproblem. Kankskje det burde vere temaet for det neste innslaget om arrangementet. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sanneleg fekk ikkje det norske jentelaget gull i stafett i OL i Vancouver. Vibeke Skofterud, med ei fortid p\u00e5 Hovden, Therese Johaug, Kirsten St\u00f8rmer Steira og Marit Bj\u00f8rgen gjekk kvar sine gode etappar og kunne juble i m\u00e5lomr\u00e5det til slutt. Eg har blitt sitjande rimeleg fjetra og sj\u00e5 p\u00e5 stafettar i OL. I g\u00e5r kveld &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-gull-8076023\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir gull<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-8076023","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8076023"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=8076023"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/8076023\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=8076023"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=8076023"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=8076023"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}