{"id":800925,"date":"2006-05-15T11:36:42","date_gmt":"2006-05-15T11:36:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/05\/rugger_i_rosengang800925\/"},"modified":"2006-05-15T11:36:42","modified_gmt":"2006-05-15T11:36:42","slug":"rugger_i_rosengang800925","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rugger_i_rosengang800925\/","title":{"rendered":"Rugger i rosengang"},"content":{"rendered":"<p>I tre program har Karin B\u00f8e i Valle Vev delt med lyttarane i Valle radio litt av det ho fann ut d\u00e5 ho tok mastergrad i folkekunst i fjor v\u00e5r p\u00e5 H\u00f8gskolen i Telemark avdeling Rauland. Studiet resulterte i ei avhandling p\u00e5 nesten hundre sider som ho kalla Rugger i rosengang. Her har ho fortalt om bruk og tradisjon, m\u00f8nster og fargar i desse flotte vevnadene. I bindem\u00f8nsteret rosengang fann ho 99 rugger i Valle og Bykle. Dei danna grunnlaget for analysen ho gjorde.<\/p>\n<p>Om eg f\u00e5r h\u00f8ve til det, vil eg pr\u00f8ve \u00e5 skrive ned fr\u00e5 samtalane eg hadde med Karin. Men for \u00e5 dokumentere litt av det vi snakka om, tek eg med eit intervju eg gjorde med henne like etter at ho var ferdig med arbeidet. Det stod i Setesd\u00f8len i begynnelsen av august 2005:<\/p>\n<p>**Ein s\u00e6rmerkt tradisjon**<br \/>\n**og ein dyktig tradisjonsberar**<\/p>\n<p>Av Harald Haugland<\/p>\n<p>I fjor tok Karin B\u00f8e sveinebrevet i veving, i \u00e5r plussa ho p\u00e5 med mastergrad i tradisjonskunst. Det var f\u00f8rste kullet som gjekk ut fr\u00e5 h\u00f8gskulen i Telemark, avdeling Rauland, i dette faget, og Karin B\u00f8e fekk beste karakteren, som er A i det nye systemet, for ei mastergradsoppg\u00e5ve ho kalla Rugger i rosengang.  Som rettleiarar hadde ho professor Vidar Lande og h\u00f8gskolelektor Mari Rorgemoen, medan den kjende kunstprofessoren Gunnar Danbolt var sensor og kom med gode ord til henne d\u00e5 ho tidleg i juni var oppe til munnleg eksamen.<\/p>\n<p>-Det er klart eg var nerv\u00f8s til eksamen, smiler ho, men samstundes visste eg at eg kunne ganske mykje om det stoffet eg hadde lagt opp til mastergradsoppg\u00e5va, s\u00e5 eg vona jo at det ville g\u00e5 bra.<\/p>\n<p>-Korleis har det g\u00e5tt til at ein kristiansandar som du har blitt s\u00e5 interessert i vevetradisjonen i Setesdal?<\/p>\n<p>-D\u00e5 eg kom til Valle for 10 \u00e5r sidan som nyutdanna formingsl\u00e6rar og tok til p\u00e5 Hylestad skule, var eg interessert i veving. Difor kom eg fort i kontakt med folk som dreiv med dette, og etter kvart vart det til at eg pr\u00f8vde \u00e5 notere ned det dei fortalde n\u00e5r eg var rundt og snakka med folk og dei synte teppe til meg. Eg fekk og h\u00f8ve til \u00e5 sj\u00e5 og registrere teppe p\u00e5 auksjonar, og s\u00e5 auka interessa. Eg reduserte p\u00e5 l\u00e6rarstillinga for \u00e5 f\u00e5 tid til \u00e5 veve, og for fem \u00e5r sidan slutta eg som l\u00e6rar og gjekk over til \u00e5 veve p\u00e5 heiltid i vevstoga Valle Vev p\u00e5 Flateland, som eg alt hadde starta.<\/p>\n<p>Parallelt med veving av kyrkjetjeld, \u00e5kle og ullteppe heldt Karin B\u00f8e fram med \u00e5 prate med tradisjonsberarar innan vev i Setesdal.<\/p>\n<p>Takk til informantane<br \/>\n-Eg vil takke alle som har gitt meg informasjon. Det dei har fortalt, har hjelpt meg til \u00e5 f\u00e5 innsikt i stoffet og kjennskap til ein s\u00e6rmerkt tradisjon, seier ho.