{"id":7985733,"date":"2010-02-10T23:20:43","date_gmt":"2010-02-10T23:20:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/02\/villreinens-rike-7985733\/"},"modified":"2010-02-10T23:20:43","modified_gmt":"2010-02-10T23:20:43","slug":"villreinens-rike-7985733","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/villreinens-rike-7985733\/","title":{"rendered":"Villreinens rike"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag 10. februar famna vidt i Valle Radio. Eg starta med eit intervju med John Jastrey, som er prosjektleiar for fylkesdelplan om heiane. Det er eit prosjekt som skal lage ein plan som er over kommuneplanane. Den skal femne om 18 kommunar og fem fylker, og villreinen er sentral i dette. Heile Valle, Bykle og Bygland kjem til \u00e5 vere omfatta av planen. Her er heimesida: http:\/\/www.heiplanen.no\/  Der heiter det:<\/p>\n<p><em>Milj\u00f8verndepartementet har i sitt bestillingsbrev 12. april 2007, vist til det nasjonale m\u00e5let om at det skal opprettes ni nasjonale villreinomr\u00e5der (fra Stortingsmelding nr. 26 (2006-2007) &#8220;Regjeringens milj\u00f8vernpolitikk og rikets milj\u00f8tilstand&#8221;)<\/p>\n<p>Bern konvensjonen forplikter. Vi skal redusere tapet av biologisk mangfold. Vi har eit internasjonalt ansvar i \u00e5 ta vare p\u00e5 villreinen. Vi har erkjent at dersom vi skal ta vare p\u00e5 villreinen, m\u00e5 det fokuseres p\u00e5 arealforvaltning og ikke bare p\u00e5 hvor stor eller liten stammen er &#8211; fra stamme til areal. <\/em><\/p>\n<p>Jastrey hadde m\u00f8te i Valle i g\u00e5r med om lag 30 tilh\u00f8yrarar. I kveld var han i Bygland. Grunnen er at dei gjennomf\u00f8rer ein runde no for \u00e5 presentere dette planarbeidet. Han starta m\u00e5ndag i Bykle og sluttar i \u00c5seral torsdagskvelden. Neste veke er det m\u00f8te i Sirdal, Bjerkreim, Gjesdal og Forsand. I l\u00f8pet av \u00e5ret skal planprogram bli vedteke. S\u00e5 skal ein utarbeide planen neste \u00e5r og vedta den i 2012. Deretter skal den innarbeidast i dei kommunale planane.<\/p>\n<p>Ikkje alle er s\u00e5 n\u00f8gde med dette og mange meiner at eit nytt planverk som kjem ovanfr\u00e5 ikkje er forankra i folk som bur i bygdene. Det har blitt ein del protestar p\u00e5 det villreinkartet som Villreinsenteret p\u00e5 Skinnarbu har utarbeidd. Lokale folk meiner dei har lagt alt for store omr\u00e5de inn i villreinomr\u00e5det og at ein ikkje har halde l\u00f8ftet om politisk handsaming f\u00f8r kartet vert lagt til grunn for sakshandsaming i milj\u00f8avdelingane rundt om i fylka.<\/p>\n<p>Om m\u00e5let er \u00e5 ta vare p\u00e5 villreinstamma, som er den s\u00f8rlegaste i Europa, m\u00e5 ein og ofre noko. Planen skal seie noko om kor ein kan ha turistanlegg og andre aktivitetar i kommunane og kor ein p\u00e5 grunn av villreinen m\u00e5 unng\u00e5 slike anlegg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdag 10. februar famna vidt i Valle Radio. Eg starta med eit intervju med John Jastrey, som er prosjektleiar for fylkesdelplan om heiane. Det er eit prosjekt som skal lage ein plan som er over kommuneplanane. Den skal femne om 18 kommunar og fem fylker, og villreinen er sentral i dette. Heile Valle, Bykle og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/villreinens-rike-7985733\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Villreinens rike<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7985733","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7985733"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7985733"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7985733\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7985733"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7985733"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7985733"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}