{"id":7991905,"date":"2010-02-11T22:39:46","date_gmt":"2010-02-11T22:39:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/02\/prestesaka-7991905\/"},"modified":"2010-02-11T22:39:46","modified_gmt":"2010-02-11T22:39:46","slug":"prestesaka-7991905","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/prestesaka-7991905\/","title":{"rendered":"Prestesaka"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r m\u00e5tte eg lage stoff p\u00e5 prestesaka i Valle i sendinga. Eg skreiv tidlegare at eg fann det vanskeleg \u00e5 skrive om den, det var ikkje lettare \u00e5 lage program om den. Men eg laut gjere det og valde \u00e5 snakke med forsvararen hans, advokat Sveinung S\u00f8ndervik Johnsen i den aktuelle timen.<\/p>\n<p>Johnsen fortalde at saka var unik, han hadde ikkje vore borte i noko liknande eller h\u00f8yrt om nokon som hadde vore det, og heller ikkje i litteraturen finst det noko som liknar. Han meinte vel og at politiet ikkje hadde bevis som kunne f\u00f8re til at klienten hans vart d\u00f8md. Han forklarte og at dommen kjem neste onsdag og at han vil f\u00e5 den d\u00e5. Det same vil pressa. Men Arne Skare sj\u00f8lv vil ikkje f\u00e5 den formelt f\u00f8r veka etter, for den skal sendast til lensmannskontoret der han bur, og s\u00e5 skal den verte forkynt for han der. -D\u00e5 veit han nok innhaldet, for eg vil ta kontakt med han n\u00e5r eg f\u00e5r dommen, sa Johnsen.<\/p>\n<p>Eg hadde avtalt med Ole Birger Lien om \u00e5 ringe han klokka 20, s\u00e5 kunne vi ha ein prat. Og s\u00e5 hadde eg invitert redakt\u00f8ren v\u00e5r, \u00d8rnulf Hasla, som ikkje fylgde saka, og klokkar Karin B\u00f8e, som var i rettssalen det meste av tida, men ikkje fr\u00e5 starten den fyrste dagen. Vi snakka d\u00e5 om dette og det var i grunnen fleire sp\u00f8rsm\u00e5l enn svar i den samtalen, men Ole Birger trudde vel at saka kom til \u00e5 verte anka, same kva utfall ho fekk. Han lova eit interessant oppsalg i Setesd\u00f8len i morgon, medan Karin B\u00f8e streka under at saka etter hennar meining synte at b\u00e5de &#8220;lensmann og prest&#8221; i grunnen er heilt alminnelege folk. Fleire sp\u00f8rsm\u00e5l til politiet fekk ikkje svar, for dei hadde ikkje unders\u00f8kt det, og det var ikkje alt presten hugsa heller no lenger.<\/p>\n<p>Vi runda av etter 35 minutt og let siste del av timen fr\u00e5 20 til 21 g\u00e5 til musikk som Marcel Tiedje, kveldens teknikar fann p\u00e5 Spotify. Diverre var Internett i ulage denne kvelden, s\u00e5 musikken kom litt i klumpevis. D\u00e5 \u00d8rnulf tok kontakt med J\u00f8rund, fekk vi vite at dei heldt p\u00e5 med ei oppgradering av nettet akkurat denne kvelden.<\/p>\n<p>Seinare i g\u00e5r kveld fekk eg sj\u00e5 ein artikkel av Inge D. Hansen i Aftenposten for 9. februar side 12 om saka. Det synte seg at Aftenpostens kriminalkommentator, som ofte kommenterer rettssaker, hadde vore i Valle og h\u00f8yrt p\u00e5 saka. Han skriv: <em>DET ER TROLIG f\u00f8rste gang i norsk rettshistorie at en sogneprest er tiltalt for \u00e5 ha iscenesatt trusler mot seg selv.  &#8230;&#8230; Det er ikke bare folk i bygda som undrer seg; i retten er det ikke fremkommet noe sannsynlig motiv for handlingene. <\/em> Diverre ligg ikkje denne kommentaren p\u00e5 internett. Hadde eg sett den f\u00f8r sendinga, hadde eg truleg sitert fr\u00e5 den i programmet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r m\u00e5tte eg lage stoff p\u00e5 prestesaka i Valle i sendinga. Eg skreiv tidlegare at eg fann det vanskeleg \u00e5 skrive om den, det var ikkje lettare \u00e5 lage program om den. Men eg laut gjere det og valde \u00e5 snakke med forsvararen hans, advokat Sveinung S\u00f8ndervik Johnsen i den aktuelle timen. Johnsen fortalde &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/prestesaka-7991905\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Prestesaka<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7991905","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7991905"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7991905"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7991905\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7991905"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7991905"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7991905"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}