<\/p>\n<p>-Det er dette stoffet eg har nytta i mastergradsoppg\u00e5va mi, fortel Karin B\u00f8e. -Etter kvart fann eg ut at eg m\u00e5tte avgrense stoffet ganske mykje for at det skulle vere h\u00f8veleg til oppg\u00e5va mi. Som munnlege kjelder har om lag 100 fr\u00e5 Bykle, Valle, Hylestad og Bygland som har vore informantar om rugger i rosengang. I l\u00f8pet av dei \u00e5ra eg har halde p\u00e5 med dette, har mange av dei eg tala med, g\u00e5tt bort, s\u00e5 det var p\u00e5 h\u00f8g tid at noko vart gjort for \u00e5 ta vare p\u00e5 denne delen av husflidskompetansen til kvinnene i Setesdal, meiner ho og fortel at det ikkje var skrive noko fagleg litteratur om emnet tidlegare.<\/p>\n<p>Rugge<br \/>\nRugge er alts\u00e5 dialektordet i Bykle og Valle for det teppet som l\u00e5g over senga \u0096 kvila \u0096 i dei gamle stovene i Setesdal. I Hylestad og Bygland kalla dei teppet for brosse. Rosengang er eit bindem\u00f8nster, og i Setesdal nytta ein s\u00e6rleg fire slike m\u00f8nster, sm\u00f8yg, kambevevnad, krokbragd og alts\u00e5 rosengang. Dette siste m\u00f8nsteret var for hundre \u00e5r sidan truleg ikkje s\u00e5 vanleg \u00e5 veve, for elles i landet er det ikkje funne mange eksempel p\u00e5 denne vevnaden, som det alts\u00e5 er mykje av i \u00d8vre Setesdal.<\/p>\n<p>-Kvifor brukte dei rosengang?<\/p>\n<p>-Det gjekk mindre garn, det var fortare \u00e5 veve og mange meiner ein f\u00e5r finare m\u00f8nster.<\/p>\n<p>-Kva skal du nytte denne kunnskapen til?<\/p>\n<p>-Det er f\u00f8rst n\u00e5r ein har sett seg grundig inn i ein tradisjon at ein kan f\u00f8re den vidare og fornye den. Eg f\u00e5r av og til sp\u00f8rsm\u00e5l om eg kan veve rugger som folk vil ha i hyttene sine, og d\u00e5 er det viktig \u00e5 kjenne tradisjonelle m\u00f8nster og fargebruk.<\/p>\n<p>Nybrott<br \/>\n-Dette er ein kvinnetradisjon som nesten ikkje finst fagleg litteratur om, og det er mykje meir \u00e5 ta fatt i for den som vil ta arbeidet med \u00e5 dokumentere denne delen av husflidstradisjonen i Setesdal, seier Karin B\u00f8e.  \u0096Mitt inntrykk er at dette arbeidet blir lite prioritert og at det helst skal gjerast p\u00e5 dugnad. Det er veldig synd, for d\u00e5 kan lett den faglege tyngda ikkje verte med, seier ho og vonar at ho med tida kan f\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 granske andre deler av stoffet p\u00e5 same m\u00e5ten. \u0096Her er stoff nok til mange mastergradsoppg\u00e5ver for den som vil arbeide med dette stoffet, sluttar ho.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I tre program har Karin B\u00f8e i Valle Vev delt med lyttarane i Valle radio litt av det ho fann ut d\u00e5 ho tok mastergrad i folkekunst i fjor v\u00e5r p\u00e5 H\u00f8gskolen i Telemark avdeling Rauland. Studiet resulterte i ei avhandling p\u00e5 nesten hundre sider som ho kalla Rugger i rosengang. Her har ho fortalt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/rugger_i_rosengang800925\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Rugger i rosengang<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-800925","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/800925"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=800925"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/800925\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=800925"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=800925"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=800925"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}